Frå gammalt av.
[5] Den første juvikingen dei veit å fortele om, var kommen sunnant, ifrå Sparbun eller Stoe eller kor det no var. Han heitte Per.
Han hadde vore gift, vart det sagt, og havt gar og grunn, og mor si hadde han med seg. Kva som hadde jaga han ut, det visste Vårherre. Han bygsla seg ein plass under Lines. – Ein dagen kom Lines'n og krevde han etter meir pliktarbeid enn dei var forlikte om. Per såg berre på han. Kom gjorde han ikkje. Utpå kvelden hinka gamle mora hans oppover til garen, vilde råke matmora sjøl. Veit du kva dem forteler borti garane? sa ho. Dei seier det, at rakkjin min skal ha gullbane ditt, – forlate meg synda seier dei så ja. På Lines hadde dei berre ei dotter. Dagen etter kom Lines'n og sa dem ut; han var grov i måle åt dem. Per vart med han oppetter, og i bjørkeholte straks nedanfor garen tok han på husbonden sin, han knegjekk han og han saumfór han så det var ei synd. Lines'n tagde og tok med, han var ikkje kleinare kar; han drog seg heim med blodvegen etter seg, Dei hadde eit herm etter Per [6] frå den gongen: «Æg tok borti'om urliti; æg va ikkj god-te anna.» Lines'n skikka kona si ned med bud, at ho Mærit kunde han få, når det stod til som det gjorde. Per sa nei takk, han skulde ikkje ha. Mærit sjøl var nedover, og kom gråtande att; men Per skipa skrape sitt i båten og rodde. Han var ingen husmanns-larv, vilde dei vita det!
Han slo seg ned i Juvika. Det hadde vore ein husmannsplass der ifrå gammalt, og den kjøpte han til eigandes rom av Ommunstrand-mannen, på det vise at han sette opp ny stue til han, hogg tømmere og drog det fram eine vinteren, og tømra den andre. Dei sa det mann for mann bygda bortgjenom, at dei hadde ikkje set folk arbeide før. I Juvika kom det og opp nye hus, og jorda folka seg til litt medkvart, av seg sjøl liksom.
Juvika ligg ytterst ute i fjorden, men ho ligg lognt til, imot aust og unna have og vere. Det var ingen som hadde vorte vâr det før, at ho låg der, og langt mindre at ho låg slik.
Ein vakker dag kom Mærit dit med guten, og ho vart verande. Du lyt vel slå deg for da, skal han ha sagt, du får ta romme etter ho mor, ho sturta her i fjor. Det hadde ingen hørt – når vart ho førd da? – Førd? Nei ho ligg nedi bakken her. Bedre jord å ligge i er her vandt om. – Gifta seg gjorde dei ikkje, men han og Mærit levde lenge og vel og fekk mange born. [7] Ingen gjekk dem for nær, og aldri la dei seg innpå nokon heller.
Eldste sonen tok garen, men elles veit dei lite om han. Dei var heime alle gutane, og rudde opp Juvika heilt frå haugane og ned til sjøen.
Ein av dei næste juvikingane heitte Anders. Dei heitte Per og Anders der mann om mann nedetter. Han vart heitande Bjønn-Anders. Bjønnen tok til og regjorde så, aust i Mofjella. Anders kom ditt med bila si, forteler dei, og sette til skogs. Det var i svartaste haustmørkre, og han la seg mo åleine attmed åte, – det var enda kua til ei plasskjerring, bjønnen hadde slege henne i myra. To nætter låg han der og bia. Tredje dagen kom han til bygds med bjønnhuda over aksla, og sea heitte han Bjønn-Anders. Dei vilde vita korles det gjekk, – for Anders var ein godslig ein å snakke til. Jau, sa Anders, og tok seg på tak: «Han kom, og så slo æg ihjel 'n.» Det vart ingen småting å få ta i bjønnøksa hans, når han sette henne ifrå seg i våbenhuse ved kirka. Dei var elles så sjeldsynte ved kirka, juvikingane; det var eit visst ord i bygda, at gudsord og finngann beit ikkje på dem.
Sonen til Bjønn-Anders heitte Stor-Per. Om han er det fortalt, at ein dagen han var i skogen, kjørte Ommundstrand-mannen seg ned på Finnstad-vatne. Per kjente det på seg og sprang dit. Han drog opp både mann og hest. For det fekk han dotra hans, og så mykje mark og [8] skog som han berre vilde gå seg ut; og juvikingane vilde helst ha mykje. Dei fortake det elles på kvar sitt vis. Ommundstrand-mannen fortalte det slik: «Det der va eit tak, Per. Vil du ha dotra mi, hell vil du ikkj?» Per lo når han hørte det: «A nei, æg mått' no døyp 'om både ein og to gong',før'n baka mjukt åt mæg.» Elles trudde folk det dei helst vilde: at Per hadde kjørt både hest og mann i hole; han var ingen juviking elles. – Men kor som er: juvikingane vart eit anna folk etter den dagen. Det vart halde slikt eit storbryllop at det var vondt om dem som ikkje vart med; for Ommundstrand-folke var skyld med dei likaste ættene på båe sider fjorden; og nye hus var det i Juvika, og fullt opp av alle slag, der var ei matmagt og ei velmagt som bad folk stane; det spurtes om herligheita både vidt og breit.
Og det spurtes etter juvikingane same kor dei fór. Dei var mange, og dei var kjempekarar mest alle saman. Dei heldt i hop som klungerkjerre. Staute karar å sjå til, men kor det no kom seg: dei vart mykje godt gåande ugifte, omframt den eldste, og han fór gjerne på lengda etter den han skulde ha. Helst tok han henne med magt og hard framferd; det gjekk mange segner om det.
Blå-Per var ein av dei siste av gammalkarane. Han seglde heilt sør til Trondheims-kantane etter kjerringemne. Ho skulde vera av stort folk, og med godom hadde han knapt fått henne. [9] Han var mest den einaste av dem som dreiv sjøen noko større; han seglde lande til endes, og handel og slikt fór han òg med. Han var ikkje den eldste, det var vel det. Men så døde broren, og Per fekk garen. Da vart han knipen og blå av seg, rettelig ein Blå-Per; han vart full og rik etterkvart. Om han forteler dei, at han stal både sildgarn og sild på fjorden, han tok det som flaut, vart det sagt, men på landjorda var han så ærlig som mann kunde bli. Da han vart gammal, tok han til og gar-fór frammed fjorden: Han bar heim det han hadde stole. Det vart ikkje fred å få – i nauste, sa han; og ditt skal vera ditt og ikkje mitt. Han vart ikkje halden for mindre mann etter den dag. For det var ingen som trudde han var mørkrædd; det var visst ikkje i nauste at ufreden var. Og tjuvbøra er tung, når ein skal bera ho attende. Javisst spøkte det i Juvika som andre stader, det var ikkje for trivelig å vera tenarar der alltid; men han Per og dei andre karane dei lest aldri som dei merka nokon ting; det var eit kaldt folk.
Sonen hans heitte Anders. Han fór meir stilt enn juvik-karane pla gjera. Han var likså gammal da han tok til, syntes folk, som faren da han slutta. Men det var ein mild og klok mann, og tunghendt i arbeide. Han gjekk opp merka millom Ommundstranda og Juvika, og sette opp valdskift – gar, så han eigna til seg heile halvøya tvert over og heilt ut, og sette ned ei [10] fjøld med husmenner. Brørne sine løyste han ut med store pengar, og dei fór ut til andre bygder.
Anders hadde berre ein son, og han heitte Per Anders. Det var den sprækaste karen av dem alle, og ein villstyring med han var ung. Det var han som tråssa finngann. Det fór ein gannfinn i garane, som heitte Nils Fykom. Folk var so rædd han, dei gav han det likaste dei visste. Han var innom i Juvika ein dagen, og der fekk han alt han tagg om, og meir til. Da han skulde gå, tok han i hop hendene og velsigna både folk og fe, fjøse og bure og heim og hamn. Per Anders stod og flirte. – Kann du ganne? sa han. Finnen vilde komma seg ut, men Per Anders steig i vegen: Kann du ganne, spør eg, ditt finnhelvet? Du skal svara når eg spør. He? Mora bad han både kjære og søte at han skulde halde fred, og tenarane drog seg unna, dei var både bleike og veike, for det skulde mindre til enn som så til han Nils Fykom før han gjorde ei ulukke på ein, dei kjente både ein og fleire som han hadde sprengt på flekken å kalle. – Du er ein ung mann, sa finnen blidt, men hugs-på ho er gammal ho som temmer. – No skal du ganne på meg, minders kjem du ikkje herifrå med helsa! Sett beinsøtta på meg, så eg styp! ta håre tå hue på meg, som du gjorde med Bjørlandskona – vil du lystre! Fram med gannposen din! og Per Anders reiv sekken ifrå finnen og tømte han. Dei snudde seg vekk alle mann; det fór kalde strålar igjenom [11] dem. Faren i huse stod still og fortenkt som han pla gjera, liksom det skilde ikkje han. Så tok Per Anders og bar ut både finnen og sekken hans, rista han som et plag ut i vinden. Men all maten hans tok han og gjekk med vest i plassane, for der var det støtt einkvan som svalt. – Da steig finnkallen opp på ein stor stein og las bannskap og illt etter Per Anders, så det brann blått ikring han. Håre reiste seg iskaldt på hovudet åt ein: Føtene skulde krøkast i hop under Per Anders, kjøte skulde rotne av beina på han, krøtera skulde sturte før dei skikkelig var tilkomne – tretten dags dag skulde garen brenne – a-i, a-i-a-i oh! Per Anders klappa seg bak, og gjekk. Plasskjerringane vart glade for maten, og Per Anders levde som han hadde gjordt. Det beit ikkje gann på han.
Per Anders møtte opp på dansen i bygda, same når det var, og langt utanom, og da vart det liv i stua. Det var støtt slik moro med han, enda han var noko frammand for dem, han fann på så mangt slag. Men ein fekk agte seg: det var ikkje langt etter juling.
Kona si henta han langt ovant lande. Han forsåg seg på ei gjente på marknaden, og dagen etter var han med henne heim og fortalte han vilde ha henne. Far hennar slo i borde til han, for det var ein av dei største kaksane der i bygda. Det hendar ikkje! sa han. Ja, men eg skulde så nødvendig ha havt henne, sa Per Anders. – Du? Din lusbonde utant sjøkanten! [12] Tenker du å fôre dotra mi med sursild?– Eg skulde så nødvendig ha havt henne. Og sei meg no ein ting: vil du ha peng eller juling? Per Anders slo pengeboka i borde, så dei hoppa alle som inne var, – det stod ei mjølkebunke på borde, og mjølkespruten stod heilt oppunder lofte. Slik hadde ingen slege i borde der i huse før, og ikkje med slik ei pengebok heller. – «Så val du komma da, Ane,» sa han, og ho puska på seg og kom. Men enda var ikkje juvikingen fornøgd. Sei meg, sa han: let du dotra di gå som ein tiggar ifrå heimen? Nei, det var no elles ikkje meininga, mannen hadde tenkt seg om, og leide ut to gilde kyr, og la fram både sølvty og anna arvegods. Ja ha, sa Per Anders, og no kan du ta og leie inn kyrne dine att, og gjømme skrape ditt, eg har meir enn nok heime. Og no tek du eit kristelig avskil med dotra di, du må pinade agte deg så eg ikkje tek og vanlagar kroppen din! Slik fortalte dei det gjekk for seg. Det vart ikkje så han reiste den dagen, og ikkje dagen etter heller; det vart slik stas med værsonen at det var store ting. Mannen gjekk og snakka om det all sin dag: Nei, han Per Anders, han som er gift med ho Ane vår, han har peng han. Nei, det borde her, det står mest ikkje sjøl; han kakka i det, han som er gift med ho Ane, det var nok. Gar? sa han. Å nei, han er liten den her, imot Juvika, der ho Ane vart gift.
Per Anders slo seg til ro etter den ferda. [13] Han sette opp nye hus i Juvika, – maken hadde ingen set: stu-lon med to høgder og med kjøken og anna rart, stallbygning for seg og fjøs for seg. Dei sa Ane vilde ha han til å rive ned Gammel-stu med det same, men der stoppa han. Skulde det brenne eingong, så meiner eg ho vart bra å finne, sa han. – Etterpå saug han seg på jorda, han braut opp siste snippen av rydningslande, og veita ut kvar ei dæld som var blaut. Han tok liksom for seg garen og gjorde han ferdig.
«Dem får det tålig, dem som ette mæg kjem,» sa han. Elles sa han ikkje stort. Han hadde tre sønner: Anders og Jens og Per, og tre døtre: Ane og Åsel og Beret. Anders døde ung.
Løssi Langnatt.
I.
[14] Lei skjønna ikkje dette, kvinnfolka: kva det var med kallen i dag? Han trødde ut og inn i dørene, og bort på haugen i einingen; han glømte å bera inn ved til dem, og glømte å grine for at dei ikkje tørka han skikkelig, her var reint husfred å kalle. Dei heldt auga med han både når han kom og når han gjekk, – for kanskje han visste eitkvart likevel? Det vart så det tyngde i huse etter kvart.
Det var det, at i går hadde dei lurt han til gagns, dei hadde snudd seg som dei vilde attom ryggen på han; han hadde vore i skogen all dagen, og dei hadde vore ute og gått. Det var slik med den tingen: Ein dagen her kom kona frå Ommundstranda settande hit og fortalte at dei hadde set brandsyn over Juvik-garen, dei hadde vore oppe midnattes tid og set etter ei ku, og da brann det klåre logen over haugane, beint opp frå Juvika; dei vart så rædde dei seig mest ihop, men så vekte dei mannen og så la dei på sprang hitetter, med kvar si vassbøtte. Men da dei kom opp i kleiva og såg [15] hitover, så låg Juvik-garen der i svartaste nattens fred, husa låg der midt i måneskine og visste ikkje orde av varme. Nei, og da skjønna dei det med ein gong: Det hadde vore brandsyn ! Slikt såg ein over Håberg, straks føre varmen var laus der, men der vart det no berre smia og eine bure som brann opp, når det bar til, for dei var ute i tide der, med sendingar både til «kjørkj og ålmoss», som dei kalla det for gammalt. Og over Skarsvågen, før det brann der, og over Vanvika og mangstads elles: og der dei ikkje gav seg meir om det, der brann det. Dei hadde liksom set det nokon kvar: I svartaste haustnatta, i månegule vinternatta – allting var audt og daudt, og midt over ulukkesgaren ein stor levande loge til himmels, det nivskaste ein kunde sjå. – Så var det at Ommundstrand-kona måtte hit og få i ho Ane på tomanns-hand, for han Per Anders vilde ho ikkje ut for; han var namngjeten for vantrua si, han, og gjorde aldri anna enn beit etter det som hadde hendt . – Så hadde dei vore i veg i går, kvinnfolka, vest i plassane med kvar-si bra korg, dei hadde bore vekk mat så det var store ting, og brennheldige hadde dei vore, kallen var i skogen han, og gutane med; dei hadde elles fare som dei skulde ha stole både korgja og kroppen, skoglendes og beinveges og i eitt rend. Men han Per Anders var ein fuling; han trudde ikkje på nokon ting, men allting visste han; han hadde det med det.
[16] Det var no elles tysing til ho Ane dette, tykte tausene, gu var det så, for ho var så blå av seg at det var grovt, aldri at ho såg seg råd til ein matbete åt ein fattig ein, ein laut vera glad ein fekk føda si der i garen den som til hørte.
Ane Juvika var ei lita tunn kone i 70-åra; ein liten spiss nase og eit par vaktande auga inni tørklæe, stort meir såg ein ikkje av henne; ho var litt blåfrosi av seg, så tausene meinte både det og eitkvart anna, når dei sa ho tok til og vart så blå og spurte om ho fraus. Nedreleppa skaut ho gjerne litt fram: dei måtte ikkje tru ho hadde git ifrå seg all magta i garen enno. Ho lest ikkje som ho ansa på kallen i dag. Det gjorde sonekona, ho Valborg. Ho var liksom den som kjente han Per Anders best i det siste, og hadde mest med han. Dei fortalte det var han som hadde henta henne til gars.
Valborg var berre ung enno, imillom 20 og 30, ho var stor og sterk, med eit breit, freknut andlet, rødlig i håre, og elles kvit i hy og hold; ho var litt tung i snuen, og fåmælt, men ein kunde sjå ho visste med seg sjøl, at her skulde ho vera.
Han veit det, sa ho til Beret, best dei stod bortmed grua; han hadde just vore inn ein snur.
Beret var yngste barne i huse, og ho var heime og ugift enno. Ho såg forskræmt på Valborg; ho var tunn som mora, og bleik og [17] blodlaus og lite glad, det var ikkje stort om henne. – Ja, berre han ikkje veit det, sa ho.
Og Per Anders han visste det. Han hadde hørt i røra på det, ein dagen han snakka med ein mann austant stranda, og i dag hadde han vore på bure; han var som kråka, kom det for han, han kunde tele til tre. Men det var ikkje det der som plaga han i dag. Det var gutungane. Dei skulde så endelig ro etter ved nordpå Skavstranda; og dei hadde set det rodde ein båt utover føre dem, ventelig ein vedtjuv bortant andre sida fjorden. Så det var eitkvart fark dei fór med. – Gutungane var dei to sønnene hans; dei var opp i tredveåra båe to.
Han stod berrhua utpå haugen i vestavindsstormen, håre var langt og kvitt og lufsa opp og ned i vinden, den eine droga etter den andre rennte imot han, men han stod som han var røta i berge, stor og akselbrei, litt framlutt av åra; han prøvde å sjå etter båt nordetter med lande, men auga var ikkje stort til lenger, det var berre så vidt han hadde gangsyna. Auga var det første som slo feil i Juvik-ætta, dei var for lysblåe av seg; elles var dei fullføre karar opp i 80-90-åra. Han retta på seg og gjekk inn. Anlete var mest ungt enno, rødlett og snauraka, og kvitt i holde som på ei unggjente; slik hadde dei vore mest alle mann her i garen; og det røde vart blått når dei låg på likstrå. Nasen var liten men kvass, og kvasse var auga med, dei prøvde å sjå tvert framgjenom alt som kom i vegen.
[18] Det var straks føre jul, men det var lé-vêr no, for brygging og bakster, som dei sa, og no skulde dei til, kvinnfolka, om det var ei veke for tidlig aldri så mykje. Dei fekk slutte med det gamle røle no, litt medkvart, for no skreiv dei 1800-tale for lenge sea.
Han gjekk inn i kjøkene. Juvika var einaste garen på lang lei som hadde kjøken, det var ein storveges ting å ha, det var som på sjølve prestgaren, og Per Anders gjekk gjerne dit.
No fekk dei gjera seg ein tur, sa han overlydt til kvinnfolka. Dei såg på han alle i hop, ifrå kvar sitt arbeide. Jau, dei fek det; vest i plassane ein vending; med urlite grand i posen til dem. Kom og bli med på bure Ane, sa han; og du òg, Valborg. Det gjekk auga imillom dem, men dei la stilt ifrå seg arbeide sitt og kom. – For her er mat meir enn nok, let han, sjå' her, her heng det 30 småfé-lemmer under åsane; og ein 5–6 digre skinker; og fullt med brød og allslags gudslån.
Ane kremta inni tørklæe, og Valborg vart kokande raud. For der var ikkje 30 no lenger. Han sa dem for kva dei skulde ta: det, og det, å, mykje meir enda! her går! og her – og her! legg ned, kjerring, både i korgja og i laupen. Og dei måtte legge ned, av all den gode maten, som hadde minka så ålvorlig før, den som Ane aldri rørte ved utan ho sukka. Dette var noko med det tyngste ho hadde gjort, [19] og husbonden stod over henne og lo innvendig, så ho torde ikkje sjå opp eingong.
Anders, eldste gutungen til Valborg, kom stubbande på bure. Han stod litt og såg på, og så sette han i: No igjen? Og så igår òg! Og kvar ein dag! Korleis går det no med maten din, farmor? Dei lest ikkje som dei hørte han; Per Anders slett ikkje.
I veg måtte dei, Ane og Valborg og ei av tausene, kallen var med dem eit langt stykke på veg. Og dei gjekk og dei bar, så syndelig, over haug og myr, ein kunde ha gråte visst ein ikkje måtte le. Valborg ho lo.
Per Anders lo han òg, da han gjekk heimover. Han retta seg så bein han kunde.
Slik skulde dei ha det, kvinnfolka. For ovtruiske det var dei, og utrue var dei, og banke dem nytta aldri det slag, dei var som gjeita slik. Per Anders tykte han hadde stått i denne striden all sin dag. Inga-ovtru! sa han gjerne; ikkje noko tøv åt meg; vi er da vaksne folk. Det hadde vore liksom han sømte imot straumen; det hadde vore liksom han stod i fossen. Men han stod da bein lel. Det var ingen som vart for det spøkte i Juvika no lenger. – Å, det var godt at folk skrubba av seg busta likevel, på sjæla, sa han med seg sjøl. Gutungane – noko til var dei ikkje, men dei fór da ikkje og trudde både på laust og liggande; dei var emna til karmenner i den vegen.
Per Anders trong å vita dette, slik som han [20] trong å vita seg rein på kroppen. For i det stykke var han òg litt bortanfor anna folk: han fór og lauga seg om sommaren, og var i badstua om vinteren. Han bles etter dem, nokon kvar: dei var kvinnfolk, dei var rædd vatne!
Men gutungane ja, han fekk sannelig sjå etter dem: kva dei fann på.
Jau, var det ikkje det han skjønna, at dei fór og jaga på vedtjuven. Slikt hadde dei moro av. Det var ein kall og ein gutunge i ein båt, og båten var lasta med stokkved, tykte han sjå; og gutungane heldt etter og ropte, no hørte han det, – kallkroken må lenger og lenger unna land, dei plagar han ut i stormen og båra så han held på og skal gaa full. Gutane truar og ler.
Per Anders ropar så det rønn i haugane. Dei hører det, men dei lystrar ikkje straks. – «Vi dokk læss-høyr!» syng han ut. Da dreg dei seg endelig til lands.
Da dei lendar, står han i fjøra og tek imot dem. Han står og tier med dei dreg båten frampå. – Enn å fara slik da, seier han. Som hunden, reint. No får det vera slutt med det i Juvika.
«He!» flirer Jens, den eldste av dem: «ein vedtjyv!»
«Æg ska hålede gi dæg vedtjyv æg!» og gamlingen høgg han i hårtenna og lingsar han innetter steinvorren. Og han murrar med seg sjøl, at enn om dei no naska seg ein vedpinne [21] slik straks føre jul? Han skulde snakke med tjuven, han!
Jens var ein stor og lang ein høljar til kar, høgre enn faren, og akselbrei, men noko tynnare; han hadde eit bleikt andlet og ein kald flir; han var ikkje stort lik dei andre av Juvik-folke. Han såg ut mest som han ikkje visste kva han skulde gjera med dette her – tålte han slikt av nokon? Han var 30 år, og vel så det, og desutan så var han den mannen, at slo han ikkje først så slo han straks etter. Men han gav seg i larkinga opp ifrå sjøen.
Gamlingen snur seg hardt til Per, den andre sonen: « Du mått da vel bruk vett lel, din fåni. Du som hi fått vett?»
Per tok til og lempa opp vedpinnane dei kom med. Det var tørgadd for det meste, til julved, og sjølve julkubben, ein stor diger feitfuru-stok. Per svara aldri, når faren var over han. Han var den som likna faren mest; men han såg litt veikare ut, både i åsyna og elles; han såg opp som snarast, og auga var milde og rolige.
Per Anders stod og såg på han ei stund, og så gjekk han oppover. – Berre gap og skøy, murra han, hadde vore så all sin dag med desse gutungane. Det var så bakvendt det dei fann på. Det stod ingen gust av det, det var berre smådevel og fattiglus. Anders … hadde han fått leva, det hadde vorte mann det.
Per og Anders ja, slik hadde det gått mann og mann nedgjenom tida. Men så vart det [22] Per Anders, og dermed var det gjort … tanken stod blank og berr imot kallen, best han gjekk. Ja ja, men han Per kunde det kanskje bli folk tå. Han hadde no skaffa han ei bra kjerring; ho Valborg var ei som var å halde seg til.
Per Anders var innom og fekk i seg dugurden, han venta ikkje dei andre i dag, det fekk vera som det kunde med bordskikken; han skulde bort. Kor han skulde? He! han måtte over fjorden ein vending. Han helgaklædde seg, han tok på seg den blå dyffelskofta si, og svart sidbukse, han batt eit stort, mangléta ullbinn kring halsen, og sette på seg ei ny sauskinns-huve med raudt fôr i; han hadde reidd henne sjøl, og han gjekk henne over og kjente på kor eiande mjuk ho var.
Per spurte nedi fjøra, kor han tenkte seg. Han skuva ut båten før han svara. «Ut og ro,» sa han. Og så la han til, hardt: «Æg val sjå kor det vart tå han dokk forjaga.» Han rodde sin veg.
Per smilte etter han. For når faren var på det føre, så var det aldri meir å snakke om. Da han kom opp i garen, og hørte at kvinnfolka var sendt på bygda, blistra han urlite grand, og Jens såg opp og lo: Der har du det!
Det hadde vorte meir og meir til det, at Per Anders vilde ha allting på sitt vis. Rettno bli'n for tungvint, sa Jens, vi ber'n ikkje lenger, snart. Per såg berre på han, mest som han ikkje hørte. – Men kvinnfolk, forlate meg synda, [23] hæ, hæ, hæ! Jens slo seg pa låre og lo. Per drog på smilen og tenkte.
Jens tok børsa og strauk på skogen. Det gjorde han støtt når faren var vekk. Per gav seg til og kjørte opp veden.
Det var stor skilnad på dei to brørne, i eitt og alt. Jens farka og slarka og gav seg lite om arbeide, og skulde han gjera noko, så gjorde han det på spreng. Det hadde elles sete i Juvikingane all tida, men dei hadde støtt arbeidd seg fram . Per tok det tålig, men han var flittig som mauren; han var altfor flittig, tykte faren; han visste ikkje kvifor han tykte slik.
II.
Det var grovt med sjø alt da Per Anders var mefjords, og nedmed andre lande vart han reint nask. Per Anders tok vegen beinast til Håbergplassane, og der fann han vedtjuven. Syndaren tenkte heller ikkje på å negte, for Per Anders kom på han just som han heldt på og bar opp farmen. Han vart langlet og mjo i knea, og kona som var med og bar, slepte strangen og vart blå ståande.
«Guds fre!» helsa Per Anders.
Dei svelgde meir enn dei svara. – Han vart stormen, sa Per Anders. Kona vann seg først til, og ho la seg frami som det stod om live: Ja, det var mest så han vart stormen ja, han var [24] såpass til ver no om dagen, at, og krigs-tider og ufredstider, og svartår og nødår å kalle både på sjø og land, ja det var sant. Ho trudde visst ho kunde snakke han bort i ein blå røyk.
Per Anders banka vatne utor skinnhuva si: Nei, det var berre det han vilde varsku dem om, at kom dei oftare borti Juvikmarka, så råkte dei han . Kunde dei så komma i hug det? Ja, for så kunde det vera det same for denne her gongen. Men mitt skal vera mitt og ikkje ditt, og stulder er stulder det, og tjuv er tjuv; om ein er aldri så trøng.
Per Anders retta seg bein og gjekk, og dei kom stilt etter han heilt op til lee.
«Enn å sjå så flat ut,» murra han inni seg. «He! Kom bortover ein godvérs-dag da, for fanken!» – han snudde seg brått til mannen, så han skvatt. «Så ska du få ved.»
Dei tok til og velsigna han, og han rømte så kvast han kunde. Han tok vegen opp til sjølve Håberg. «Tvi, tvi!» sa han, runda ryggen og seig på. Jau, det var så det: uår og svartår rundt omkring, og ufreds tider. Og folk dei var folk; dei vart forfælte straks.
Der tok han til og såg i Håberghusa. Stua voks fram unna haugen, det nytta liksom ikkje å stå og gjømme seg lenger, om ein var aldri så låg og svartgrå, for her kom han. Men at ho var så lita å sjå til da. Dette skulde fara med og vera storgars-hus. Lang og låg som ei gammal mær; og pipa stor og stygg på take, liksom ulukka [25] sat der og reid; ho braut heile huse salrygga, – det fekk kjenne han som reid!
Ja. Men den gongen han gifta ho Ane, eldste dotter si, hit, da tykte han det var eit maurvelt; og ho med. Javisst var Håberg største garen der ikring, og velstand, det feila ikkje det. Men der stod stua og skjemdest når han kom, som ei anna fattigmanns-stue; ho kunde ikkje negte for det, at det var litt av og til med heile stelle der i garn. Hadde så vore lenge; og no var det to år sea mannen døde.
Juvikgaren kom så uventande fram for han, med han gjekk her, han synte seg så stort og bert: stua var høg og brei, og vindauga såg blankt ut i vére, dei ottast ikkje for noko, dei kraup ikkje for nokon ein; og kvitmåla karmar og kvitmåla dør. Her var det eitt glas, og det var blindt, det var både brunt og grønt – der innom sat ein trygt, den som rædd var!
Per Anders stogga i farten, og retta på seg:
Ja, rædde, det var just tingen det. Sat og kraup i hop attom kvar si blindrute og lya etter skrømt og ufreskje straks det var avdaga. Og rædd eit nytt hus, ei ny kvitmåla dør; sat og vakta på han som våga seg til: om ikkje månen datt i hovude på han. Men så hjartans forhipne på å komma etter lel; ingen torde vera først, og ingen torde vera sist. Slik var sauene. Slik var kvinnfolka. Ja.
Per Anders heldt trufast ved det som var gammal skikk. Han la seg attanfor dei andre mang [26] ein god gong. Men rett som det var så rykte det og saug i han, at no klemte han i veg og gjorde det slik ; så fekk dei eitkvart å ha illt i seg for.
Men det var ho Ane han skulde råke i dag. Han hadde tenkt mykje på henne i det siste. Ho var så klok med ho var heime, ho hadde vore vaksi all sin dag; ho fortente det gjekk henne vel. Det var lenge sea han såg henne no. Han fløta på gonga, seig hardt i veg: det var grovt så lenge sea sist han snakka med henne.
Det var lite lyst inne på Håberg, og for han som kom utantil, var det gråe kvelden; han såg mest berre grua, der glørne låg og dorma under storgryta. Innan dørstokken var det berre jordgolv, reine dya, tykte han; og golvstubbane var gisne og svarte som stallgolve heime i Juvika. Der var det sletthøvla golv frå vegg til vegg, og lyst som dagen inne, og i kjøkene med, som i glupaste prestegaren; det var anna slag det!
Ane vart litt med seg, da ho såg kven det var; men ein kunde ikkje merke ho vart glad. Ho bad han leite ifrå døra, ho flytta fram ein stol til han, og han sat der og snakka litt hit og dit. Men auga hennar sat som på sylar, syntes han, og fingrane var så reint opprådde. Best som han sat, lo han og kasta nakken attover, slik han hadde for vane:
«Hi her vøri dåli varsel føri mæg, kanskji? Låg det to stikkå i kors utfor døra i mårest, he? Det ska du sjå! Heller va det kråka og ikkj sjura som spådd mæg te gårs?»
[27] Ane kom liksom fram utor tørklæe, han såg så vel kor illt ho vart med seg. Hm. Og i jøssu namn kor lik ho heldt på og vart mor si. – Ein skulde ikkje agte på slikt, sa ho. Berre ovtru.
Hm. Blåbleik og langnasa, og nasedrope og full greie; gjømte seg inni tørklæe og gjekk og tukla og tøla. Han visste det så vel her han sat: Oppe tidlig, og oppe seint, og fekk aldri nokon ting utor fingrane; her lugta det næringssorg og smågnag. Slik var det med ho Ane, no.
Praten gjekk. Gong for gong kom ho innpå grannane. Det var kleint folk; den gjorde det, og den det, dei var ikkje verande i lag med. Per Anders lea seg unna det, kremta hardare og hardare: grannane dei hyra vel, for seg, hm! bra folk. Men heime i Juvika der brygga dei og slakta dei, og stussa til jul, for sju segl og ein vind. Og slik tok dei det heile åre: Dei var dugelig med folk, og kilte pa så det stod etter, så pusta dei på og tenkte seg om, og så kjørte dei på att. Så det var frisk luft i garen. Dei hadde vore på Nærøy-marknaen med næver og bork i somar, og med smør ! Sauen hadde dei knapa av med, etter kvart – slik skulde ho og gjera: legge ut meir av kropp-slåtten til kuhamn, og så kyrne vårbære: så vart det smør å sele, og så vart det handpeng. Kvifor hadde ho berre ein gutunge til dreng?
Ane smått sautra og let ille: Drengen ho hadde her, han var så urimelig; sistpå vilde han ha 4 speisidaler åre, og enda støvlar og buksety [28] og det eine verre enn det andre. Nei, før han fekk eit par støvlar attåt om åre, før fekk han fara; og fór gjorde han.
Gæli, gæli, mumla Per Anders. Dei skulde drive litegrand; dei skulde røre i blode. Rå til børenskap du, og send han på fiskja svartaste vinteren; det er ikkje rart, men det dreg da inn . Og til slutt slo han det fast, med enden av knivskafte imot bordplata, – for han var alt ved borde da: «Det er bra nok det, å spara og spara, og slik bortett vegjen. Men: den som ikkj ét sæg mett, han sleikji sæg ikkj mett; huspå det, Ane!»
Maten var ikkje verst. Ja, det var no ingen Juvik-mat, men for det så. Men han likte seg kleint her. Ein sat som ein var nedlæst i kjellaren. Likevel åt han med ein liten smil oppunder auga: var ho blå, sa skulde ho ikkje bera fram godmat til han; han var huga på å eta henne forderva.
Ho tok til og tala på grannane att. Da reiste han seg og gjekk. Han fekk til å sjå heim.
Ho vart med han utom veggen. Der spurte han korles det vart med arven her? Når ho var barnlaus?
Barnlaus? sa ho, da det hadde vore litt. Hn! ho var no ikkje så barnlaus.
Dødfødt barn er inge barn, meinte han på å seie, men så let han det like snart vera usagt.
«Det levd no da det kom-te!» sa ho, og no var ho hardare i måle.
[29] «Nei veit æg?» Han vart opp i under. For det hadde dei sagt, alle som vita det skulde, at barne var dødfødt; det kom til straks etter at faren døde.
«Dem kan lyg med dem vil: Æg hord no det va liv ti det!»
Han vart ståande og sjå på henne. Hadde han lagt for tung ei bør på henne, den gongen han skikka henne hit? Det ranns for han, så det mest tok pusten ifrå han, kor lita og heimlaus ei veikje det var som flytta ifrå Juvika den gongen. Og no heldt ho til inni tørklæe der og var vill frammand for han.
«Ja, det sei æg det!» heldt ho fram. «Og det ska æg gjern gjera min saligheds ei på! – Å nei, san, dem ska no ikkj få jaga mæg som ei hondbikj ifrå gåren hell!»
Det vart ikkje så han sa noko. Han gav seg til å gå. Ho kom og vart med han nedover, for no hadde ho komme slik i gang, ho kunde ikkje tverstane.
Ho sa som ho hadde sagt, lét ho: at ho skulde gjera eiden sin på at barne var i live, og at det skreik; og da fekk dei vel gi seg! Des meir ho tenkte på det, des vissare vart ho.
Per Anders sukka ein totre gonger, og lea på hovude, det hørtes som han mumla nei, nei! med seg sjøl. Så retta han seg bein til henne:
«Eitt eno det å gjera ei. Eitt anna e det å bara'n med sæg!» Han var mest kvit i andlete.
Ane gjekk litt. Så kom det stilt og kaldt:
[30] «Før dem ska få meg ifrå gåren – –. For æg e ikkj mørkrædd, det veit du, far!»
«No ti du still. Det e så mykji du veit, det!»
Ho gjorde det. Og han gjekk så fort, at det var nauvt ho vart med han. Vinden piska i syne på dem, og kvasse snøkorn snerde og brennte frammed kinnbeina. Først nedpå korsvegen, der Nessavegen tek av, stana han. – Ho fekk leva så vel da. Og så visste ho vel kor heim var, stod det om. Ho skulde sjå til og drive seg meir, som sagt, så ho ikkje vart gåande og tvitenke på det same all tida. Og så skulde ho helst late dem få det som dei vilde ha det, dei som smålig og kleint folk var. Han sa det tett inn i andlete på henne: «Nei for, kjem ein i ska for å gjera rang ei – det e eit falig vanhaugg det. Det e respekterli ! Og farvel, Ane, og takk for mæg.»
Han hørte ikkje kva ho svara. Og så gjekk dei kvar sin veg.
«Det e respekterli,» mumla han, og såg stivt fram i vegen. Per Anders fór gjerne med eit og anna rart orde, som han heldt for gammalt og kraftig. – Nei, mørkrædd var ho ikkje, ho Ane; ho var hans barn i det. Men at det stod så gæli til med henne, det hadde han ikkje trudd da han fór hitover. He, he!
Han hadde gått seg sveitt, men enda fraus han. Han merka han heldt på og gjekk den store kroken om Nesse, – ein val sjå innom krambua [31] når ein er ute og fér. Han var innom og kjøpte ei stor honk med Bergens-kringle, og lommetørklæe sitt fullt med skånkavring; for han hadde eit makelaust lommetørklæ. Han vart beden inn på kantore og fekk stor skjenk av sjølseg-mannen, det hørte til når Juvikingen var over fjorden; men elles gav han dem ingen ans i dag, same kven det var.
Plassfolke kom etter han ned til sjøen, vilde hjelpe han ut med båten, men han kjørte han ut åleine midt framfor nasen på dem. Men da han stod i båten og stakk ifrå land, ropte han til dem:
«Kom dokk no bortover sjursmess-dan ja, så kund det hend det vart ein slagtar-batta.»
Så sette han seg i årane.
III.
Nordvesten hadde auka på. Han er aldri så nask som når han har fått laust snøkvistre, og no gjekk han med små sure elingar og sprengte. Sjøen var hølen og stygg, og Per Anders lura litt på han. Han burde kanskje halde båten på han, til han fekk livda av heimlande, for Juviklande går langt ut og nord. Men han gjorde ikkje det, han let han slenge sørover. Han fekk sjå sør i Vikan til ho Åsel, no med det same han var ute og fór.
Heile tida sea han kom ut på Håberg, hadde han havt Åsel i tankane. Det var same nøda som da han fór heimafrå og tenkte på Ane: det [32] var greinlig som ein svolt kom opp i han og saug; som ei søtt som la seg for bringa. Han måtte sjå henne. Ja, og her hadde han gotter til småkarane hennar. For der var det barn. Vårherre visste kor mange dei var no.
Åsel hadde gifta seg bort sjøl, til ein husmann å kalle; han kjøpte romme no nyst her. Det kom litt dått på med ho Åsel, ho vart nøydd til å gifte seg. Slikt var storgale den tida, og i Juvika hadde det ikkje hendt før. Men Per Anders sa ikkje større om det. «Kom dokk i hop da, for 'n Svartmeisk!» sa han berre. «Jaså ja», sa han til brurgommen, og gjekk han over; «det e dæg ho Åsel villa ha. Ja, ho ska'-tok no ikkj bygda!» Ho Åsel hadde vore ei gælspik all sin dag, berre flir og kåtheit kor ho fór, men eit eiande godt barn, og ein kost i arbeide. Mora vilde ikkje sjå henne meir, og faren hadde heller ikkje trødd ut dørene deira.
Stua i Vikan var ei husmanns-stue, det var ikkje ansles med det. Det var mest ikkje auga i henne, det var ei ikonn-boso. Men god å vera i, visst. Og slik var mannen, slik var han Mikkal sjøl: som ein ikonn. Ja, han hadde da elles auga, runde, blanke ikonn-auga, slik stod han framfor ein, som ikonnen på kvisten sin, nyfiken og lettliva, eit klokt lite dyr; ikonn-tenner hadde han visst òg, berre han vilde fram med dem. Nei, ho ska'-tok ikkje bygda ho Asel. – Men ein hardkjeft på sjøen ja å jøss, gang utu ljøsi fer mæg! Der vart dei for stutte, juvikingane, [33] og nokon kvar. Han hadde havt som eit auga med han når han kom kryssande heim utor være somtid – han vilde heller likne han med oteren. Tru han var heime i dag?
Det var han ikkje, han var på sildvåg. Åsel sat åleine heime med borna og så værmora, – og ho var gammal og til sengs. Åsel vart mest rædd med det same han kom. Trøste meg, er det ho mor som er klein no? sa ho. Han hadde knapt set Åsel ålvorsam før; det var utrulig med ålvor i henne. Nei men, er du feig da, far, at du kjem og ser åt oss? No kom smilen fram, kring auga og over alt andlete. Slik var det ho var, den tida dei hadde henne heime. Augelokka la seg dubbelt av berre skøy, og andlete det var rundt og godt som på barne, berre godlåta heile veikjungen. Han hadde ikkje auga ifrå henne, heile tida med han gjekk og sette seg og med han snakka ifrå seg det som til skulde.
«Nei dokk e no gullbostin dokk far, som kjem og sjer om oss! Det va eit kast det! sa mann', han kom åt gudsrikje.»
Og da kjente han kor ubergelig lenge det var sea ho flytta heimafrå. Kor tomt det vart millom veggene etter henne; ho hadde flytta hit med både låtten og live og heile seg.
Ho kom og synte han ungane sine: ho hadde 4 av dem alt, på 4 år; – «det går etter alnakkan her i huse,» sa ho. «Sjå på dem da – sjer du? Inge husmanns-onga just.»
[34] Han såg, han såg. Han såg kva ho meinte. Det var juvikungar dette, kvite og raudlette, og blå og sterke i ausyna; så nær som den mindste, det vart visst berre ikonn.
Ho snakka og fortalte. Nei, det var inga sak å klare seg her, ho farmor passa ungane, og ungane dei passa henne, og krøtera hadde dei ikkje fleire enn passlig av, 2 mjølkande kjyr forutan oksen og tombåsen. Og, sa ho stilt, – grannane var snilde. Stod det om, så var det alltid ei hands hjelp ferdig, med første orde; ho nemnte dem på namn for han. – Han vakna ved det, og sat og lya. Han smilte, sistpå: slik var ho .
Dei hadde det trivelig inne. Reint glas i vindauga, lyse vegger og drivkvit mur; golv heile vegen, og jarnomn breiddmed gruva; og loft over heile stua; og eit lite kammers for gammalbesta. Det var godt å sitte her. Han løyste opp kringlehonka, og opna panken, herregud, det var da til dem han hadde kjøpt det! Dei vart forfælte. Dei visste ikkje kva ende dei skulde ta til ifrå.
Åsel bar fram det ho hadde, det gjekk så kringt liksom ho var rædd han skulde rømme ifrå henne, – og Juvik-mat alt ihop! Det hadde stått her og venta på ein. Juvik-mat, det hadde ho ; det hadde ho pint i hop. Han snudde seg til gamla i kammerse: Når ein kunde gå så trygt midt i armodsdommen, da var ein verd ein fekk bytte han ifrå seg att.
[35] «Ja, gikta, nemn ikkj faliheita, ban!» Ho var for gammal, ho hørte ille.
Han sat og såg på Asel att. Ho sat og såg på han. Så kika han utgjenom glase:
Var her ikkje goveitr oppi fjelle?
Jøsses, ho dreiv på all natta og rulla ned stein, såg han ikkje steingaren her straks ovom husa? Dei lo båe, og den låtten styrkte han meir enn maten. – Forresten, sa ho, så er her eit nifst eit hol, med ufreskje og skrømt, det er sant det, far. Men dei er snille, la ho til.
«Men ho søster di, ho Ane, e ho raspanes gælin ho?»
«Ho?»
«Ho vil gjera rang ei. På det at bane levd da det kom te.»
Asel gråna smått i senn. – «Nei, veit æg?»
Han sat og såg ned millom kneene sine. Han hadde trudd så fast på ho Ane, sa han: ho følla ikkje i myra. Ubergelig som ein kan halde av slik ein liten gjentunge, ein som aldri ber seg for nokon ting; som skal klare alt i hop. Og no ligg ho der, stakars kroken. Ikkje det slag att av henne, utan næringssorga og ein rang eid. Han lea på hovude: Næringssorga er ei svart ei sorg; ho ét ein levandes opp. Og kva ein skal gjera med slikt, mein du? han såg opp.
«Enn om a mor –» Hja mein du det? Ja, for resten. Og – e urliti grand får vi no lit' på den ander mann.» Han sat og såg ned att, han fór så langt vekk ifrå [36] henne. – Det var vel slik, kanskje, mumla han, både i Juvika og ein annan stad, at når ein ikkje trudde på det eine, så trudde ein ikkje på nokon ting. Trur ein ikkje på løgn og vas, – er ein ikkje mørkrædd lenger, så fer ein lukt i veg og forsver seg åt Svarten sjøl. Nei, ho Ane var ikkje mørkrædd, ho var hans dotter slik. Men han såg opp i auga på Åsel: det bli ikkje ho som yngjer opp Juvikslegta.
«Ja, æg ska meir hell gjern reis bortet' og snakk med a; æg ska vel få a vakjin!» Åsel smilte ung og urædd: ho visste ho vart uthivd på Håberg, men ho skulde no dit lel, let ho; ho måtte no vel komma ned på føten' att.
Ho vart med nedtil stranda, med heile ungeflokken etter seg, tok i båten med han og sette ut. Gutungane song ohoi! attåt, og sleit så dei vart blå. Per Anders pusta lenge, før han fekk det til.
«Du val sjå heim i jula, Asel. – Ho mor di, mein du? Va det lekt. Ho venta dæg, ban.»
At ho ikkje kunde ha vore med han og rodd, sa ho. Og i natt var det ho Løssi Langnatt … «Det veit du! Ro? Pøtt san. Æg e eit krøter te å ro, ska æg fortel dæg. Og eit helvet med di, at æg bli alder klar!»
Det same sa han med seg sjøl, da han låg uti nordvesten og sleit. Snøkóve linda seg ikring han som tjukke fellar, det var å stinte seg frå [37] odd til odd lande frammed, slik at ein kunde ta borti det med årane. – Enno stod ho Asel og såg etter han, kom det for han; ho lo når det glufsa innover framskotten til han, men ho var rædd òg, såla. Det er ikkje roandes vêr det her, sa ho.
Sjødraugen, nemnte ho. Dei hadde hørt han borti fjorden her. Du kan da vetta det! sa han. Og ho lo med, så lystig og urædd ho berre kunde – det var ho som skulde ha vore i Juvika. Men i det same ropar det. Hau! seier det bortpå båra breiddmed han, mest så det svarar i berge. Og enda ein gong, og enno styggare. «Ein gong te, med hole e oppi!» seier Per Anders, han ler forundra. «Ska vi kappro? For æg e eit mærrakrøter te å ro.»
Det vart svarte natta, og aldri nådde han Juvika. Han la til land, låg og lurte på det, så hamla han attende, leita innpå alle dei viker der var, i snøkove og blinda. Det var frammandt land all stads. Og utpå fjorden ropar det gong for gong, han måtte flire: det fekk vera kva det vilde, men det var der verkelig.
Per Anders hadde aldri funne heim den natta, hadde det ikkje rive i snøkaven med storm: og da var han ved nordre Heimerodden og hadde Juvikvågen rett inn. No først merka han at han var utsliten og gjenomfrosen, han sat og hoppa på tofta, og auga dei var ikkje til noko meir. «Først vart æg no blind, og så mist æg syna,» sa han, for å lette på seg og vera den han var. [38] Og så snudde han seg utover fjorden: «Du val ha godnatt, ja, og takk for folgje, – æg vil heim æg.»
Han kraup inn i nauste og la seg. Det stod i ein røyk ute att, og berre skugghålka under; han kom ikkje lenger. Og i nauste var det bra å ligge, innpå brygga dei kalla. Han la garn under seg, og tok utferds-rya over seg, og segl og skinnklæa så han visste han var berga. Så kunde dei da få vita det, gutungane, at han var vaksen kar enno, og ikkje skuggrædd; om det var ho Løssi Langnatt aldri så mykje.
Det var ho Løssi Lagnatt. Ei natt som aldri tekk slutt. Da klagar kua seg på båsen, og sauen med; og folk sit med harehjarte oppi halsen, sit og hakkar tennene og bit i det: goveitra rullar stein oppi fjelle, småkallane spring og trampar kring veggene, det slamrar og det lét all stads; kven er det som vil gå på lemmen den natta, eller åt nauste? – å, gang utu ljøsi fer mæg! Dei herder ikkje høre på ei ulåt. Per Anders retta seg godt, sa i Jesu namn, som han gjorde kvar kveld, og så sov han. Nei, ikkje det heller, beint, men han var i dorminga.
Da stomlar det ute i nauste. Det datt ned eitkvart, berre så det skrall i veggene her han låg. Nauste og brygga stod vegg i vegg; der var dør imillom, men ho var stengt, elles hadde han gått ut og set etter. Da det leid om litt, luska det hund frammed veggen, med nasen i jorda. Per Anders kjente etter om han hadde slirkniven på seg, og så snudde han seg og [39] sovna ifrå skiten. I sømnen hørte han det kom nokon opp frå sjøen, reiv opp døra og stod still der, i mørkre. Vinden kom isande inn, gjorde han blå vaken. «Orka du å stå, så orka vel æg å liggji,» sa Per Anders, og han låg. No let det visst att døra, her vart lognt att. Per Anders breidde godt over seg, for han var frosten etter roren. Han sov ei god stund.
Men så stomlar det oppunder take, han set seg opp og hører på det, med handa på kniven.
«E det nokon!» ropar han. Da vart det drypstilt. Men så tuslar det og går att, trør over åsane og garnrærne, ein stor og tung ein kar. Per Anders spring opp, finn seg ei år, og slær ho imot åsen så ho fyk i filler: «Hald fre i nauste, det varsku æg dæg om! Din Tykji der du e!»
Da lo det oppi mørkre, urande stilt men djupt, liksom all natta lo. Og no visste han det: Dette var han Svartmeisk sjøl; sjølve Kallen. Per Anders var på veg til å gå ut, men det kunde han heller ikkje få seg til, – her var da vel rom for to? Dette var ein som var til ; det var verken draug hell anna ovtru; den mannen var det inga skam å fire for. Han sette seg. Han var ikkje lik seg lenger, han fraus så gudnådslig. Han las fadervåre, – det vart han nøydd til, enda det var stygt å trive til det no, det var som å bruke uverja når ein bli for veik. – Forresten så var dei her, alle gammalkarane frå Juvika, rundt ikring han. Så rædd var han ikkje. Han breidde godt over seg, og lest som han sov.
[40] Og natta gjekk. Eller: ho gjekk ikkje. Ho a seg for attmed ein, ho skulde ikkje lenger.
Han hørte kua på båsen, ho rauta og klaga seg: «Lang natt! Lang natt!» Og sauen og gjeita dei remja med hue under bogen: «Ho e lenger enn to!»
IV.
Oppi garen venta dei på kallen i sju lange og sju breie, og aldri han kom.
Dei vart litt dått med, kvinnfolka, da dei endelig kom seg heim eingong, og hørte han var borte. He? sa Ane, – har'n far din reist bort? Ja. Beret visste ikkje anna å seie om det. Ane spurte gutane, og dei visste heller ikkje noko meir. Dei andre slepte det utor tankane straks, – han kom vel heim att; men ho fekk det ikkje ifrå seg.
For han er no slik han Per Anders, gjekk ho og sa med seg sjøl. Aldri at han seier eit halvdrege ord. Til meg da. Men når han sett av slik, da likar han seg kleint.
Etterkvart som det tok til og skymdest, kom den eine etter den andre og slengte ifrå seg: Han vart lenge han far, meiner eg. Valhorg stana framfor Per og kviskra og var rædd: Kor det bli tå'n far din lel? Han må da vel komma snart? – Å, han leita vel til gars; det gjorde ho ikkje å illveltast for.
Dei sette seg til inne, alle saman, tendte lys og la på varmen. Stormen gjekk i tunge [41] tak over huse, han tura som fossen oppi muren, og snøen kviskra i eitt på glase, rædd og forvilla. Dei brukte ikkje luke for vindauga i Juvika, det trongs ikkje det, sa Per Anders.
Somtid gjorde Jens seg ein sving ut, og somtid Per; Jens kom inn att med ein liten kaldflir, Per kom i andre tankar, det var det og det han skulde ha gjort. Petter, yngste gutungen til Per, sovna som han pla gjera, men Anders, som var 6 år, heldt seg lenge utetter, han vart meir og meir fåen og langøygd, men han gav seg ikkje: «Æg val no bi på 'om farfar leil,» lét han, «æg val no vetta hut.» Han sa det enda etter han hadde somna. Mora tok og la han breiddmed broren borti senga. Ho og Per låg inne i stua, og gammalfolke i kammerse.
Ret som dei sat med arbeide sitt, lo Jens ein liten stubb, og såg rundt på dem:
Var det ikkje i natt dei hadde ho Løssi Langnatt?
Dei såg ikkje blidt på han, nokon. Dei hadde just sete og komme i hug det, og kva skulde det så vera til, å komma og fortele dem det? Ane kremta, og heldt bundingen sin fram i lyse, ho såg på Jens som snarast, og litt etter hørte dei ho sukka inni tørklæe sitt. Etterpå vart det stilt i stua, dei hørte kvelden drog vêre tett innpå veggen. Det stomla borti uthusa. Røyken kvefta og slo ned i muren. Utom nova stod det ein stega oppetter storbjørka, han riksa og remja opp og ned. Slik hadde dei stått og saga imot [42] ein annan i lang tid, men ingen hadde ansa på det før; det lo og let om seg av så vondt eit hjarte.
No reiste Per seg, retta litt på seg, Valborg stal seg til og såg opp på han, og han gjeispa og sa at no gjekk han ut og tok denne stegan, elles vart han ståande der og file all sin dag. Det var så illt å høra på, han kjente det alt ned i høverne, sa han, Det lettna utrulig i stua, da han sa det. Herregud, stegan kunde gjerne stå, han. Jens såg opp og haldflirte: Det er likast du tek han, Per.
Ikkje lenge etter tendte han lykta, blistra ein totre styng og gjekk ut. Dei trudde det var hestane han vilde sjå til, men han vart lenge ute.
Med dei sit og undres på kor det vart av han, hører dei stig utom gangdøra. Det kjem inn i gangen, det høres berre utydelig i vindsøyen, og dei slær ikkje stort etter det, for det var vel han Jens, kva han no fór med; – no går det på lofte. Først ser Valborg opp, og så den eine etter den andre, og Ane seier: Kjære, kor likt'n Per Anders det der var. – Men det er no visst berre han Jens lel, seier ei. – Eg hører ikkje det slag eg, sa Per. Men så reiser han seg og går på lofte. Dei sit og får fuglehud over all sin kropp; for han finn ingen på lofte, det veit dei kvar for seg. Han kjem ned att i andre tankar, har glømt kva han gjekk etter, så går han ut i kjøkene og drikk seg ein vass-skvett. Tull! seier han; da han kjem inn.
[43] Kvar og ein tok til med sitt att; for dei hadde det annt om, no i førejuls-sjauen, det var jultråd og det var mangt anna dei skulde ha til.
Jens kjem inn og set ifrå seg lygta. Han er snøut og må ut og banke av seg. Han far bli no verandes på den andre sida fjorden i natt da, seier han lognt.
Hm, ja, seier dei andre. Det gjorde så godt at ein sa noko no. Ingen gjekk og la seg.
I midnattsleite gjekk Per ut. No fekk han sjå ned til sjøen ein vending. Men han såg mest ikkje handa framfor seg, det var som ein gjekk beint imot veggen, – det var slik ein diger kave. Heimover tok han sprange, for det var hundkaldt, og han var snauklædd. Sistpå rennte han alt han vann. Da han kom inn, gjekk kvinnfolka og la seg, ei om senn. Ane sist.
«Sjå nedåt sjøen igjen, guta, fern-enn dokk legg dokk,» bad ho. – «Ånei, for resten, det kan no – »
Jens og Per sat oppe lenge enno. Ingen skulde sitte oppe i natt, men derfor skulde her just sittast. Ein sat no på sin eigen vågnad, sa Per. Eller på sin eigen ende, murra Jens. Han tok fram ei halvferdig treskjei utor kassen han sat på, og gav seg til å skjera henne ut; – han blunka enda litt til Per, at javisst skulde det vera til ei gjente ja. Han var brennhag med kniven, som ein egte juviking. Når han berre vilde. Per gjorde ein stuttføtt og stødig trehest til smågutane.
[44] Men dei laut gi seg. For natta ho gav seg ikkje. Det var som dei skulde springe i sømnen, det bar ingen veg. Kua syta og tauta frå fjøse, og båra klask nedmed stranda, det vart ingen ende på det. Dei reiste seg samstundes, tok på seg trøyene og gjekk.
Dei går og tier.
Det har rive i vêre for ålvor no, himmelen syner bert andlet, og det er villt og frammandt for dem, eit nattandlet; det lyser over det ein staden ifrå, utrivelig, men ikkje er det måne og ikkje stjerner.
Jens tek til og lear på seg, og snur seg til Per: Ein skulde no vel aldri tru at kallen hadde fare nokorles? For han er no slik ein egenpose, han skal aldri sjå i vêre.
Per tagde ei stund. – Du er no lik deg sjøl du, støtt.
Jens hånflirte: «Nei, enn du, mein du? Tvi fan, det lukta kristenmenniskj tå dæg! Det lukta skikkelig folk!»
Å, meinte Per, dei berga seg no vel for det, båe to. Men kanskje det var sant som faren sa, at dei var litevore vaksne enda?
«Veit du det, Per: Du by mæg imot, somtid. Både du og han far. Tvi! sa fan, han åt bust.»
«No ti du med dæg!» Per sa det så hardt at det gav ein liten søkk i Jens. Og så la han til: «Lat oss no sei det slik no da, at enten han far kjem te rettes meir hell ikkj, så får det vara [45] slutt med tullfaktin vår herette. For du veit no det, det kund trøngs snart.»
«Øh! Du e ferdig no, høyri æg. Gift og ferdig, som ein annan stakar,» – Jens snudde seg ifrå han.
Det var første gongen Per tok blade ifrå munnen til broren, det hadde aldri vorte med han før, og i grunnen var det første gongen han sa noko større. Det vart no heller ikkje det han hadde tenkt å seie. Det hørtes mest som han var på gråten, slik gjekk det innpå han. For det hadde aldri vore eit vondt ord i millom dem, så ulike dei var.
Des lenger dei gjekk, des tyngre fall det for Per. Han vart veikare og veikare til å ta imot støyten; og rettno kom han, for Jens gjekk og tagde så rart. Han kremta, og så sa han det lett og sorglaust som eit barn:
«Hm-hm, san, no veit æg det: Æg reisi min veig. Den-her gongjen gjer æg alvår tå di. Så bli vi fri kvartanna. Hm-hm, san, no veit æg det!» – han gjekk og knippa med fingrane.
Han smilte vondt ut i vinden. Han visste så alt for vel, at no hadde han tukta'n Per fór ei lang tid. Kvar gong før, når faren hadde vore i hårtenna på han, og han tok til og snakka i at no for han sin veg, så var det Per som heldt att. Han sa ikkje stort, men han hang som ein tom sekk og sørga breiddmed han, kor han stod og gjekk. Og han kunde ikkje berge seg, han måtte ut med det: – «Du e ein kjempekar, [46] du Per. Men ein stor skit te kar: du søkk i hop straks ein stikk hol på dæg. Jaså ja. Du ska te å vara gromgut for alvor no. Inkvart te gromheit ja. Det e for resten det einast du høvi te; det ska vera dæg vel misunnt.»
Jens hadde våga seg for langt. Per skalv litt kring munnen enno, men elles hadde han fastna til og var langt ovanom den andre, som ein vaksen ein:
«Det var gjern ikkje det verst du gjord, om du tok og reist din veig. Når du ikkj gror fast her heim, kor som e.»
«Å nei, æg agta mæg no for det. Huff gut!» Han spennte til så isklumpen spratt lang veg.
Båten stod oppdregen ved naustdøra; og nøkkelen sat i på innresida. Dei banka i veggen og ropte far, og om ei stund kom han stavrande og let opp.
Hadde han lagt seg for her!
Her ja! her var det da vel bra nok? Det var da vel bedre enn å slå seg forderva på skugghålka, han hadde sove rettelig bra!
Han kom og vart med dem oppover. Men han snåva og skingla, så Per måtte ta og stø han. Det lo han til: det var da sørgelig kor gammal ein vart når ein vart gammal – nei he! kor frosen ein vart når ein vart gjenomfrosen – he! Det vart berre ball for han, alt han sa, og fraus gjorde han så kjakane hakka og togg, men han snakka villig vekk med dei stikla seg heimover. Og alt imillom retta han på seg og drog [47] det langt og klagande fram: A, det er respekterlig! Oppved stueveggen stana han og såg vestover myr og haug, til plassane:
«I natt er dem forfæld, folk. I natt smyg dem pund' fellen! Og så e det ein langt annan ein som – som skremi dem. Og han, han e rundt omkring oss. Han hi dem stanga tå seg honna på, gammelkaran her i gårn. Det bers mæg slik for. Han far, og 'n farfar – her va mang ein kall kar her, san. Dem gjord som ein brei veig med vantru ette sæg – gang utu ljøsi fer mæg! Men han , han vart dem visst for dryg. He he, æg våga på dem murra når dem drog sæg unna. Å men det var folk som gjord' veig ette sæg i mørkri det. Ein annan ein bli berre – »
Dei fekk han endelig inn, og han la seg rund. Han fraus så heile senga dilra. Ane stod opp og vermte eit åklæ som ho snara han inn i; Per hadde fått av han trøia og støvlane.
«Å takk, takk!» låg han og sa, og det var sjeldne ord av han. – «Det vart ei lang natt, Ane.»
Ane la seg ikkje, ho heldt seg oppe og la på varmen.
Bukken remjar.
[48] Dagen etter krak Per Anders seg opp, da det leid utpå, men det var ikkje stort om han. Han var i veg og såg etter gutungane alt i eitt, stod blåfrossen og berrhua og lét ille over dem: hadde dei alt slutta treskinga føre jul? I Juvika skulde sloddo gå til Tåmmåsmess-dagen, det visste dei vel? Svelt ikkje husmennene, sa han, men hald dem varme. – I morgo eller i overmorgo tek vi grisene, så mykje de veit det, det er ein tullskikk å drye lenger. Og alt i eitt spurte han, om dei kom i hug hestane med vatn? Så kraup han inn, gammal og skruslen; attanfrå var han reint bortkommen å sjå til.
No trur eg mest han far har vore borti busta på meg for siste gongen, sa Jens etter han.
Per smilte og var einig, han var villig slik i dag. Berre godbarne, som Jens sa.
Per Anders gjekk og sette seg attmed Ane, ho sat og kjeptest med handarbeide sitt. – Du skal ikkje vera lei for det, Ane, sa han endelig. For det at du måtte i veg to gonger vest i plassane. Du har no ikkje bore deg forderva i di [49] tid, Ane, med velgjerd. Javisst, det veit eg: Dei skulde heller ha bank enn mat. Det skulde lathundane støtt ha. Men eg veit ikkje eg. Det gjer så godt i kroppen; for ein sjøl, meiner eg. Når ein bli gammal og blodlaus innvendes – du tek til og bli eldre du og no, Ane. Før, sa han, og såg i ein smil framfor seg, – før var det eg som var eldst av oss to. Så kom han i andre tankar: He he! brandsyn! Kva er no det for eit udyr?
Ane såg fram unna tørklæe: No var det jamenn sistpå med han; tida ho gjekk så merkelig.
«Men sjå: eitkvart ska vel ein stakkar tru på,» sa han, og så gjekk han.
Han kom etter henne borti fjøsporten om kvelden, ho var der og stelte med dyra som stod på gjø-sti. Han kjente over nakken på storveren fleire gonger: «Kjenn her, Ane, ska du kjenn. Rettno e'n takanes.» Han gav seg ikkje, før ho kjente etter. «Ja, ka du mein, Ane?» – «A jau.» – «Ja, bli det ikkj ein gasta gravølsver? Æg kund ikkj ønsk mæg 'n likar.»
«Slikt snakk!» bles Ane og tok etter fjøsdøra, og så stultra dei av inn. Ho såg det var armelig han gjekk. Han merka det på seg, og murra: Fothyre no for tida, det er noko skrap. Berre hælane. Nei: «Låg hela og grop trå,» sa'n Gammel-Per Juvika, og det var eit ord !
I det same datt han på hålka og vart sittande. – Du ler vel no og du? tenkte han og såg på henne.
[50] Ane Juvika lo aldri, utan når einkvan datt, men da lo ho for alle gongene. Ho lo så ho vart blå, og tykte ho gjorde ei stor synd. Per Anders kom seg på føtene att. Ho vilde hjelpe han, men han rista henne av seg. Det var første gongen han tok seg nær av at ho lo til han.
I kveldinga leitar han opp Per, han er oppå lofte og snekrar på ei ny seng. Per Anders set seg på høvelbenken hos han, midt i vegen for han. Han ser oppunder åsane, der det ligg ein haug med bord og anna gagnstre. Han kremtar.
«Skuld det no gang slik, Per, at æg fell ifrå snart, – men sjå, det gjer æg no vel ikkj –, så e no det der borda te kista mi. Huspå det.» Han pekte på dem, det var tjukke furubord. «For æg vil ha bord som held ut urliti. Æg va ein tosk, som lånt bort kista mi – det e kleint når ein ska lit på de ander te å gjera kist åt sæg. Men du e no ikkj verr trehendt, du bøkla a no allti te. Gjera a sterk, Per!»
Han snakkar litt hit og dit, og så sig han ned av benken og ut. Snur seg bortved døra, det er eitkvart han skulde seie, men så kjem han ikkje på kva det var.
Han sat på senggavlen om kvelden og såg på Per; det vara ei god stund. Han pusta tungt, og andlete var opprådd og fattigslig; det såg ut som han snakka med seg sjøl. Så kraup han av og la seg. Per tyktest høre at han mumla eitvart om Jens.
Dei la seg tidlig alle saman den kvelden, [51] for dei var trøytte etter førnatta, og desutan skulde gutane opp tidlig og fara til kverna. Heimekverna hadde dei male forderva her i haust, – det var no det første som slo feil i Juvika, sa Per Anders –, og no maatte dei heilt opp i sunde til Bjørland med mølnaden.
Jens hadde gått åt stallen til hestane, og Per vart sittande på senggavlen og lye: kom han ikkje inn meir? Per klædde ikkje av seg, og om ei stund var han ute i kjøkene og drakk, og da gjorde han seg ein sving bort i stallen. Hestane hadde snart ete opp maten sin, og Jens han var borte. No i kveld att… mumla Per, og så gjekk han inn.
Det var stjerneblankt og stilt, litt kaldkjøle frå aust; det var kvitt og fint myrane innover. Skogen bukta seg som sorgsame band frammed liane.
Valborg låg vaki, men ho lest som ho sov. Ho visste kva det var; og desutan så var ho ikkje vant til å gå innpå Per. Ho var så lite kjent med han. Serlig når det var om broren, tagde han berre til henne. Men no sa han det, best han stod der borti mørkre attmed omnen:
«Enn 'n sett av borti plassan i natt igjen da!»
Å, det var no ikkje så visst det, drog ho på det.
Å jau, det var visst nok, tykte han. Og best han stod, støytte han fram millom tennene:
«Førkj! Førkj! – – Du skuld pinade ha hy , gut!»
[52] Han var inn i kammerse og hørte etter kor det var med faren, eit par vendingar.
Kallen sov stutt og strevsamt, harkla og snudde seg i einingen; låg og bala og skulde seie noko.
Skulde han ikkje legge seg? våga Valborg seg fram med.
A jau, det skulde han vel. Berre legg deg og sova du, formana han.
Da han hørte ho sov, la han seg med klæane på, oppå fellen breiddmed henne. Han sov ikkje. Veggklokka stod der og gjekk borti skape sitt, eit stig hit, eit stig dit, og kallen han bala med and-dråtten uti kammerse. Ein ting fekk Per aldri greie på, og det var om mora sov. Ja, og aldri på, kva ho visste og ikkje visste.
Det var mykje over midnatt, da han endelig hørte Jens i ytterdøra, – han stal henne opp så stilt, og var inn i gangen. Da var Per der òg; det gjekk likså stilt.
Brørne kjente kvarandre i mørkre; dei stod midt imot einannan, liksom dei heldt einannan fast med auga. Per let att døra vel attom seg. Han merka liksom at Jens hånsmilte ikkje no.
«Kor du held te henn du, mein du?» sa han lågt.
Det kom inge svar.
«Eig du slettes ikkje skam da?»
«Det skjel dæg ikkj.»
«Å jau, Jens; det gjer det rett. Det veit du.»
[53] Jens tagde att, vilde komma seg opp troppa. Per steig i vegen for han:
«De e så mykje du veit det, Jens, at kjem du draganes te gårs med ei utu plassan – – så ska ikkj æg bli gammel i Juvika ikkj.»
Han såg for seg korles Jens stod: Liksom ein kvist hadde slege han over munnen. For det der hadde han minst venta.
«Nei – nei,» sa Jens. «Men forresten da så – e det no ingen fara fer di, just.»
«Tvi han vori!» sa Per. Han steig attende og inn.
«Ja, spøtt du, så går det over,» sa Jens, han stillte seg på lofte.
«Ja visst e det gæli at'n fer slik,» sa Valborg, ho var så glad ho visste knapt kva ho sa.
«Å. Han Jens – ska du ikkj vør og gruv for. Han retta sæg vel bein igjen. Han veit ka'n gjer. Han e ikkje følla i går, han san. Når'n berre vil.»
Valborg merka kor han skalv, da han endelig kom og la seg.
Jens retta på seg i senga si, og gjeispa: «I morrå e det guds goe vêre igjen, for det her!»
II.
Det var det òg. Blank himmel og blank fiord, og Juvik-gutane rodde til kvenna.
Jens var slik han pla vera, han likte seg når han kom heimafrå. Han sat og blistra eller song, [54] og av og til hermte han etter den eller den borti garane. Han kjente alt folk i bygda, og for kvart romme dei rodde framom, var der ein han kunde litt om. I millom sprengrodde han, og han var ein hest i årane.
Per sa ikkje noko. Han kunde bli arg på Jens rett som det var; men han trivdes aldri utan dei var i lag. Han var glad at ikkje Jens kom meir i hug det han sa i gårkveld. For det var det han brydde seg minst om, at han skulde bli nøydd til å flytte frå Juvika; eller at Jens gjorde det. Åretaka dei gnaura og song på det: «Berre han ikkj fér. Berre han ikkj fér.»
Og best det var, sa Jens det, beinast utor bringa på han sjøl:
«Kvar for sæg, Per, e vi to krypsyla te kara. Når vi e i lag, e vi to karmenner, rettelig; både i godt og i ondt!»
Per svara ikkje, men Jens tykte han la ein ny tott i roren; rettno bar dei båten på årane.
Men Per var ikkje så glad, just. Han kjente på noko. Noko nytt og merkelig: «Den ældste skal tjene den yngste.» Eller: Han såg det så bert for seg, det han skulde ha gjort. For kven var det som skulde styre, om det ikkje var han? Men Jens var ein underlig bror å ha.
«No ha æg tak i det. Og no fór det,» – han sa det før han sansa seg.
Jens vilde vita kva det var. Det var ingenting, å kalle. Men eg sit og tenker litt, somtid. – Ja, det skal ein vente! sa Jens. – Eg hører så [55] tydelig kva dei seier til meg. Men det er ikkje så beint. – Og så krokut som vi ror! sa Jens. Sea tagde han, og da var det slett ikkje å få tak på han.
– – – Det var fullt ved kvenna, så der vart dei gåande både lenge og litt til, og bie, og Juvik-båten var dryg å mala utor, han fór ikkje og rangla med tomsliren, vart det sagt. Da dei var i heimvegen, trefte dei sudvesten, ein heil hamping, og så måtte dei snu, for mjølfarmen er ikkje å søke fjorden med i stormen. «Og hus-på det e ubrukt ver det her,» sa Jens, «han kan komma te å bli langstø.» Dei vart fort einig om det, og så gjekk dei på bua og kjøpte seg ein halvpæl kvar, – ein kunde likså godt springe i det som krype i det, sa dei. Det var fleire som kjøpte seg ein halvpæl; og eiande godt slag var det, så det vart til det at dei drakk seg utørst. Jens visste ikkje av før han var forarga, han flirte men han slo, – det same gjorde dei andre òg, og dermed saud det over for han, det fekk dei late vera! han slo dem over ende mann for mann. Han gjekk for Juvik-Bjønnen, og hadde han orde, så vilde han òg ha gagne. Denne gongen hadde dei visst moldgjort han lel, dei var for mange om han, men så tok sinne Per òg, han vart blå i andlete, treiv øksa og kom leggande. Da var det liksom ein god ein gjekk imillom: Han strauk av dem både fullskapen og den andre farligheita, det fortalte dei sjøl sea, – for kor skal ein henn imot øksa og [56] ein drykkjen varg? – Det vart så Per og Jens drakk enno ein halvpæl, og så grov dei seg ned i høye ein stad og sov.
Da dei vakna hadde han spaktes med vinden; det var om kvelden, og Juvik-karane tok og rodde heim. For det var visst jula rettno, kom det for dem.
Mørkre kom og la seg millom fjella. Sjøen vart svart og blank. Ein underlig still kveld, åretaka ropa imot berge og fekk svar; fjelle stod svart i vêre over dem. Det var millom nytt og kvarterskifte, og månen var kvit og tynn, han skjein berre over fjelltoppane på nordsida, eit gulkvitt lysskimmer, det var som han skjein på ein kirkegar. Dei rodde og rodde. Dei hadde ingen ting å snakke om, og det er ein tung ein å ha i båten somtid. – Gar og plass rodde dei om, dei låg frammed stranda og var utdød. Ein og annan staden bar månen lys på, eit grått bergandlet, eit par rædde grå hus, dei hadde vakna opp til slik frammand ein dag; så vart det snøflekker og svart fjell att.
Det vart natta. Aldri hadde dei rodd slik på botnen av natta før. Da sette det i og gol oppi fjelle, sjølve marka opna seg og sa hu!
«Stunn-ulen!» sa Jens.
Per kvikna til, for det var friskt at endelig ein sa eitkvart, og så sette han handa for munnen og svara: Hu-uh! så det rønn i berge. Han var ein meister til å herme etter stunn-ulen, [57] hadde lokka han heilt fram til husa heime eingong med det, og no kom han straks lenger fram på fjellbruna og svara. Det gjekk lystig for seg ei tid, dei rodde og hua, og han etter og bles. Men dei vart snart litt kalde i klæane, for no var han tett over dem, dei såg han ikkje, men han song større og villare enn dei visste fugl kunde ha røst for. Dei svara på tråss, –vi skal pinede lære deg å synge ut lik, vi! ropte Jens, og ein kunde høre han var ulik seg i måle.
Da kom han og sette seg på mastertoppen åt dem. Eit stort svart flak kom nedgjenom lufta, utan ein lyd, som hamen av ein dau ein; eit stort hovud, og kveldskingle-venger.
«Hau!» song det utor gape på han, dei hørte kor stort og stygt det gape var.
«Det dér – e ingen faugl det,» sa Per, han sputta rolig.
«Dra dæg te helvetes, der du kom ifrå!» skreik Jens og rista i riggen.
Svarten breidde ut vengene, men han vart sittande. Han var enda utriveligare no han tagde.
Jens tok åra og stanga til vêrs. Det nytta ikkje. No hua han att, med folkemål ! Per kunde ikkje late vera, han svara. Da kaldflirte han over dem, det var som du skulde høre på eit tullmenneske som den vonde har fare i.
Og no svara det oppmillom haugane, det er oppi Svarthammaren heime, det flirer langt og lystig, det er så det kan dra bust utor ryggen [58] på ein. Han på mastertoppen lettar på seg og fer dit – no er dei to i båten og to oppi berge! Og no ropar det, just med dei sit og ventar på det: Per og Jens ! ropar det, Per og Jens !
Karane tagde og rodde. Dei bind båten til ein stein i støa heime, hiver dreggen utfor bakskotten, og går sin veg.
Men så snur Jens seg og riv i ein blank eid, at dette gjer dei ikkje nei, mølnaden skal opp om han så skal ta han åleine. – Eg tenkte det same eg, sa Per. Dei gjorde det på det vise, at Jens stod i sjøen med toppa langstøvlar og langa sekk for sekk i nevane på Per, og Per lingsa dem opp til naustveggen, det gjekk som det skulde vera agner i dem. Men når dei no først er i sige, tek dei like snart og ber mølnaden opp i nauste, og så set dei opp båten.
Dei var heilt ut rolige no, tok matlaupen og mjølkespanne og gjekk.
«Det va no vel han som Skarsvåg-karan va utsett for her ein åre, det der,» sa Jens, – han var i grunnen likeglad med kven det var, men han stana og lya austover.
«Den som berre visst – – ka slikt vil ein,» mumla Per. «Men forresten så: Bli æg tøst, så drikk æg, og bli æg sint, så sier æg, æg spør ikkj nokon om det!» – han kjente seg brennheit, og gjekk. «For den som vil mæg noko godt, han val snakk som folk åt mæg.» Skarsvåg-karane ja, dei vart skræmt og kurert; men det [59] vart no ikkje anna enn to smått og eitt lite med dem for det, der var ikkje liv i dem.
Men kva var no det der? Det går ein føre dem oppover vegen, ein liten gammal og rundrygga mann, han er skruslen og stølføtt, men han går ifrå dem, bli borte i halvmørkre oppi bakken.
«Hm-hm!» sa Per. «Ska det barast te slik.»
«Da lid det vel te kvelds med 'om far snart,» sa Jens. For det der, det vilde ikkje dem til livs.
Dei langar på og går.
Men Per Anders sov i kammerse, litt kring i anddråtten, og urolig, men elles var han bra å sjå til.
«I morrå e'n på føten igjen,» sa Jens; han steig ut att med eit lett hjarte.
Per kom etter. Når eg berre visste kva han vilde meg; denne fuglen, tenkte han; for ein fugl var det og ingen annan ting, men kunde han ikkje halde seg heime?
III.
Per Anders kom ikkje opp dagen etter. Dei såg det snart, kva veg det vilde.
Jens og Per lest som dei ikkje merka det. Vart dei toeina, tok Jens til og gjorde nar av det som hendte om natta: Det hadde ikkje hendt, ikkje det grand, det var klåre løgna oppi mastertoppen, – i høgda ein forvilla stunn-ul! – Ja? sa Per; for han hadde heller ikkje halde det [60] for noko meir. Men Jens smilte, der han gjekk: Per skulde no ikkje narre han. Han kom over han gong for gong, at han stod og grunda. No står han der liksom han har fått skinnhuva nedover auga, han ser ikkje det kol anna enn svarte mørkre; og det der må han vel ha botn i! Eg er jamen eit lukkelig menneske eg! Det same sa han til Per, han kom opp i smia til han: Eg er ein heldig mann eg, Per! – hån sette knuvane hardt i benken. – Ja? Per såg opp. Han hadde aldri tvila på det. Men den, som ikkje veit enten han skal att hell fram, sa han ned over arbeide sitt. Hører det snakkar til ein, og så ikkje hører eit ord. – Jens var ute alt.
Da Per kom og skulde inn, gjekk han seg på eit kvinnfolk med eit spann i handa. Han såg på henne. Ho var visst bortant fjorden. Han vart stiv i andlete, vart det støtt framfor tiggaren. Han snakka inn i kjøkene til Valborg, og ho kom ut. Her står ei med eit spann, sa han. Du får kaste i henne eitkvart, så ho slepp å tigge. Han var der att, da kona kom stikkande om nova: Er han ikkje med, mannen din? Ja, så bed han komme opp i smia. Mannen kom; det var vedtjuven dei jaga. Kor du har sekken? sa Per. Mannen famla han fram unna trøya. Kom da, – og Per gjekk på bure. Han auste han full, og slengte han på nakken til kallen: det var alt med seg han stod under han. Per snudde seg og gjekk, som han var full sint, og den andre vart ståande der med takken. No snudde Per seg att; han lo [61] med små auga: Kjem du oftare og stel ved, så får du bank. Du rodde karavorig, sist du var ute og fór.
Elles stod julsjauen av seg som han skulde, grisene blødde og øle det gjekk, det vart ferdig som skulde bli ferdig, og så vart det vask både på klæa og kropp. Og vinteren kom, sjølve kvitaste vinteren med måne og julføre. Det seig ei bør av nokon kvar, ein fekk dra anda som eit nytt menneske. Jorda vart til ein ven omkring ein, og sjøen lysna opp han med, jamvel kulden så beit han i ein for gammal kjennskaps skyld. Natta var ikkje stort å takast med lenger, ho kom ikkje inn, eit gudsord om ein måtte ut, eit lite kringt fadervår før ein sovna, så var det alt nok.
Kallen låg mykje godt som han sov. Så låg han blåvak, best det var, spurte etter gutungane og kva dei tok seg til, og om der var tørved innbore, eller om dei glømte hestane med vatn. Andre gonger fór han opp or halvsømnen og kava og bles, det var så bågt å få puste, han vart harm, kunde ikkje få til kva dette var, det var ei hemn! «Det stana heile verkje i mæg!» ynka han seg. Da måtte Ane inn og stelle med han. «Æg ska no vel ikkj døy midt i julsjauen?» sa han. Juleftas morgonen spurte han om dei hadde sendt slagtarbeta. Jau, dei hadde da vore både der og der. Ja, men enn hoss ho Åsel? Dei såg på einannan, men så svara Valborg: Jau, no skal just'n Per avstad. Da letta han på seg: [62] Gu velsign deg, om du så lyg. Du mein det vel du, Valborg. – Og Per måtte i veg.
Om julkvelden var Per Anders likare. Åt badstun kom han ikkje, men Per måtte fram med rakekniven og balbere han, og ny skjorte fekk han på, og så sat han i senga og åt, med dei andre sat ved borde; for kveita kunde ein no ikkje late gå ifrå seg, let han, og ikkje gryngrauten heller. «Jul ska vara jul, om det så ska vara den sist for mæg,» la han til. To digre jullys hadde han attmed seg, og Litl-Anders stod på kne framfor senga og åt hoss han. «Å ja,» sa han til gutungen. «No e det snart gjort; med mæg. Og snart med 'om far din ò. Så bli det du, litl-far. Et no, gjer det; og let mæg høyr det bli kar tå dæg. E du rædd julgjeita, hm?» – Nå-nei, Anders var ikkje rædd der han sat.
Men da ho kom, vart han rædd for ålvor: ho la eit langt, gulkvitt andlet på glase, og remja så stua snudde seg for han, det var eit uskapelig stygt dyr, og dei vart ille ved, fleire enn han, tausene hoppa på stolen og gnall, dei treiv etter det som nærmast var, og den eine hadde fått tak i drengen og sat og blåheldt han, ei stor og før ei med ein liten tynn og bleik framvekstring i armane.
«Jens!» ropte Per Anders i senga. Han ropte ein gong til, og det slik att Jens kom slurande inn. – «Ikkj-noko ban-fakti åt mæg!» varskudde han. «For e du ikkje skræmt enno, så bli du det; hus-på det, Jens. For du e ikkj [63] noko te kar lel du. A nei san; det vart no ikkj slik. Det hørtes som ei nå-låt fer mæg.»
Han fekk ikkje sova den natta, han hadde ikkje godt av maten. Dei sov ikkje dei andre heller, dei sat oppe og heldt vakarnatt, som skikken var. Men Per var inne hoss faren for det meste.
Det tok til og gjekk att og ned fort no, og det vart ikkje siste natta Per måtte ut i kammerse. Gong for gong trudde dei det var enden som kom. Ane smaka mest ikkje sømn, ho var over han støtt, og Per Anders lystra henne som barne. Legg deg no, sa ho, slik ja, så bli det straks likare. – Gjer de det? sa han, både forundra og glad. Straks etter måtte ho til att. Per bøyde seg over han: «Dokk må da vel forstå at ho mor trøng å sova ho òg.» «Gjer a det no? – ja ja. Men ska æg ikkj snart bli fresk igjen da, he! he!» Han tålte lite dei andre såg kor kleint det var med han. «Pass ditt du, så ska æg pass mitt!» sa han til Per.
Ein dagen i romhelga tok han til og snakka om at han vilde sjå borna sine. Kor det vart tå ungane? sa han best han låg og dorma. Eit par gonger trudde han dei var der, og låg og småsnakka med dem. Det vart dårlig med deg, Litl-Ane, sa han. Du tørkast vekk for meg du. Ja ja ja! eg hører det der. Men det hjelper ikkje: du skal agte deg! – Er det du det der, Asel? Jaga ikonn din på skogen du, og kom hit – har du grautmjøl, mein du, så du klarar [64] deg i vinter, he? – – Så sa han det friskt og rolig til Ane: Du val sende bud etter veikjungane; det er så trivelig når dei er her alle i hop; når stua er full tå dem.
Det vart skikka bud både til Håberg og til Vikan, og i nyårshelga var dei der. Det vart som eit heilt gjestebud i Juvika. – Åsel kom med alle småkarane sine, mannen skyssa henne til støa og rodde heim att; Ane kom nett med det same, åleine i ein færing. Det tok litt tid før ho ansa på Åsel, og større kjent med henne vart ho ikkje.
Per Anders hadde havt det stridt i det sidste, han hadde slik styng for bryste at han lite og ikkje hadde munnhalde; han sa ikkje noko om det, men han var raud og heit og visste lite til seg.
Da han endelig såg det var Ane som hadde komme, prøvde han å sette seg opp i senga; men det var han ikkje god til. Da Åsel kom framtil med borna, strauk han liksom sømnen utor auga, smilte ein grand imot lyse, slik den gjer som har forsove seg, og så helsa han på dem, stilt og sterkt, på Åsel først, og så nedetter, ein for ein: Så, det var han Anders! og det han Per? og det han Jens? – jøss for alle dei juvikingar!
Han vilde snakke med dem, men gav seg ikkje om det. Dei hørte kor bringa beit av alle orda for han. Han tok dem for seg att, med [65] auga, – så såg han inn i stua til Jens og Per, dei sat og spela tre-kort.
Det var ein kvit dag, og lyse stod sterkt inngjenom vindauga, på veggen og alle andleta, ein kom i hug vinterblank luft over ny snø. Golve var nytt og kvitskura, og strødd med einer, veggene lyslette men velkjente, med hyller, kjerald og skap, trufaste andlet for alle dem som hørte til her.
Det var stilt både i kammerse og i stua. Det var liksom så lenge sea dei var her, alle i hop. Einast klokka ho våga seg i veg; ho kunde vel alltid gå, ho var gammal på vegen sin.
Endelig tok husmora til og tenkte på at frammandfolke levde ikkje tå berre julskjenk, dei skulde ha mat. Jens reiste seg og gjekk ut. Da kom Ane Håberg fram til senga att, ho var blank i andlete av høgtid og velnøgje, klipte auga kringt og tok etter pusten. Ho sette seg på senggavlen, tok handa til faren.
«No far, no ska dokk ikkj vara ferfæld fer mæg lenger. Æt æg gjer – noko gæli!»
Han trykte i handa hennar; han mumla som ein takk.
«Ja for æg får ikkj lov te å – – te å avlegg ei; ettesom som dem fertæli. Ikkj æg men di ander, fertæli dem. Så det gjer dokk ikkj å gruv fer.»
Per Anders flytta auga på henne. Flytta dem vekk att. Så riste han på hovude, urlite grand.
[66] «Ja, fer det e respekterli !» sa Ane.
Han snudde seg til sides, anka seg litt, for det gjorde så illt, og så gav han seg til å stryke Anders over håre, han stod attmed senga støtt mest.
«Du Anders, du Anders. Æg trur det kjem te å gang bra med dæg ja. Heiltgjort du bli Juvik-mann hell ikkj. Heiltgjort det bli tungt hell lett for dæg, stakar.» Han såg langt bortom han, auga var ukjennelig så blakke og langfarande.
Så la han seg attover, fekk ei rid med hoste og kov for bringa. Ane, dotra, kom med dropar og vilde ha han til å ta inn. Han kava ifrå seg: dropar hadde aldri komme innom hans tenner!
Da han kom seg att, låg han og smilte. Sett deg hit, Åsel, sa han. Det er inga sak for meg, ser du, for eg har havt lukka med meg støtt – det er inga sak å døy, veit du, når ein times å få døy i måneskine og klårt vêr. Eg kjenner det no: Det er ikkje berre tull heller. – Og var vi ikkje heldig, du, at vi brennte eit grand her føre jul? Lukka har no vore med meg da, ho har ikkje våga anna.
Han sov att, og han vakna ikkje før andre dagen. Dei var oppe heile natta, dei to døtterne; men Ane var trøytt og klar og sov for det meste, og det gjorde mora med. Han låg og tulla og snakka, og somtid lo han; det var utrivelig å høre på, Åsel sa det sea, at ho syntes ho skjelvoks [67] over all sin kropp når han tok til på det verste. Midnattes tid låg han og lya, tok i senggavlen og letta på seg: «Høyr den støgge bokkjen da, kor han remja! Å nei, ban, du skremi ikkj mæg ikkj!» – Månen skjein så det spraka i veggene, det var så sugande gult og stilt ute, det var verre enn svartaste mørkre.
Da dei stod på heimferda andre dagen, Ane og Åsel, råmte han med seg og såg ikring seg:
«Kor det vart tå dokk, bonn? Kom urlite næmontar. Ein bli så ålein, te slut. Ein ligg blet mo ålein. – Æg hi gått ifrå folkje rundt ikring. Dem ligg at i mørkri dem. Let dem liggji. Kom hit da!» – Dei var kring senga alle.
Han såg ifrå Per til Valborg: «Ja ja, Per. Ja ja, Valbor. Dokk val slit kvartanna med helsa. Juvika e tong. Og – han Per e tong. Det bers mæg så rart for. Du må vara snild med 'om lel du, Valbor. Bli du for veik, da veit ikkj æg.»
Så snur han seg ifrå Per, han vil ikkje sjå han meir. Han slaknar av alt med seg.
«A neigu, her e ingen som e vaksin for Juvikja. Slegta hi kløyvd sæg sund, mein æg.»
Dei kjente kor han såg det for seg: Dei var ikkje noko til, nokon av dem, og det er tussi å gå ifrå det slik.
«Åsel, kor det vart tå dæg?» Ho bøyde seg over han. «Ja, der e du!» han smilte som barne og leita etter handa hennar. «Du må driv døgti med småfe i Juvika da, når du kjem så langt. Og så må du veit ut myra te gagns, [68] der hi dem det dem ska hald seg i varmin med, småkaran din. Og – e – så val du vara god med 'om Jens og 'n Beret, det vart no ikkj så greit for dem. Så var det ikkje noko meir da. Rettno – tek æg staven.»
Han sov mest før han fekk sagt det. Jens drog opp ein liten flir og gjekk ut.
Ane og Åsel sa farvel og fór sin veg. Dei skulde snart komma att; dei var meint på å sjå hit før han ferdast.
IV.
Det vart ikkje slik. Natta etter, utpå morgonparten, var det gjort. Mest heile tida låg han og snakka; det var vel det at han hadde ikkje snakka for mykje før; men det var med seg sjøl han snakka, og det var lite botn å få i det. Det var gammal-karane han bala med. Det hørtes som han var både den eine og den andre av dem.
Han var Stor-Per, som kjørte både Ommundstrand-gubben og hesten nedgjenom isen; straks etter var han Bjønn-Anders: Tør du ligge mo åleine med bila haustnattes og vente på bjønnen? Han låg og sukka ei stund. – Det er han Blå-Per det her, sa han. A ja, alle monnane dreg; når dei berre dreg til gars; gu gjer dei så ja. Sildgarn? pytt san! Eg tek alt som ligg på rak i fjorden. Skal du stela, ban, så må du ikkje stå og darra, du må ta det som du eig det sjøl. Men no er eg full og rik – og i gudsrike der [69] skulde eg ha vore ja. Eg veit kva eg gjer: eg ber til bake heile stulderen! Det er kars verk det: å bera heim tjuvgods! Fred i nauste, sei eg – trur du eg er mørkrædd! – – Nei, ban, det er 'n far det her. Han Anders sjøl. Banka kjerringa ja, kven annan skulde banke henne, sei meg det? No har eg gått opp merka, rettno er Juvika ferdig – og no er eg full, og no skal dei ha juling nokon kvar, eg er no ikkje full meir hell ein gong for åre, he? – – He he he! Det er da han Per Anders det her, du ser da vel det. Både 'n Per og 'n Anders, ja. Eg står og ser på dykk, folk. Går og hører på dykk. Herre gud rett, de er både små og rædde. Ja, det er farlig, hører de bukken? Det er meg han remjar for, og de skvett. Hører de det ramlar borti Gammel-stu? hører de det fer og går utom veggen her? Det sit ein svart ein nedi nauste. Kva eg såg i nauste? Skjel dykk ikkj, bonn. De tåler det ikkje. Men der, san, der har dei visst stanga horna av seg, mange av juvikingane. For han er megtig han; det er inga skam gå utor vegen for den karen. – «Berre gann du!» ropar han, best det er, – «æg ska vel stand imot æg!»
Men du Per, du er berre barne du. Du og 'n Jens, det vart nauvt nok ein fullhyrandes kar. Urliti vantru ja, er det noko storveges? Gjer de veg etter dykk i mørkre, liksom eg har gjort? Ha ha ha.
– – – Tausene torde ikkje gå og legge [70] seg, den natta. Dei sat nedi stua og sov. For dei hørte det remja ute. Dei hørte det stomla borti Gammelstu. Ane sat bortgjømt inni tørklæe sitt. Ho las på eit salmevers, eller kanskje det var sjølve fadervåre.
Så fer han opp og lyer: «Høyr bokkjen!» Men han legg seg ned att, og smiler: «Pøtt san, det e berre stagan og bjørkja. Dem skremi ikkj mæg ikkj.»
Det stod eitkvart stygt utom veggen, det merka dei. Det sat ein vond ein på take og reid. Det var ei ulukkes-natt.
Per Anders hadde ei fæl rid med struping og surkling. Så sa han: «Kom no, Ane. Gi mæg no staven.»
«Be te Vårherre, be te Vårherre!» kviskra ho ivrig.
«M-m. Hi æg no ikkj bedt te 'om før, så – – –»
Det vart det siste han sa. Ane lett på døra, så sjæla fekk fara sin veg, og så stelte ho med like, slik det skulde gjerast. Ho vart vâr Andersguten, han stod i døra. Valborg gådde han òg i det same, og dei spurte båe to: Kva det er du står og ser, Anders?
Guten pekte imot fotenden av senga: Kva det var for ein kar som stod der?
Der? Dei såg på einannan. Dei vart mjo i knea. Valborg tok og fekk guten inn og i seng.
Jens og Per stod utom veggen ei stund etter. Dei visste ikkje om dei skulde gå og legge seg, [71] eller kva dei skulde gjera; dei visste liksom ingen ting. Ikkje fann dei på noko å seie heller. Dei såg berre på månen.
Skyene kom seglande austanfrå, skulde vest i have. Dei tok att månen, som òg var på vegen vestover, dei sveipte han inn og vilde ha han med seg. Da snudde han og kjørte austover, tvert imot dem så det fossa etter. Han smilte gult, men austover skulde han, det var livsens sanning for han.
Nårøyken slær til gars.
I.
[72] Dagen etter brennte dei likhalmen. Det var stilt i dråtten, kan hende ei lita austakjøle. Ane sjøl bar ut halmen, og ho gjekk vestpå gjorde med han. Ho var inne etter varme, og sette elden i han; så gjekk ho inn att.
Jau, røyken tok til og drog vestover. Han svall i vêre som ein diger skavl, kvitgrå og gulgrå, med runde rygger som rusla vestover; han var tung som ulukka.
Jau, han var på veg vestover. Men best det er seier Beret, ho snur seg til mora så tynn og blå ho er:
«Æg mein han kjem hitover, mor!»
«Hm! hm!» Ane hadde alt set det.
Han kom sigande beint til gars, kring veggene og allstads, ein kunde kjenne han inne, same kva ein heldt på med, og den eine snudde seg frå den andre med grått andlet; han la seg på ruta til dei; han var tung som dauen.
«Det e vel mæg, venteli,» sa Beret, og dermed la ho på dør.
[73] «Å nei, ban,» mumla Ane. Ho hadde sett seg på senggavlen, ho heldt så smått på og vaska liksenga. «He! det e vel inga sak for den som ung e; som ska lava. Den som e gammel, han – –»
Men Beret hadde teke rokoa og sett av bortetter, ho sprang beint på halmhaugen og kjørte han nedover reina så eldmørja gauv om øyrstolane på henne. Røyken kvefta til gars som han hadde gjort.
Jens stod bortved stallveggen og flirte. Beret kom stilt heimover, ho puska til håre sitt og kosta av klæane.
Ja, trudde ho det hjelpte, det der? undra Jens seg.
Ho såg på han, sagtna på gonga og heldt auga på han. Ho hadde vorte heit av rennsla bortover, men no bleikna ho av og vart som før, lange, blåbleike ulukka; ho smilte på skjeiven til han og vilde framom.
«Opp med hue da!» sa han. «Dauin e ikkj så fali som 'n e stygg, veit du.»
«Å nei. Det vart no ingen sakna-daui.»
Men han vart ståande og sjå etter henne der ho gjekk. Det var visst berre så vidt ho vann seg inn. Nei, stakar, det vart no ingen sakna-daue. Og større for godt hadde ho vel ikkje havt det. – No kom han så levande i hug noko frå han var liten: Han kleip sundt eit småfugl-egg eingong. Det hadde just denne same [74] verjelause blå leten som auga hennar; han var umulig å komma seg ifrå.
Han slong framom henne i kjøkene seinare på dagen. Han var borti håre hennar og lugga litt.
«Sjå her, Beret,» – han stod med ein liten speiel i handa, ein med rosut og gullforgyllt rame på; – den her fann han oppi kista si, den låg der og slong og var i vegen: vilde ho ha'n? For han kom knapt til å raka seg meir, trudde han; det kunde han Per gjera, – det var alt nok når ein gjekk her og likna folke sitt og heldt på skikkane. Så vilde ho ha han, så – –
Ho tok imot han, og ho takka til; ikkje stort forundra, ho var stiv i andlete som elles, men ho såg da opp på han. Da vart han flat. Herre min dag, enn ho tok imot han, av han, og vart glad mest! Da var det ikkje frækt med henne, såla.
Mora gjekk og tusla i dag som ein annan dag. Berre det, at ho hørte ikkje når dei snakka til henne. Valborg var den som greina med det meste.
Like stod på strå borti Gammel-stu. Valborg sa til Jens, ho retta seg opp frå arbeide sitt: No bli det visst ikkje så vi flyttar bort i Gammel-stu, han Per og vi. For no tør eg ikkje.
Ho hadde det same ålvorsame andlete ho pla ha, som ein truverdig unge. Jens stod og såg beint på det: Det var så breit og ope, og godt; småfreknut men fint – og slik ein kvit og gild kropp!
«Så fløtta æg dit,» sa han. «For der skuld æg trivast.»
[75] Ho hørte ikkje på han, og det beit han støtt.
Kanskje han skulde flytte dit i denne kveld? let han, – han skulde gjerne danse med ein daud ein i svartaste natta, he? Rykke meg og rive – –
Ho snudde seg vekk. Det gjorde ho alltid når han la litt kraft i det, som han kalla det. Kvifor snudde ho ryggen til – ho som kunde gjera ein så lei seg med denne ryggen sin!
«Det var støgt tå 'om far, at det vart'n Per som fekk dæg.»
Valborg svara ikkje. Ha henne? Nei, det forstår seg, han var hjartans glad han slapp, men – –
Men no såg Valborg opp. Ho tenkte ein lang og djup tanke, som gjekk tvert igjenom han:
«Ja ja, fløtt dit du. Det va gjern ikkj det verst det. Du og så a Beret.»
Jens vreid seg skakk i andlete. Han blistra da han gjekk. Men han snudde seg i døra og gjorde seg like sæl: Kor det vart tå han Per? Er han ute og ror?
Han var da det, svara ho, – han skulde tinge greft.
– – – Per var over fjorden og gjorde laus kirkeklokka. Det var ein utgammal skikk, og det var berre hamen att av han, men just derfor heldt dei på han i Juvika. Han hadde ingenting nemnt om det, Per Anders, men Valborg var viss på han ønskte det, og det same kom for Per òg, når han tenkte etter. – Per rodde over [76] i stilla, han sat i undertrøya, og gjorde ikkje vegen lang.
Ringaren var ein urliten og lett ein, han sprang oppgjennom tårnstegan som katten; han var glad når han fekk ringe, enten det var over brurfolk eller lik; han likte klokka fullgodt så mykje som drammen. Per stod nede og såg etter han. – Du får gi henne litt fart da, sa han opetter, og så gjekk han ut på kirkegaren. Han gjekk der og såg på greftene; det var så sjelden han var ved kirka.
No var klokka i gang. Kolven slo i malmen, slo enda ein gong, og med full tyngd, og så tok lyden til og båra utgjenom lukene i store runde dønningar, ned over jorda og opp imot himmelen. Alt anna så tagna det når klokka tok til: det vart ikkje med lenger.
Per visste ikkje korles det var, men han måtte sette seg. Han sat på ei greft, på ei tuve med grasbust og hålke, for snø fanns her ikkje, den trivdest visst ikkje på kirkegaren. Her er mange dauingar her, sa han, og dei søv visst godt. Men han tok seg til hovude. Det gjorde illt å sitte så nær klokka – dei hadde aldri vore sterke på den lyden, dei frå Juvika, han kjente det no. Han tørka seg med trøyerma om skallen, fleire gonger. Så reiste han seg og gjekk attom nordre veggen. For med slik ein havgang tvert igjenom seg – er det ugreit å sitte stille; han bles seg opp og såg utover land og fjord. [77] – Når himmelen sjøl opnar seg over ein, da bli dei frammandfolk, juvikingane, dei bli fålen og bleik, og flat i andlete, er det noko rart det? For dei er ikkje mota på å komma hit, det kjenner eg, det.
Per visste knapt kor dei låg, folke hans. Det var visst på søsida. Men det skal eg no få greie på i denne dag, sa han. Så ein veit kor ein skal .
Endelig ein gong var det slutt i tårne. Ljomen låg att millom fjella enno, som kvelden etter ein stor dag. Allting tok seg mot for og såg seg i kring: Svarte berge stakk opp or snøen som før, og fjorden han var salte armoda.
Ringaren kom ut, han var blank av sveitte i skallen, og smilte.
«Gjekk a tungt i dag?» sa Per. Det var berre gjøn, men han såg på ringaren og venta svare. Så spurte han opp att, og no var han gråe ålvore: «Var a tung, høyri du?»
«Å ja. Ho var rett det ja,» ringaren sukka. «Æg hi no kjent a lettar,» la han til.
Per beit seg i leppa. No hadde det vore bra om Jens var her. Dei tok til og gjekk, dei hadde same vegen eit stykke. Elias måtte minne om ringar-lønna sjøl i dag. Han fekk ei ort, og ein dram til. Men Per stod og såg tomt på han. Det vart ikkje så han sa farvel. Og grefta? sa Elias. – Ja visst ja, den – –
Per lea på hovude: «Men æg trur no ikkj det vil sei noko, om klokk-svine e litt trau, ferbanna at æg trur det slag på det!»
[78] Ringaren hadde den store breie kirkesmilen sin, han rakk alt oppunder øyra. «Nei, det e så det,» sa han, og så gjekk han, opp bakken og heim. Og Per fór sin veg.
Mora såg litt urolig på han, da han kom heim, ho venta seg så halvt ei god tidend, men spøre torde ho ikkje. – Var han innom på Håberg? – Nei, det vart ikkje så han stana der. Nei jaså? Mora vart ille ved, for kva slags tankar var det så som plaga han? – Men klokka, sa Per, ho gjekk så lett som ho skulde gå sjøl, han Elias hadde aldri kjent henne så kåt. Så visst det hadde noko å seie, så.
Å jau, gudskjelov, det sa rett ikkje så lite, det! Ane tok ihop hendene. Ho måtte tvert over golve.
«Ho gjekk som ho skuld vara smurd!» sa Per.
«Smurd med himmel-ister,» flirte Jens, han reiste seg og hadde seg utor stua.
Dei treftes utpå garen om kvelden, dei to brørne.
«Ho gjekk fan ikkj lett,» sa Jens. «Det såg æg på dæg det.»
Per svara ikkje. Han stod der tung og mørk som kveldskuggen, voks i vêre over Jens og tyngde han ned. No var det han som bar både det eine og det andre her i garen, og slik skulde det bli.
«Let a gå som a vil,» sa Jens stilt. «Det e ingen ting å gjera med det.»
«Nei,» sa Per; han vart ståande der han stod. Jens måtte ta og gå ifrå han.
II.
[79] Dagen etter var dei borti Gammel-stu og tok mål, dei skulde gjera kista. Valborg kom etter, ho vilde sjå like att. Sea kom dei andre òg, når det endelig var folk der. Per tok klæde av andlete.
Per Anders hadde salmeboka under haka, så munnen kneip seg hardt i hop, og på kvart auge-lokke hadde han ein kopparskilling. Men den eine skillingen hadde komme til sides, så auge stod på gløtt, beint på dem. Det gav eit lite nogg i kvinnfolka, eit par av dem sette i ein hikst, og Valborg tok og la på skilingen att og klemte til. – Andlete sov, ein djup og kald sømn, det tagde som berge imot dem. Per Anders vilde dem ingenting meir. Elles var han så lik seg: han var blårød i kinnene, og kvit i panna, og eine augnebruna litt opp.
Kvinnfolka gjekk att, så nær som Valborg; ho stod enno ei stund, med hendene i hop framfor seg. Like var nyraka, det hadde visst Per gjort. Valborg tok sølvknappen utor trøyekragen sin oppmed halsen, og sette han i skjorta til like. Ho stod enno litt, og så gjekk ho.
«Ja, no ligg han der,» sa Jens. «Den sistin tå oss.»
Per såg opp.
«Ja, for – det e leng enno tart det bli din tur.»
[80] «Enn du da?»
«Æg? Trur du æg bli liggan på stas da?»
Det svara ikkje Per noko på, og så gjorde dei seg ferdig og gjekk.
Dei gjorde seg for det med kista. Ho vart fin. Jens sa det var inga sak å vera dau når ein fekk slik stasseng å ligge i. Men det drog ut før dei vart ferdig til gravøle; og det var ikkje trøysamt, for det er så si sak å ha lik ståande heime. Kvinnfolka torde knapt utom døra, etter det hadde avdagast, dei syntes dei hadde ein kvit ein i hælane på seg kor dei gjekk og stod; og all slag ulåt var det å høre om kvelden. Det var elles merkelig fritt for slikt denne gongen. Før, når det stod lik i Gammel-stu, hadde det hendt seg både det og det; dei hadde vore urolige karar slik, juvikingane, vart det fortalt.
Det vart tomt etter Per Anders. På annan måte skræmte han dem ikkje. Dei tykte mest dei var åleine heime i garen, her dei gjekk. For kven skulde reise seg og gå ut no, om det hendte seg eitkvart utrivelig? og komma inn og gjera dem trygge att? Han Jens ja; han kunde vel alltid gå ut; men det kunde så lite hjelpe når han kom inn att.
Han sa det ein kvelden, at han måtte borti Gammel-stu etter eit par støvle-læstar; og gjekk gjorde han. Men han var fåbleik da han kom att. Han hadde klemt fast trøyesnippen i døra, da han skulde gå ut, og det var så likt til at [81] ein hogg i han og heldt han att. – «Slepp, din fåni!» sette han i, og da han hadde sagt det, vart han halvvore rædd, som han sa, han let att døra, men han var mest huga på å springe.
Etterkvart som det leid ut imot gravøle, vart det likare. Det vart slikt styr og ståk, ein glømte alt anna. Så nær som ein dagen. Da kom kråka og sette seg på Gammelstu-take og grov. Og det spøker for nytt lik. Beret jaga henne ein totre gonger, men ho var der straks att; ho visste kva ho venta på. Dei såg den eine på den andre. Men dei glømte det fort.
Per var bort og såg på like ein gong kvar dag. Han syntes det vilde han noko. Men når han kom dit, vilde det han ikkje det grand. Det sov som det hadde gjort.
Ja, tenkte han, her ligg sisten. Av dem.
Og han såg det når han kom ut: Slik sluttar fjellranda utmed sjøen. Ho skal ikkje lenger. Og slik som døden hadde teke dette andlete, slik er det kvelden løfter haugar og fjell imot himmelsyna: steinstilt og steindaudt, så langt bortanfor live og alt det som lever og rører seg. Per vart forundra over seg sjøl: det kom slike rare tankar til han; kor kom dei ifrå? Dette kunde han ikkje nemne til Jens. Han måtte seie det med Valborg, – henne som han lite og ikkje hadde snakka med før. – Ja, no har'n far gått sin veg, sa han; meir vart det ikkje til. Valborg stod og bøyde seg og vreid opp noko klæa ho hadde vaska. – Å ja, sa ho ned over [82] arbeidet sitt. Han er da borte. Ei god stund etter retta ho på ryggen og såg over plagge, det var ein stor kvit duk: – Han far din, han var som ein veg i mørkre han. – Ja, som ein ursmal veg i mørkre. Og no er det mørkt til gangs. Og tomt, meiner eg. – Ho svara ikkje på det. Ho var raud og likte seg lite, for dette var ho uvant med. – Og tomt, seier eg, he? Ho kunde no vel tilstå det. – Å ja; no med det same slik, sa ho. Han gjekk ifrå henne. Da var det likare lel å snakke med Jens.
– – – Det seig ei tyngd av nokon kvar i Juvika, då laurdagskvelden føre gravøle endelig kom; for da bynte dei å komma, dei som hadde lengste vegen, og frå nærmaste garane kom dei med niste, den eine korga etter den andre; ein kjente vel kvar garen på sendingskorga.
Dei kom stilt, dei som kom til gars, og stillvore vart dei motteke. Det var ikkje sorg just, men det stunda til høgtid. Ane Håberg kom åleine, og sea kom det båtlag for båtlag, og etterkvart som dei nådde til gars, stod verten i døra og bad dei leite inn, denne vegen! og versågod! og så framåt og få skjenk. Det var Petter Lines som var vert. Han stod-for i alle vertskap, der det skulde vera litt skikk på det. Han var ein kakse i bygda, så det var ikkje småting å få han; men juvikfolke var han skyld med, så her var det ja med første ord. – Millom gjestene første kvelden var det særlig Ola Engdalen det stod litt gust av. Slik han tok [83] det, tok gjerne dei andre det. Han var gammal og rik, og langt fram i bygda, han var jamgod med Lines 'n sjøl.
Og han tok det med ein liten smil. Han heldt berre handa til ein litt lenger enn elles, når han helsa. Dei fekk same smilen, ein og kvar, da han kremta seg opp etter skjenken; orda kom som dei skulde vera støypt:
«Enn det skuld bli æg som vart med og bar ut 'om Per Anders da! Kem som skuld ha spådd slikt!» Og da dei ikkje vann seg til enno, berre sat og var fastgrodd på sessen sin og ingen ting kom på, så reiste han seg og snudde seg til Ane: Visst dei andre vilde som han no, så gjekk dei bort og såg like.
Det bar på dør med dem alle i hop; dei kremta og kom.
«Ja,» sa Ola, da dei stod der. «Det her, det vart rettelig ein sakna-daui det.»
Ein etter ein sa det same, og frå den stunda kom praten i gang; dei snakka om Per Anders, og dei snakka om den og den i bygda, litt sorgsame i måle, men logne og goddæmde innunder, gjestebod var no gjestebod, og dette her tegna til eit med dei grommaste. – Å jøss for ei kiste, hørte dei ei kone som sa. – Ja, det står mest ikkje på, når ein får ei slik ei, svara den andre. – Nei, og enn slikt godvêr da, både på sjø og land. – Å ja, han Per Anders Juvika, han hadde no gjernast lukka med seg han. – Ja, som no [84] berre det: at dei brennte i år; dei som brennte så sjelden.
Og dei smaka på det som brennt var, og dei tykte det var godt. Ingen drakk seg tå ; det var gasta folk; mein dei vart snakkarglade så det var ein hugnad, og linne og godslige av seg; husfolke gjekk ut og inn og sola seg i det, så pass lett å vera til var det lenge sea dei kjente det.
Og slik var det i sjølve likferda: Det gjekk lognt og stilt for seg, det var ein lys dag, og der var ein djup varme i folkehopen. Dei fekk ein tåre i auga mange, og den let dei dagen og klårvêre ta bort. Her skjedde ingen annan ting enn det som skulde skje. Det var einast Valborg som hiksta til eit par gonger, så forunderlig tørt og kvast; det såg ut som ryggen knektest i henne. Men han retta seg bein att.
Per undra seg over folk. Det var slik helg med dem, i kvar liten tingen; og mest med berarane. Dei gjekk og dei stod som dei skulde vera prestelærte. Dei visste korles det skulde vera. Han hadde ikkje kjent dem før, han hadde berre set dem i kvardagslage, og da var dei bustute og bjunglute og berre gråe jorda; men no snudde dei andlete til, og det var megtig som kirka og klokka, syntes han.
Jens gjekk og beit seg i leppa. «Hålede kor helgaklædd dem e,» kviskra han til ein annan ungdom. Han var visst litt for mykje på mote alt. Best det var, da dei sette skamlane under kista [85] utpå tune, small han i og lo: «Hæ, hæ hæ! e det enno fleir sermonia!»
Dei ansa ikkje på det, ikkje nokon ein, og det tok liksom bite ifrå han. Per vart spritande raud.
Han mumla det tett innått Jens på vegen nedtil sjøen: Du ser ut som du har bite i en spikar, meiner eg. – Ser ut som skamma, ventelig, smilte Jens. Skamma som dei har bite hovude av.
Per tok seg over auga. Det var så vondt å høre på dette no.
Det same gjorde han da klokka tok i. Gong for gong saup han inn luft millom tennene, slik ein gjer det når dei riv i eit sår.
Ola Engdalen ser det, han har auga sine på Per. Han sit og ser på han i heimvegen òg. – Han kom borttil han seinare på kvelden. Han seier det lågt og vårhendt, med song i måle: Å ja, du har rett i det, ban. Det bli tomt etter ein slik ein. Det skal så vera. – Men at dei ringer med klokka over ein juviking? seier Per, han fekk slik hug til å seie eitkvårt. For dei vart da verande hedningar her i garen, alle mann, og all sin dag – det er langt ifrå Juvika og til kirka, ikkje sant? Ola ser opp og ned over han.– Det er no i allfall sant da: at du er ingen juviking. – Nei? Det hørtes som Per vart glad. Ola går ifrå han, og Per tek det oppatt med seg sjøl: Det er no i allfall sant ja. Så der ligg no den børa, san!
[86] Han kom borttil Ola att, seinare på natta, det var eitkvart han skulde ha sagt. Men Ola snakkar med ein annan ein og hører ikkje på han, ikkje meir enn dei hørte på Jens her i dag.
Men no måtte dei høre på Jens lel. Folk heldt på og skulde av og legge seg, dei er uti garen mest heile vertskapslyden, ungdommar og gammalt folk om einannan, dei ser på stjernene og godvêre, pratar og har det gildt. Da kjem han og står i ytterdøra, med eit berrt lys i handa, han løftar det høgt og lyser utover; han er bleiklet, og glasen i auga.
«Ved I hvor verden ligger?» ropar han. «Den ligger i det onde!»
I det same var Åsel der, og ho tok og kjørte han attlenges inn. Han kava imot, men det hjelpte ikkje, han var for tunglasta, og desutan fekk ho hjelp av Valborg; dei fekk han åt kammerse, og der måtte han i sømn.
Valborg var det elles lite om i gravøle. Ho tykte ho var så vill frammand her no.
Først seint på andre dagen fór gravøls-folke heim. Dei gjekk og vov om-einannan lenge og takka for samvære, før dei kom seg i veg.
Det vart mannjamt sagt, at det hadde vore ei gasta likferd. « Han kom vakkert i jorda,» sa dei. «Og ikkj går det no havbåra og nøa på dem som sitt att hell.»
III.
[87] Gråe, halvblinde dagar. Vinteren hadde teke til for ålvor, og no vart det ingen ende på han.
Det bli aldri så tomt og stusli i eit hus som når det har vore eit gasta gjestebod. Og i Juvika vart dei gåande og kjenne seg reint nedkuva, for der hadde live havt så jamn ein dur all tida, det hadde aldri vore ødslig i stua der. No hadde det gått i stå, huse og folke og allting, det hadde mist lyden sin; no kunde ein høre kva det skulde vera, som stygt og illt var. – Det vart ikkje eingong så karane tok seg for med eit rettelig arbeid. Dei gjorde ifrå seg på låven, og så vart dei gåande og slenge i garen; Per var oppi smia stund og anna, men han kom seg ikkje i gang der, og Jens gjorde eit skopar eller to i kveldseta, til kvinnfolka, for dem var det mest moro å ta mål av, sa han; men noko arbeid vart det ikkje.
Men bi no berre til vi får sommaren, sa dei. Og det tok kvinnfolka oppatt. For han kunde no vel ikkje rekke til pinshelga, denne vinteren heller?
Ja, den som levde til han såg sommaren, sa Ane. Ho sat ofte og las på eit salmevêrs, og Beret hadde flytta ned i kammerse til henne straks faren var død. – Men ikkje for det, sa ho, dette med likhalmen var ikkje stort sætande. [88] Han Per Anders trudde aldri på slikt – og berre ein au'-blink var det no han slo til gars òg.
Nei, han Per Anders trudde aldri på slikt, sa dei andre.
Ho nemnte dette oftare etterkvart. Og dette at ikkje like stivna til – han stivna da til tålig fort, syntes ho ? Og kråka? Berre gammal ovtru; spør 'n Per Anders.
Beret tagde still. Ein dagen hadde Valborg dengt Anders, eldste gutungen. Beret strauk bortpå aksla hennar: Du er lukkelig, du som har einkvan å denge. Den som hadde seg ein hund om ikkje anna! Det grøste i Valborg; det gjorde det støtt når dei fingrane tok bortpå henne. Men ho smilte og skjønna henne.
Men ein kvelden dei sat og fekk seg mat, sprang Beret opp ifrå borde:
«Hysjt! Va det ikkj nokon som ropa på mæg?»
Jens flirte, og dei andre med: Hadde ho ein utom veggen kanskje?
Ho sette seg att, nedmed bordenden, tok grautskjeia og skulde til, men auga hadde ho annanstads. Budeia, som sat attmed henne, måtte rettelig sjå på henne; ho var ikkje att-kjennande. No ser ho rundt borde att, med lysvakne auga: Hørte dei ikkje noko no heller? – Dei hadde ingen ting hørt.
«Vent te det ropa treddi gongjen, – da ska du vâr dæg,» formana Jens.
Han hadde ikkje før sagt det, så ropa det [89] ute, no var det ikkje å mis-ta på: Det ropa Beret , og ho skyndte seg ut. Berre ikkje nokon har dotte nedi brønnen! sa ho. Some av dei andre meinte dei hadde hørt det ropa, some hadde hørt ein katt som jalma utom nova.
Ja, berre det ikkje var nokon som hadde dotte i brønnen, sa Valborg òg, ho reiste seg og vilde sjå ut. – Ja, og kor vart det tå veikja? sa Per, han slong etter. For brønnen var eit vålig hol no vintertida, oversvullen med is så han var ikkje å komma halvnær, og midt i garen låg han; og ei ulukke så djup. Aldri vart det så karane hogg vekk svullen, Valborg hadde asa og masa nok på dem, tykte ho.
Dei kom ikkje inn meir, dei som gjekk ut, og så la dei ifrå seg skjeia dei andre òg, dei måtte sjå etter.
Det var halvlyst ute enno, ein kvitgrå kveld med svarte haugar; himmelen nordover raudna for vind.
Per og Valborg var bortmed brunnen, og Beret hadde stupt uti, dei heldt just på og drog henne opp. Ho var stiv alt. Per og Valborg bar henne inn og la henne på senga, Jens gjekk etter og skulde hjelpe til, men det vart inge bruk for han, – han kom berande med den eine skoen hennar.
« Ho e da stiv nok,» sa han, da dei heldt på og vilde få liv i henne att.
«Å ja, å ja,» sa Ane, da ho endelig kunde [90] seie noko. «Men at det vart ho da, som mått i veig føst!»
Jens snudde seg, han stod og tok attom klokka etter eitkvart, han snudde fram heile det stygge flirande andlete sitt, liksom han stod og fann noko rart der attom:
«Ja, ein kan bli så glad, at – –»
Ane strauk seg oppunder nasen, ho fekk ikkje tak i dette. Per vart hard og mørk.
– – Dei sette Beret på strå i Gammel-stu, og så var det til å gjera gravøl att. Dei sa det seg imillom, at ho låg og smilte, ho Beret; liksom ho vilde seie at no var da ho utor vegen.
Ane levna til så merkelig etter dette. Ho var reint som ho var oppatt-nya. Gong for gong var ho fram og vilde ta styre utor hendene på Valborg; og ho var like blid når det ikkje gjekk.
Valborg vart dei elles ikkje klok på. Ho sa så lite. Snakka ho, så var det helst om Per Anders, han farfar, ho kalla. Han var den som hadde fått henne hit, til kone i Juvika, og han var den ho hadde trudd seg til; no var ho åleine, men ein let seg no ikkje moka utom døra for det. Ho arbeidde for to, der ho tok til, og attåt hadde ho gutungane, to gapute vargungar, og gjekk med den tredje under forklæe, kom det for dem.
I gravøle hennar Beret hendte det seg noko leit. Ane drakk seg drykkjen. Ho gjekk og røla og vov millom folke, strauk seg innåt dem og var så glad. Sistpå var ho bort og vilde drikke verten til med ei kanne øl. – Det kunde [91] ha gått mykje verre, sa ho. Det kunde ha gått mykje verre. For ho Beret, ho var no ikkje så fræk. Nei, ser de, nårøyken kvefta hitover, da vi brennte etter 'n Per Anders: det var greit det spåka for ein til.
Asel prøvde å få henne til sengs, men det var uråd. – Gå og legg deg, ban, du er trøyt, ser eg, svara ho. Stakar, ho Beret sprang ut og hivde varmen ho, men sjå – – –. Nei, ban, når 'n ikkje er feig, så er 'n ikkje feig da; eg bli ikkje 70 før til sommaren. Så eg tykte no mest det var for tidlig òg. Nei, ho Beret: det brann slik ei stor stjerne midt over oss, om kvelden da vi bar ho inn – – ho vart ikkje heftande på vegen oppover.
Ane var vassblank i auga; folk hadde ikkje set dem før, dei var småe og runde, og uvante med å sjå på ein. Ho strauk seg under nasen, og lo:
«Og enno e dem no 4 da, å del imillom; det e meir hell nok.»
– – – Det var ei trevekes tid etter, så brennte dei likhalmen etter Ane òg. Det var landvindsstormen, så den røyken var det grei grein med; han måtte ifrå husa.
Ho datt på flate kjøkengolve, og vart liggande og jamra seg. Dei bar henne til sengs, og der låg ho med kauk og ank, til det var gjort med henne. Eine hofta var visst utor leden, men verst var det med magen, han var sundslegen, og det vart dauen hennar.
[92] Det var ei uhuglig avferd. Ho var så rædd. Rett som det var, fór ho opp: Det tuta åt henne utom veggen, hørte dei ikkje det? Der banka det, hørte dei ikkje det? Kvifor kunde dei ikkje gå ut og jaga styggmagta! Auga var ville og forskræmte, ho torde ikkje vera åleine ein blink. Ho mista samlinga tid og anna, men så kom ho til seg att, og så var det same rædsla.
Åsel var der og såg til henne. Ho gjorde seg ein sving heim, greina med det som til måtte, og kom så og var hoss henne til det var slutt. Dei to minste hadde ho med seg.
Når ho bøyde seg over henne, og snakka om det som trongs , fall ho gjerne til ro.
«No ska dokk ti-still, mor, og legg Dokk og sova!» sa ho endelig ein natta. «Det eda berre 'n far som står og venta på dæg.»
Da smilte ho liksom barne, reint ukjennelig; slik hadde ho vel vore eingong med ho var lita, eller den gongen Per Anders kom og henta henne; andlete løyste seg ut i ein urliten barnelått:
«Ja-ha-ha! Enn æg som trur det, du!»
Og da ho hadde stridd ifrå seg, det var i lysinga same natta, og Asel åleine stod over henne, da retta ho ut handa og famla ut i lufta:
«Kor det vart tå deig da, Per Anders? Vent urliti, du e så hasti, du!»
Juvik-kjempa lear på seg.
I.
[93] Sjøl veit, sa Per ein dagen, han og Jens var nedmed sjøen og barka garn. Sjøl veit. Det var ikkje godt å vita, med denne nåbranden.
Nåbranden? Kva var no det for eit beist?
Brandsyne dei såg her føre jul. Det vart tomt i Juvika etter at det hadde vore fram. Korles det så var eller ikkje.
Jens såg på han, stilt, og mest som han tenkte. Så snudde han seg. Han sa ikkje eit ord, men det var som ein stygg bannskap for Per, og så gav han seg til å rive og slite og flytta bark-kare åleine, så Per vart ståande med munnen open. Men best det var, så lo han, lo godslig og stygt, og flådde Per med auga: – Ja, du ser meg litt tom ut ja. Som ei brok som eigarmannen har rømt utor. Eg? vil du seie. Nei, ban, meg er det ingen som snakkar om. Vi treng da visst ikkje samrå oss om det, at det vart tomt. Men mørkrædd er vi no ikkje da!
Barnunge! tenkte Per. Men høgt sa han: Berre det ikkje var heile slegta, som – –
[94] Ja, mi tru om det. Og lukke på reisa. Det var no rett den slegta!
Det vart våren, og sommaren kom seg i gang. Men Juvika vart ikkje med. Der var så stilt, same kva dei stomla med; slik som det er, når store, tunge ting er i vente; eller slik det er, når ingen ting er i vente meir.
Per og Valborg var i arbeide jamt og støtt. Jens tok frami som bjørnen når det høvde; straks han kom på noko, fór han av stad og gjorde det, fauk i veg liksom hammaren når han fyk av skafte. Men det vart aldri noko kvardagsarbeid.
Ein dagen kom Asel dit. Da var karane på sjøen, dei fór og sette laksgarn frammed lande. Det var så mykje som Jens ho var ute og for etter. Den dingsen: no heldt han på og skulde skjemme ut både seg sjøl og dei andre, med ei gjente vest i plassane, det stod slik og slik til med henne! Det var sant, for Asel hadde sjøl vore i veg og treft gjenta. Armods toskhue, ho trudde ho skulde få han! No fekk ho Valborg snakke til han; for henne skjemdest han visst litegrand for. Sjøl hadde Asel vore for langt ut på veik is, men ho var no berre eit skarve kvinnfolk som det kunde bli slikt slag med. Eller: Snakk til 'n Per du, sa Åsel, ho var sterk i sitt, og heim fór ho ikkje med ugjort erend denne gongen.
«Snakk åt 'om Per?» Valborg vart tankefattig i andlete.
[95] «Ja, kjør beint på 'om og sett elden ti 'om attant-ifrå!»
«Han Per? – – Trur du det e så beint fram det da, som fot i hoss?»
«Nei nei men –»
«Han Per, ska æg fortel dæg – – æg veit alder om æg bli vaksin nok te å snakk åt hannom. For – – han e no ingen smågut; det veit du vel.»
Åsel lo så det song i veggene:
«Du tole velden for eit véra-lamm det hi vorti tå hannom da!»
Men da ho såg det bar av vegen, gjorde ho seg fort ålvorsam. Ho var så glad, sa ho, for det at Valborg trudde på han Per. For han var den einaste dei hadde å tru på no. Ho skulde ha stor takk for at ho var som ho var. – Eg får seie det, eg som ser det, sa ho, og dei vart raude og blyge båe to. Men det her er ålvor det, reint og beint, la ho til. Noko lyt han finne på, og det på timen òg.
Valborg var ikkje mange merkerne, da ho tok Per til sides om kvelden; men ho fekk da hakka det til: at no skulde det til å gå gale med han Jens, stygge ord om han heldt på og leita seg til gars, slik og slik var det.
Per stod mest som han ikkje hørte det. Ho Marja Oterbekken? sa han. Så lo han litt med seg sjøl: «Ja du Jens, du Jens. Forresten: Det der hi 'n alder gjort, dem lyg !»
«Det gjer dem vel; så sant det læt sæg [96] gjerast. Men du veit sjøl – – at du må snakk med 'om.»
«Snakk med 'om? Nei!» Og han stirde slik på henne, at ho såg til å komma seg unna. «Snakk med 'om du! Det kan vara høveli kjerring-arbe det!» slengte han etter henne.
Dagen etter var Jens i veg og skamgjorde eine foten sin. Han skulde hoppe over ei bergklip oppi marka med ein tung borksekk på ryggen, glatt så og vrikla foten så han kom haltande heim. Han smurte på heit tjæra, og lest som han var like god, men det var armelig han kunde tippe nedpå med han.
Den dagen gjorde Per i stand eit lass med mølnad og kjørte til kvenna. Han smilte, for han såg Jens òg hadde tenkt seg vestover, hadde berre foten vore så lik. Kvenna var heilt vest i plassane, langt bortom Oterbekken, og det vart natta før Per tok til og fór heim.
Det var slik lysblå og vårsøvd ei sommarnatt. Myra vart endelaus bortover til fjella, og lauvlia slokna og vart til grågrøn draum. Myr-enge og bekkegrase anda svalt i dogga. Det dåma så sorgsamt; for dette var sommaren, og han var ikkje evig. – I slik ei natt var ungdommen ute og såg etter einannan; i slike nætter fann ein på mangt. Per hadde òg vore ute, nattens tid – det var lenge no sea.
Her ifrå Høgbrekka såg ein heilt bort til Ommundstranda, garen låg og sov no og hadde glømt alt i hop. Der sov ho Ane-Marget òg. [97] Ein fugl-unge, med store auga og liten nebb, sa han med seg sjøl. Takk-gu, Per, at det gjekk som det gjorde. At det vart ho Valborg i staden. Når ein skal snakke om det.
Ja så, du ser eitkvart no, Bruna? sa han; hesten tok til og hara øyra. Ja-ha, det høvde som han tenkte, det. Han batt hesten i grindstolpen, for det sat ei der attom steinen, han såg i snippen av skjørte hennar. Han kremta og helsa, og gjenta skvatt opp, og stod der med fingrane i forklæe framfor han, ho visste ikkje kor ho skulde ta att seg.
Godkveld, Marja. Du er ute og går ja – ute og sit, vilde eg seie. Jaha, det vart da vêr til det òg no.
Ho vart armodslig raud over alt andlete. Men elles var det ei staut gjente, stor og velbygd; han måtte heilt borttil henne. Det var da sørgelig til auga det der, knurra han. Deg måtte vel han Jens ha, ja. Han stod og såg beint på henne, og ho fór unna med auga, tankane hoppa og skvatt i henne, som musa i tomtønna. – Du såg no ikkje for glad ut, sa han. Deg – bli det no vel tussig for. Han kremta seg opp og såg morskt på henne:
«Han Jens va i veig og skamfert ein bakfoten sin her i dag. Så han kjem ikkj.»
No såg ho opp. Ikkje visste ho kor mykje sant dette skulde vera, og slett ikkje kor mykje vondt det var meint med det. Ho står som dei har slått henne på høgre kinnbeine og no vil [98] ho snu det venstre til, tenkte han. Per beit i hop tennene, så han fekk ein hard kul på kvar kjaken. Han retta ut handa og strauk bortpå håre hennar, det var svart og krusa som på ei fark-førkje, men det var vakkert likevel. Så snudde han seg og gjekk. Da han stod og tok taumane, sa han over aksla til henne:
«Du ska ikkj sørg på 'n Jens, Marja. Fer kleinar kar får du ikkj.»
Ho hadde komme etter, liksom han hadde band kring henne. Men no kjørte han.
Han sat og snakka innvortes heile tida. – Du kann no vel ikkje komma dragande heim til gars med det der, veit eg? For herre gud rett for eit – – eit husmanns-ansigt. Tøv! ho er stygg! Svart som vigd mold – æh! vil du gå med deg, di bingsi der du er! han gav merra av taumbukta så ho fór i tvitråve bortetter steinvegen. Vognrammelen skura hardhendt over nattstilla, vekte opp alle berghamrane.
Jens sat og flirte til han dagen etter; han sat og lappa sko. Beint inn i auga pa han flirte han: – Eg ser du er einig med meg.– Så? – Ja. Det var no vel ikkje for mykje heller, om ein fekk ta seg ut den veikja ein skal ha, sjøl-seg. Den som skal slite henne. Ikkje sant?
«Te går-kjerring? E du besætt du? Ska 'n berre tenk på – – å æg gi mæg helvet om å snakk med dæg, gjer æg!»
«Gjer så, ban.» Jens gav seg til å synge.
II.
[99] Om ein ottedags tid var Jens god kar. Han hadde vore grå og stinn i andlete med han sat inne og gjorde sko. Somtid sveitta han. Det var eitkvart som gjekk i han. Per merka det godt, og han tykte han vart kald og våt og måtte riste seg.
Endelig la Jens i veg ein kvelden. Han tenkte seg vest i bekkene og angle, han grov mark og fann fram angle-trøa, og så fór han. Per såg etter han og vart trong og heit i halsen. He … sa han, og no fraus han att. Det fekk gå som det vilde.
Jens sette eine aksla fram, det gjorde han støtt når han var ivrig og skulde ein stad, kom som eit påbrasa råsegl. Enno var det ikkje fritt anna enn han halta litt, men han fór fort så det snørp i han. Og tanken han fór føre så det blistra, det tykte han sjøl. Slik hadde han streppa omkring no kvar einaste dag, med han sat ufarug. Og no veit eg da kva eg vil! sa han.
Han såg ut i vêre og kaldflirte, da han kom bort til anglebekken: He! det var verkelig anglevêr! Ja da; slik råktes det. Regne vaska og mulla, trutt og godslig som ein leikande unge; så stana det ur-lite og lya, langt ut i lufta, og så tok det til att.
Jens sputta aldri på agne når han hivde det, og ongul kalla han ongul og fisk kalla han fisk, og slik bortgjenom, han var egte juviking, enten [100] dei trudde det eller ikkje; og fisk fekk han for det, såg ikkje anna. – Og i kveld skal dei bli vâr meg, gammalkarane, enten dei vil eller ikkje, sa han; han sa det høgt i fosseduren, og togg seg på leppa. – I kveld skal dei få sjå !
Han fór ikkje Oterbekken ned til plassen, han tok tvert om myra og til Dølbekken, enda der var agneta så små ho var ikkje steikande. Han heftast heller ikkje der, han var snart nedmed ein plass som heiter Aune. Der kom det ein ut og stod i døra, ein ungdom, noko yngre enn Jens; han stod litt og følgde fiskaren, og visste ikkje rettelig. Men så tok han seg mot for og gjekk nedover. Jens lest ikkje som han hadde vorte vâr han. – Er det du Morten som kjem skrevande? sa han, da han var der; men han heldt berre auga med taumen.
Morten vart med nedover, han gjekk og såg på og snakka. Han var seig i gonglage som ein utsliten ein, men fløt i munnen. Han vart med heilt nedtil Kvennhus-fossen. Jens såg ut som han var fornøgd.
Jens gjorde opp taumen og støyrde trøa i mælen: Veit du kva vi gjer, Morten? Du og eg og vi to? Vi går åt kvennhuse og tek oss ein blank ein. Han gjekk, og Morten kom etter, langlet og opp i under. Jens hadde ei diger neverskrukke på ryggen, det hadde Morten gått og set på, men dramm hadde han ikkje drømt om like vel. Det var elles nifst dei skulde inn [101] i kvennhuse. Det var kald-hustre og stilt der, og mørkt; vatne stod utom veggen og las, det gjorde det ikkje hugligare.
Jens kom fram med ei stor låteflaske, ein sladder-butel med knip i, og så skjenkte han full ein gammal hav-laus kopp. Dei drakk utor den kvar sin gong; det var egte Juvik-brennvin, og Morten naus og grein og let vel: slik ein styng fekk ein ikkje til kvardags.
Dei sat og tagde ei stund. – Ja, her har eg set og hørt mangt slag, sa Jens endelig. Mykje stygt, gut! Men sjå: det bit ikkje på meg. Eg, veit du, som har forsvore meg åt 'n Gammel-Sjur sjøl.
Han såg innholt på Morten, og Morten fekk froske-sli over all sin kropp, syntes han.
Nei, san, ingen ting skræmer meg no lenger; det står ikkje til. For eg trur ikkje på noko, eg. Utan på Gamlingen sjøl da. Og han og eg vi er gode bussar. He?
Morten let att munnen. Han såg åt døra, som stod på gløtt. Men Jens let henne att.
Nei, men her i natt, gut, da drømte eg rart, skal du tru. Eg drømte at Vårherre kom og tok ifrå meg kjerringa mi, det var enda ho Marja Oterbekken. Eg heldt att det eg vann, men sjå, han vart meg for sterk i lengda; eg måtte gi meg. Og nokon blomster var ho no ikkje da. Ja, bli ikkje raud for det, du. Ho Marja er bra nok. Til sitt bruk. Eg vil likne henne med ein god båt: Lettstyrd men traust, Morten!
[102] Morten svelgde, og Jens sat og vakta på han.
Veit du kva eg hørte her, eine natta eg låg her og môl? Det ropa hit ifrå fossen, det er det kaldaste måle eg har hørt: «Jens,» ropa det, «hiv hit ein mann åt mæg.» Det var huskje. Eg måtte lova det. He?
– Ja ja, men – –
Det fekk no bli ein fiendsmann det da, veit du. For det er respekterli ! Jens bruka av og til eit ord etter faren; han tykte det var kraft i det.
Veit du kva eg sit og tenker på, Morten? At du skal ta og gifte deg med a Marja. At det er det dem krev. Både juvikingane og Svarten sjøl og alt i hop – he? Hører du?
Jens hogg med andlete, og kvitna om leppene. For det var da fanken om ein ikkje skulde få denne komlingen her til å byste imot, til å gi lyd! Han sat og stirde berre: Hadde dei løyst eit skott inn i øyra på han?
«Ja, for du hi vøri der, du gjer ikkj å negt for det; ho hi sjøl fertæld mæg det.»
«Det e – – leng sia det!»
«Ja, trur du æg bry mæg om det? Æg? som gi mæg søtten om både den Kvit og den Svart! Æg, som hi lovt å hiv ein mann på fossen, he? Det hi æg hellest ein rivanes løst te.»
Morten smilte bleikt, slik dei smiler, mange, når dei må døy.
«Kom med handa da!» Jens murra som eit dyr, han hadde blod på tann.
[103] Morten kom med handa.
«Og så går vi ut!» Jens reiste seg. Han smilte no, trygt og lurt, som ein blind ein i mørkre: han visste å finne fram.
Han hadde stogga i med regne ute, stod med tunga i munnvika og tenkte seg om; og skyene hadde lukta sudvesten og letta på seg, dei drog til fjells. Det var elles lyst som dagen, og varmt og godt, og vatne og allting susa så levande omkring ein.
No skulde dei lauge seg, sa Jens. Med klædane på, ikkje sant?
Å lauge seg var ein hard ting for Morten, og no ville nattens tid? og med klæane på? Han sukka, og såg heimover. Det var langt dit. Og Jens Juvika hadde han hørt mykje gale om; og no hadde han vorte tullut åttat; og enda var han like slug og vaken som før.
«Sjå her da, din sålvåi!» og Jens kjørte seg på hovude ut i djupaste hølen så det kvitna og svortna etter, kom opp midt utpå, andlete snudde hitover, og vatne rann av det – der vart det borte att. Morten huka seg i hop i knea; han var nær på å bløyte ut seg der han stod.
Da Jens kom opp, tok han på Morten: Er vi venner eller er vi uvenner? Du skal svara meg på det! Venner – ja vel! Da skal du uti liksom eg. Der! – han tok og hivde han uti, enda stakaren peip og let om seg; han fiska han oppatt og rista vatne av han. – No er du døypt, Morten. No er vi venner for ålvor. Og [104] no veit eg du gjer som eg vil. Så eg slepp å hive deg uti åt han . No veit eg det. Og på det drikk vi ein dramm,– her er ein stubb med likhalm nedpå flaska, det er jamgodt med ein skamlig eid det, forstår du. Så, no har du sett sjæla di i pant.
Dei sprang rundt huse og haugen eit par gonger, for å komma seg i ølen, og så skjenkte dei seg ein liten knekt att.
Morten levna til og tykte det stod til lands. Han hadde gjerne lova meir enn han gjorde. – Så sette dei seg i bakken.
Å, eg er rar, sa Jens. Eg er ein for meg sjøl. Veit du kva eg ønsker meg, ofte? Berre ein ting, far: at eg sat oppi høgste Vatsli-Bruna og bles på lur. Bles så dei måtte danse alle mann – bles så dei måtte opp og danse dei gamle juvikingane med. Men somtid sit eg og tenker . Er ikkje det rart? Han Per? vil du seie. Nei da, neida, han går berre og søv han. Å, eg er eit mang-dubbelt menneske. Det er ikkje mange som forstår seg på meg, san. Slik var dei, dei gamle kongane og kjempane, han Goliat og 'n Blodøks og 'n Bjønn-Anders Juvika og dei der; dei var ville og galne, og fæle etter kvinnfolka; og så sat dei og tenkte, gut, og ingen visste kva dei tenkte på. – – Det er forresten merkelig nok, berre det at eg sit her og pratar og er venner med deg; med ei husmanns-sål.
Morten tykte det same. Han visste ikkje [105] kor han skulde finne att seg, men her gjekk han og var venner og jamgod med sjølve 'n Jens Juvika, det var visst og sant.
Dei gjekk oppetter bekken, men dei fiska ikkje. Jens kokte innvortes enno. Dette er live , gut! sa han. Å eg kjenner det på meg, at eg er farlig. Eg var borti Gammel-stu ein natta med 'n far stod lik der, og så kom der ein og kleip borti meg. Eg gav han ein under øyra. Da flirte han, og frøste, og lét så eg var fan til kar! He? Står du og kaldflirer åt meg? Ja, du tek henne, det varsku eg deg om!
Ja, sa Morten rapt. Du veit eg har no havt som eit godt auge til henne – –
«Hald kjeften din, din hundtarm! Du veit da vel at ho kann ikkj bli gårkjerring i Juvikja, e du svart, du? Æg e odelsmann æg, det e meir hell du ferstår. Enda ho e eit horisontalt kvinnfolk , æg sei ikkj anna!»
Dei vadde over bekken ein stad, til det gjekk dem opp på magen. Morten hiksta og lo, og Jens såg att og blunka til han: Vi to, vi høver i hop, vi. To gapar alle tre! – – Nei, for det høver meg ikkje å ta henne. Eg vil ut . Du gjer meg den beina; du som forstår meg. Hell så kjem eg, det veit du. Og kostnadsfritt skal du sitte med plassen så lenge eg er ovan torva, hugs på det. Men det er godt ikkje han Per bror min hører meg, for han er av det gamle slage han. Eit klavenaut. Men ein gasta kar, det seier eg deg. Ho ho, san, når han [106] hører eg er venner med 'n Morten Aunamoen! Det seier vi forresten ikkje noko om, med det første.
Det kunde heller aldri Morten ha funne på. Han fekk mest ikkje ord opp, da Jens sa farvel og takk for lage; men han ønska seg han kunde få springe på djupe fjorden for han.
Det var nattstilt og fredsamt. Bjørkelauve lukta så godt, og Jens gjekk og saup det i seg i djupe drag, som eit dyr som har stått innstengt, tykte han. – Å herre min hund rett, det gjer godt å få lea på seg. Hæ hæ hæ hæ! Kor flat eg slo han! Kor handfritt eg laug han full! Laug tå fri hand, gut – nei, enno er her gutar i Juvika!
Der såg han 'n Morten enda, han herde på og gjekk, meste han vann, kalvbeint men heimover; han syntes visst han hadde ein svart ein i hælane på seg. Jens ropte etter han:
«Vart du forfæld, Morten? Vart du bange ?»
Det orde tykte han var eit som klødde litt. Men no tok han i veg sjøl òg, fortare og fortare, for her var unaturlig så stillt, det skropp og tuska i klæane når han gjekk, trea og haugane dei hara øyra og lya; og denne skodda som kom, ho var rar så lys og still; han tok kute sistpå, han flirte men han måtte i veg, hinka og sprang og gjorde ein vill fart.
Da han stod heime i garen, pusta han ut. Da såg han det for seg, det var ein forunderlig klår og rar augeblink: Slik hadde dei rennt seg [107] rædde, alle dei gamle bjønnane her, mann etter mann hitgjenom tida – å, det er kaldvore å vera vaksen-kar òg, somtid, for det om ein aldri trur på det slag meir. Men han Per, han er ein urande liten ein: Han fer og ligg borti Gammel-stu om nættene, skal herde seg til og bli som 'n far. Det er høgt opp og langt fram det; for den som er for stutt.
Han fór opp, da han skikkelig hadde somna, og såg seg forvilla ikring:
Var det berre draumen? Var han ikkje konge da, på eit røvarskip? Hn! hn!
Så vart han liggande still. Det kom ein tanke gravande fram i han: Han Per. No låg kanskje han Per og drømte om at han var konge over heile Juvika, han? Ja ja, lat han det.
III.
Det gjorde ikkje Per; han låg vaken. Men han hadde det i seg, han gjekk med det om dagane som ei dyr sanning som han skulde leva på, at no var det berre han . Dei vilde det slik.
Han fekk elles anna å tenke på. Det leid ikkje langt, så let dei slik, at det skulde bli bryllopp vest i plassane. Tidna gjekk i kross og krok, til ho nådde fram til Juvika òg.
Valborg la ifrå seg arbeide sitt, tørka av fingrane lenge og vel og så gjekk ho ut. – Ja, du Per, du Per, sa ho, og ho var mjuk og opptint over [108] heile det breie sterke andlete. – Nei, eg visste det, eg, det vart ei råd. Når du berre vilde.
Per var nedpå gjorde og flytta hestane. Valborg tok med seg bøtta som stod der, og var bortom bekken etter vatn til dem med det same. No først kom det for henne, at ho kunde ikkje gå beint på han slik, han var no ingen gjætlegut, beintfram, – kor tenkte ho seg henn? Men no var det for seint; ho måtte ut med det.
«A?» sa Per. Anna sa han ikkje.
«Sjer du berre, Per, om det ikkj nøtta!»
Ho såg frimodig på han, ho var for lukkelig til å gi seg.
Ja ja, det var så det, sa han. Han var så mild i auga, stod og såg hit og dit bortover vollen. – «Rettno får vi te å slå, mein du ikkje det, du òg?»
«Ja!» Ho vart så glad, ho visste knapt kva fot ho skulde stå på: Slik var han Per, når han berre synte seg. «Ja, rettno så,» sa ho.
Dei gjekk i lag oppover vollen og heim.
Per nemnte ingen ting til Jens før om eit par dagar. Dei var bortpå låven og flidde om høysledane. – Det var så det, sa han. Det måtte gjerast. Mange ting slik. Og han Morten og ho Marja, det kunde no bli eit bra par det. Jens hadde vel hørt det?
Jens stod litt. Så sette han i og lo. Per steig attende, når Jens snudde seg til han slik og råflirte. Men han fekk mot av det. Han kom fram att: Ja, det var no inga anna råd, no [109] som det var. Men, men, san: Skjemdest han ikkje bitter-lite grand?
Det var eit aug-blek at Jens stod og var liten og borte. – Eg gjer rett det òg, du, sa han. Nei, han sa det ikkje, men Per såg så tydelig at han sa det med seg sjøl, og han kasta borti eit anna snakk. Han Morten kunde no få plassen på lett byksel; slik at ingen fekk nysn i det.
«No ska æg fortæl dæg ein liten ting, Per!» Jens tok hammaren og til å drive. «Du e no ikkj slekkan 'n kar du hell, som ho held dæg fer; ho knefalle ditt. Sjå, du vart no inge avgudstempel, du meir hell æg.»
Per gjekk åt smia etter eitkvart.
«Å nei, san. Det feila no mykje på det, men.»
– – – Dei arbeidde grovt no ei tid frametter. Etter onna tok dei til med Juvik-bekken, så gammal han var. Det var ein skarvbekk; han grov ut, og han flømte over, først det var ei vassflo, ødela både åker og eng. Faren hadde gått og set på det, dei kom i hug det no; men han hadde aldri sagt noko. Kanskje han hadde etla det åt dem, dette?
Og no skulde han til hest, det sa han Jens òg. Her kom det to som våga seg til. Jens arbeidde så det stod etter, og daganes dag, så Per vart reint opp i under. Han likte det, og han likte det ikkje. Det var slikt gjøys med Jens, han tok vêre ifrå ein annan ein; så pla det snåpt vera over att, og det var det verste Per visste. Serlig no dei var toeina. For da [110] stod det så tydelig, midt imot dem, at dei hadde ikkje fått tak på det dei skulde gjera, og fekk det ikkje heller. Det var ikkje anna råd enn å ta det med kapparbeid, som dei var fiendar, for da var det von at Jens hang med. – Han hang med. Dei demte opp og søkte bekken eit par aln, så langt som Juvik-gjorde rakk.
Det var godvêre, han kvilte etter regne no. Solskine hang i liene frå morgon til kveld, det var slikt gull og slik blåna at ein måtte sjå opp. Høye hadde elles rotna bort, mykje godt, og åkeren var kåla grøn. Tynn var han òg, mest berre ugrase, for det hadde vore ein hustre kald og tør vår. Og no tok det til att, regn og vestavind og vondt vêr. Det såg svart ut.
«Tør-år og røyt-år, og grøn-år og frost-år, og enda ikkj uår,» sa Jens. Per sukka. Uår vart det vel. Men ein fekk trøste seg med at det var verre andre-stads.
Det var rart det skulde råkast slik i år, sa han somtid. Og han såg dei hadde tenkt på det same, både Jens og Valborg, dei vart så langlet når han nemnte det. Da slo det som ein kald gust attende frå dem: Det var ein lei treff. Var det einkvar som vilde dem vondt? Men så tenkte han, og la i hop, liksom han la i hop heile verda: Det var så mange slag ulukkor ute i verda no, krig og svolt og stygge ting. Det kunde aldri vera for Juvika det spøkte. Røyken slo ned eine dagen og vilde ikkje opp meir, hesten stupte på flate vollen, ja visst, det var [111] mangt slik, men juvikingane hadde set verre ting enn det, og like beine gjekk dei. Når han berre kunde få litt liv i Jens.
Det var det verre med. – Herre min dag kor det luktar tå det! sa han. – Luktar ja, tå Juvika og heile stelle, forstår du meg no? Enno hendte det han kleiv opp i bratfjelle og rulla stein i sjøen sundags morgonen, så kirkbåtane strika på årane og var forfælte. Somtid kom han over eitkvart drikkandes, og da vart han vill og rang og var nærpå å rive hus. «Æg e som vestavinden, æg e som dyre, æg skuld ikkj ha lov te å gang laus!» song han. Han tok seg for og banka opp einkvar, vanlaga dem urlite, som han kalla det. Ein gong han var over fjorden på dans, la han av heilt aust i Engdalen, sette bjølle på både hest og gris, og slepte dem ut, midt på svarte natta. Etterpå slike ferder var han gjerne bra ei stund.
Ut på vinteren gjorde han seg nye sjøstøvlar, og nytt skinnhyre; han vilde på fiskja.
Dei stod på låven, da Jens fortalte det. Dei banka utor det korn-tustre dei hadde, – for husmennene var det reine gudslåne å få. – Eg må spøre: er du tå-det-kommen? sa Per. – Ja ha, det er eg visst. Han slong av unna broren, men best det er, tversnur han og ser vondt på han:
«Æg bli så lei tå å liggji heim her i lag-med tausin – æg vil ikkj fisk 'i vass-stampen meir!»
Per stod og såg ned, ei heil øve. – Rettno [112] kjem han visst på kva han tenkte å seie i går, sa Jens med seg sjøl. – Dette òg har eg frygta for, sa Per. Men at han står og seier det da? Tausene.
Jens fór på fiskja. Han hadde skiparlag med Mikkal Vikan, som var høvesmann. Det var ei halvvori skamm for Juvik-mannen, dette, han vart berre jamgod med ein annan gut-påk,– ikkje som høvesmann eingong hadde dei fare i veg i Juvika. Men Per var glad han fór sin veg.
IV.
Det vart stole i bure i Juvika den våren, to gonger og kanskje meir, og siste gongen slik at det gjorde skar i maten. Valborg kom inn og var tålig flat; ho tok med seg Per og synte han: Brød! og smør! og kjøt! han hadde git seg tida og tenkt seg vel om – og der! der hadde han sete og gjort seg til svin, for å vanære dem. Per gjekk til kornbingane. Nei, ikkje korn.
Låse var gammalt og sålut. Per rådde seg eit nytt eit, og no hadde dei verkelig fred eit tak. Tjuven hadde vore der og prøvd, eine natta, han hadde bryte og bonna med redskapen sin så det synte etter. Eg mein du vart for stutt, sa Per.
«Det va skrot at ikkj 'n Jens va heim,» sa han til Valborg, «så skuld vi ha bia opp karen.»
«Å, han Jens!» sa ho. «Han Jens – og han Jens!» Ho gjekk beint ifrå han.
[113] Straks etter kom Jens heim. Han vart æsande ivrig. Han fekk store naseborer, og ei brei raud rand oppigjenom panna, han snøste, men han såg glad ut, liksom dei hadde arga han så han hadde lov til å slå.
«Han kjem att,» sa han. «Han ska ha såkonn, du kan ferbann dæg på det; jøsses, han kjem att. Og da ska vi jaga'n på sømme, på fjorden, hæ hæ hæ, gut!»
Ja, skulde dei verkelig vøre – –? Per hørte tydelig at einkvar kviskra til han.
Javisst for Svarten! Jens lyste av lukke, og det smitta Per med. For her hendte mest aldri noko. Jens snakka om det, dagen til endes. Eg sveittar som ein skinnfell-reiar, først eg kjem i hug det, sa han, – å, det skal bli trøyheit, Per! Per var snart likså ivrig, og om det så var han Anders, småguten, så tok han til og vêra noko. Han vilde ikkje legge seg den natta.
Dei låg på vakt i tre nætter, Jens og Per, ein i stallporten, ein i vedskotte. Den tredje natta kom han.
Kor han kom ifrå, såg dei ikkje, men bursdøra lét om seg, ho måtte opp denne gongen, og der stod det ein svart skugge og lya. Det var ei still natt, berre grå himmel og grå jord; vinden tuska og gjekk frammed husa. Det stomla borti stallen, ein trygg lyd; og katten kom smygande om nova, lang og låg i ryggen. Og der smatt skuggen inn i burssvala.
[114] Det plistrar ifrå Jens, og så stel dei seg fram ifrå kvar sin kant. Han på bure kjem stikkande ut, sig ned millom burstroppa og inn under bure.
«Vast no urliti, så ska vi tyn dæg!» seier Jens og spring rundt bure, Per omkring på andre sia. Tjuven renner nedover reina, og dei etter, litt ut til sida; så ber det opp å andre sida, til skogs. Nei da, var det likt! ropar Jens, ein hører kor han kokar innvendes, så fornøgd er han; han set fart på, renner som eit grått reip frammed skigaren, og tjuven må nedover mot sjøen. Han er lett på foten, fanten, dei kunde knapt ta han om dei vilde, – der fór han opp rabben på Sjøhaugen og inn i bjørkekrungle.
«Hæ hæ, vi spring som kælvan!» ler Jens, «Vi skjenna så det lukta brennt, det her e liv og levnet det, Per!» han tok seg springtak og rennte opp ein bergtrapp som var manns-høg. Tjuven måtte fram att, dei såg han imot himmelen som snarast, ein stor ein lang ein, og lang i sula, ho ho, no vart her eit jag att! Per tok ein beinveg og gjømte seg i Svarthammar-kleiva, for dit måtte han komma, Jens i hælene på tjuven og jaga, frå holt til holt frammed sjøen: «Kan du ikkj vent da, din fåni – æg kan da vel ikkj få live tå dæg på den her måtin!»
Tjuven datt ein stad. Da stana Jens og knytte att skoreima si, og murra: «Opp med dæg! Du ska på sjøn, ferstår du!» No kom [115] han opp kleiva, Per låg og hørte kor han hosta for kvart andedrage, og no vilde han ta han og banke opp han, og så leie han med til gars og gi han mat! Jens fekk finne seg ein kåt kalv å kappspringe med. Han reiste seg.
«Ja, det va rett ja,» – han ropte høgt og berrmælt –, «kom hit du, æg sett og venta.»
Tjuven søkk ihop i knea, han dreg anda som eit langt skrik inngjenom halsen, og så skjanglar han av beint på Svarthammaren. Jens etter, og Per søromkring og skal møte han att.
Jens kom, men ikkje tjuven. Det var lyse morgonen no, og dei vart ståande og sjå på einannan. Per såg det meir enn klårt nok, kor til stod, men han spurte lel:
«Kan du fertæl mæg – – kor 'n gjord tå kroppen sin, fyren?»
«Han vart bange , gut! Æg hord berre det slomp i sjøn.»
Per la i veg fram etter lande, til brattfloge stengte for han; Jens kom etter med hendene i lomma. Ingen ting å sjå. – Ikkje så mykje som ei blemme på sjøen, sa Jens.
Sjøen låg som han pla gjera i solrunna, båregrå og likeglad. Han var som ein tok han: han var frisk der han gjekk, vilde ingen mann noko, salt var han, men slett ikkje vond. Ein hørte morgonvinden oppå fjorden, han kom brusande og mumlande som ei skrei med ungdom. Lande vakna, levna til med sol og skugge og gav seg over til dagen.
[116] «Hm! Som han skuld vara ned sokka,» sa Per.
«Det e 'n no ò, det. Sokka som ein annan stein. Kjem vel opp igjen uti hund-dagan.»
«Og æg – – – som hord det kviskra åt mæg!» Per mumla dei siste orda med seg sjøl.
Dei gjekk heim.
«Du sjer mæg ut så tom i buksa?» flirte Jens; «e du dålig etter sprangje? Men det e fanken så lelli, gut, å vara fri mann, fri-maur, og gjera som 'n løsta og vil. Gammel-karan, der fekk dem sjå no. Å nei, Juvik-kjempa, når ho tek te å lea på sæg, da e a fali! Han far – jau du veit, han va ingen ku-rygg han. Men det va inge levnet ti 'om. Hæ, hæ! tjyven gut, han sprang så-le-des!»
«Ja ja. Det val i gudsnamn vara gjort det som gjort e no da.» Per tørka sveitten av skallen og halsen.
Valborg var oppe da dei kom, og 'n Anders med. – Kor det gjekk, fekk dei tak på han?
Å jau, dei fekk han da på jage. Det var Per som svara, og han var snar til det. Jens gjorde med andlete, slengte huva i golve og vilde ha seg ein drikk skjør.
«Drap dokk 'n? He?» Anders snudde seg til Jens: «Svara mæg du da, fabro – drap dokk 'n?»
«Nei, han – – hald kjeften din, skjitongji!»
V.
[117] Valborg undrast mykje på kven det kunde vera, og det same gjorde dei andre i huse. Men det kunde no vera kven det vilde, for dem. Han kom knapt att så snarlig snart – karmennene hadde vore hardt etter han.
Valborg hadde elles så mange ting å tenke på. Det var no først og fremst huse å stå for, Juvika var ei gild bør å ha på nakken, og så var det eine tausa, ho Dåret, Vårherre visste korles det var med henne. For det var gale med henne. Tynnare og tynnare i andlete, og tjukkare og tjukkare elles, og still og tangst tå seg, ingenting om henne meir. Ein lyt tenke seg om, før ein legg i veg og snakkar om slikt. Per torde ho ikkje nemne det til; det hogge vilde ikkje ho gi han.
Så vart det han Morten Aune å snakke om. Han hadde fare ei uferd. Han hadde gått seg ned i Flymyra ein kvelden. Dei fann aldri att han meir, – ein fann aldri att noko som vart borte der. Den eine etter den andre kom og fortalte: Dei hadde havt førevarsel om det. Grenda grodde over med mørkrædd snakk. Rev-tikja hadde sete og hosta og gjøydd vestpå haugen ovom flya natt etter natt; og to kjyr hadde kasta daukalven straks før. Ein gammal krok som var til sengs og låg vaken om nættene, hadde hørt [118] rop innover myra i vinter; og ramnen, den ufuglen, hadde sete oppi fjelle og sagt rah! mest kvar einaste dagen. Og kvelden før, eller same kvelden det hendte seg, hadde himmelen vore så nifsk som dei ikkje hadde set han før: blågrøn og gul vatrut i eitt bragl, og sistpå vart han som ein gloande omn, med nåkvite skapningar som hoppa og dansa – han hadde no vel aldri gjort åt med seg, armingen? For han kunde vel ha som ein liten grunn til det òg, hadde først styggmagta fått klo i han. Men dei hadde tenkt det var krigstid og blodsudgydels det varsla for. Men verst var det aust i Svarthammaren.
Svarthammaren? sa Jens, og Per såg hastig opp.
Ja, kjære, hadde dei ikkje hørt det da? Her ein natta rodde det einkvar frammed lande der, og da stod der ein kvit ein oppi berge, dei trudde ikkje auga sine, enda dei var to mann i båten, men så tok han til å lea på seg, bynte å fekte med armane åt deim og vilde deim eitkvart; dei la seg på årane det dei vann, og det siste dei såg, var at han hivde seg hovudstups i sjøen, – det var ein som ikkje låg i kristen jord.
Jens skompa borti Per og hadde det trøysamt. Valborg såg det, men ho trudde det kom seg av, at dette skulde vera ovtru og røl.
«Ja ja, vøl ikkj det du,» sa han; «det hi henda så gæli før.»
«Å ja; det e no ikkj-noko å flir åt,» sa ho; ho hørte sjøl ho darra i måle.
[119] Ho måtte ut med det til Per, om kvelden dei vart toeina:
«Det skuld no aldri vara – – »
«– han Morten som va tjyven jau? Jau, det kan du ferbann dæg på!»
«Æg mein da du e fél, æg!» Ho vart liggande fortenkt. – Ja ja, sa ho om ei stund; det fekk våge seg det; no når det var gjort. Men sprang han på sjøen da? Ja, da var det no sjølgjort da; så da fekk det bli hans sak å svara for det.
Ja, sa Per, og snudde seg.
Men Anders hadde ligge vaken og hørt på.
«Drap dok 'n lel da?» sa han, han reiste seg og sat i senga, spelande vaken.
Neida, neida, sa mora, – det var ikkje slik, men slik! Ho snakka han rundt så godt ho kunde, og han låg og hørte på, still og vantruen. Han spurte ikkje meir.
– – – Men så var det det der med tausa att. Valborg fekk henne med seg ut ein dag og renska eng; det var eit arbeid som ein måtte vera med sjøl-seg til, skulde det bli gjort . Dei var nedom reina, og for seg sjøl. Valborg studde seg på riveskafte og såg på henne.
«E det 'n Jens da?» sa ho, best ho stod. For det vart ikkje annan måte å ta det på.
Det var mest som dei slo føtene unna gjenta. Ja, svara ho, det var han. Og no var ho glad, at det endelig eingong var sagt. Jau, det var han Jens ja, tok ho oppatt.
[120] «Eig du ikkj skamm i live da? At du kjem her og skjemmi ut heile Juvikja, he?»
«Æg ha no ikkj villa det hell, æg,» sutra gjenta. «Men det nøtta no ikkj det så.»
Valborg måtte vekk ifrå det. Tenkte dei på å gifte seg no da? spurte ho.
Dei tenkte da det ja, så smått. «Førri slåttonna, meint vi.»
Var ho så gælen etter han da? Etter han Jens ?
Gælen etter han? Nei, det fekk no vera måte med det. Gjenta kvikna til fort no, og Valborg likte seg mindre og mindre. – Nei, det var berre så vidt ho såg råd for å ta han, han var så vond å komma innåt, for han raka seg mest aldri. Og ikkje kunde han vera stort til kar heller, som for hoss henne, hoss tausa på garen, – nei, det var knapt ho vilde ha han. Men han hadde vore snild med henne, utrulig snild, og så var han ein umulig ein å komma seg ifrå. Og no – var det vel i seinaste lage å snu? Gjenta såg nedover seg.
Valborg vart raud. Ho kremta og vart kvass i auga. Rettno jaga ho førkja beint utor garen.
Men Dåret såg matmora truhjarta opp i andlete, dei var jamgod dei to, no:
«Osså va det no snart likar – – enn å gang som taus all sin dag. Og likar enn å bli plasskjerring.»
Valborg måtte unna att. Ho tok til å arbeide. [121] Ho brann i andlete, og hendene skalv. Dette var det ufysligaste ho hadde gått seg opp i.
Dåret tok riva ho òg. Det var ei trivelig gjente, som karane måtte bli gal etter, ho var vakker no òg, det såg Valborg for seg der ho fór; toskehue var farlig nok, og han Jens vart no Jens han.
Og det verste var, at ho var så dum: ho kunde tru kva det skulde vera! Ingen vann over henne.
Nei, det verste var ikkje det heller. Valborg kjente det som ein brystbrånna dagen til endes: Ho var slug som ormen attåt. Ho kunde narre om det så var han Jens.
Ho måtte til Per med det om kvelden. Om han visste korles det var med ho Dåret?
Nei, det visste han ikkje.
Ja, slik stod det no til, fortalte Valborg. Og no tenker ho å bli garkone her?
Det var mest som Per ikkje hørte det ho sa. Ho sa det eingong til: Ho tenker å bli garkone her?
«Ja ja, i gudsnamn da!» Han såg ned millom nevane sine, og gjeispa.
«He?»
Nei, han sa ingen ting.
«Ja, men det henda ikkj, den dag sol skjin! Så mykji du veit det!»
Ho var kritande bleik, og darra kring munnen.
«Nei nei,» sa han, og så reiste han seg og gjekk ut, skulde sjå til hestane.
Tuftene skyt ham.
I.
[122] Juvik-garen ligg ned imot fjorden i aust, med brattreinar og bakkar; på nordsida er det bratte furuhaugen, og så marka; sørover, på andre sida bekken, er det bjørkskog og utslått, myreng og hamrar om einannan, og så fjelle; myrane i vest, heilt til plassgrenda og sjøen. Kringom husa er det fint og flatt, framfor nokon annan gar i bygda. Fjorden ligg open austover, han blikkar i godvêre og er til hugnad, og i stormen kan ein stå i livda oppi Juvika og høre på han og sjå kor kvit og vill han går. – Kjem ein sjøveges til Juvika, ligg garen og ikkje ansar på ein, ligg og har sitt for seg sjøl. Han har som ein tone ikring seg, det syntes Juvikfolke støtt, ein djup og god tone, han kom ifrå skoglunnane og han kom ifrå gjorde og han kom ifrå husa sjøl; Gammelstua var låg og grå, med berre eitt auge imot ein, ein gammal heim, han var for gammal til å døy; Ny-stua var høg og sterk og hadde mange vindauga, rettelig ein juviking, som frammand-folk hadde lite mot til å gå oppunder [123] ausyna; og dei andre husa store og stødige og enig med henne i alt og eitt: Dette her er Juvika, og har du erend så får du leite til gars.
Slik var det for Valborg, den gongen ho kom flyttande, og ho glømte det aldri. Det bar henne opp, all tida, det kjølte på henne og logna ikring henne etter som det høvde. Og slik vilde ho dei skulde kjenne det, same kven det var.
Ein fekk no legge øre til og høre etter, sa ho til Per ein dagen.
Pøh! Han bles berre. Slikt skulde ein ikkje legge på seg. Dei laug reint og beint. Dei hadde ikkje hørt det slag – verken i Svarthammaren eller nokon stad!
Ho måtte sjå på han: Han såg mest ut som ein utvaken og klein ein. – Svarthammaren ja, det var no for seg det.
Trudde ho på det da?
Trudde på det? Nei, det gjorde ho ikkje, det var ikkje sant, for ho hørte dei fortalte det allstads borti garane. Nei, men det var Juvika ho tenkte på. At det var der dei var, og der dei skulde vera. «Og det høyri du ò, Per, ikkj sant?»
Og Per hørte det. Han hørte det kor han så gjekk og stod. Ja, sa han framfor seg. Det var no som det var, med den tingen. Men no tykte han mest det hadde gått sundt? Kolven hadde dotte utor bjølla, merka ho ikkje det? Rettno kunde det visst vera det same kor ein gjorde av seg.
[124] Valborg hadde merka det. Og ho hadde vore frimodig imot Per i det siste, ho beit seg ikkje i leppa for å seie hån både eitt og anna; ho var nøyd til det. – Ja, sa ho. Men det er du som skal få det i gang att, Per; du og ingen annan. Javisst, det var dette med han Jens; men det òg fekk ein ta og gjera eitkvart med.
«Han Jens, sei du. Vi va no vel lik go om det, bå to.»
«He? Å, med han tjyv-neglin som sprang på sjøn? Men du veit da vel det som verr' e: at 'n tenkji på å gift sæg med a?»
«Ja vel,» sa Per, og no vilde han gå sin veg.
«Ja, men – du mein no vel ikkj det?»
«Ka for noko?»
«Æt han ska få tak a Dåret?»
Valborg måtte for resten sjå på Per. Så utsliten hadde ho ikkje set han. Slik hadde ho ønskt seg han skulde bli, nokon gong, så skulde ho vera god med han. Men no sa ho berre:
«Du e no vel ikkj styrlaus, Per? Du må no vel vatta hut?»
Han blinka, og stod og kjente med tunga innetter tanngaren, liksom han hadde svare der ein staden.
«He?» Valborg vart mållaus mest, kva skulde ein trive til? Ho vart mørkraud heilt opp i panna. «Det e så mykje du veit det Per, at da bli ikkj æg her ein dag lenger!»
«Nei?» Det hørtes som han levna til. «Nei, [125] du veit – – vi kund så gjern fløtt herifrå? Ja, for – e – Juvikja e ikkj stort meir hell for ein.»
«Jaså. Det e slik no. Ja da så …»
Han stod med ein liten hammar i handa, hadde stått og sett på han lenge. No såg han opp på henne, med eit nytt andlet; det var vake og kvikt, og Valborg vart opprådd framfor det, slik som før; det var no så si såk å stå her og legge opp med han Per!
«Juvikja – her e ikkj meir å tak sæg te her i Juvikja. Dem hi gjort det i stand alt i hop, føri oss, jorda og husa og kvart eit grand, her e ikkj det slag meir.»
«Nei men. Det e no Juvikja da!» Valborg visste ikkje meir å seie, og så gjekk ho.
Men det arbeidde i henne. Ho ansa ikkje på litle-guten, som hang etter henne og bad om ein matbete, og ho glømte å svara når dei snakka til henne, ho opna berre munnen og var på vegen med svare.
Valborg var av Engdalsfolke, og dei var vaksne, – ho vilde ikkje eingong syne Per kor sterk ho var. Det var så mangt ho ikkje vørte å syne han, for det var ikkje sagt kor mykje han likte det. Men i dag tok ho etter både det eine og det andre, og flytta på det, ho lingsa fulle vass-stampen over kjøkengolve, så tausene vart ståande og glåme reint tannlause etter henne. Det kom for henne, at vart han uvislig, han Per, og vilde løype av frå heimen, så fekk ho i gudsnamn ta [126] og halde han! – Ja, han var ein juviking, men bi no ur-lite!
«Så trur du vel det va berre for gårn her æg villa hit,» sa ho for seg sjøl. «Du får tru det du vil om det. Du får tru det du vil, Per, men det ska æg no fertæl dæg – »
Valborg går framom Jens utpå garen, han står og sprettar ifrå hesten. Ho såg ikkje på han, det let ho helst vera, men ho syntes han flirte etter henne. Dagen etter kjem han tett framom henne, med ho er utpå vollen og legg klæa på bleik. Kva du mein han der går og loverer etter? tenkte ho.
Han stanar; han ser på henne så hjartans opprådd: Ho stod her åleine og stræva? Var ikkje ho Dåret med og hjelpte til? Å nei, ho var vel ikkje til det, kanskje. Valborg gir på med sitt, og så ler han: He he, ho byner og bli så tjukk, ho Dåret, har du ikkje vorte vâr det? Det ser ut som det stundar til bryllop her i garen – kanskje du alt har forstått det? Men du Valborg du? He he, du får no hjelpe denne kjerring-såla mi urlite; no i førstninga slik. Du får gjera som ei skamlig husmor av henne. Ettersom de to skal komma til å gå på gnage i lag.
Valborg rettar seg bein, kjenner på ryggen sin, han er vond, og så tek ho korga si og går. Jens såg at ho var raudflekkut i andlete, der ho gjekk. – Der gjekk ho, sa han med seg sjøl. – No kan du stå der no, tenkte ho. – Men forresten så må eg no snakke med han, sa ho, [127] og sette ned korga att. Ho såg både opp og ned over han.
Han meinte no vel ikkje dette? At han vilde gifte seg med tausa ?
Nå, han meinte det no vel òg. For når ein hadde fiska i vass-stampen, så.
«Ditt utskuv.» Ho vart så harm ho fekk tårane i auga.
«Ho Dåret e ikkj for katten, ska du tru. Ho gjer alt ein bed a om. Og mykji, mykji meir! Og vakker nok – ho e ikkj stort styggar ho enn anna folk.»
«Ja så mykje e det: Da reisi vi vår veig!»
«Hm-hm-hm! Nei-nei-nei!»
Han gjølte som med barne, han var så rar ho måtte mest le. Ho gjorde med nakken, og gjekk.
Ho snøste, hørte Jens, ho bles han ifrå seg som vond lukt. Å det var skrôt ikkje han Per var vaksen kar, så han kunde ha tukta henne, det hadde vore stas! For ho var eit helgeplagg til kvinnfolk!
Valborg tykte ho måtte snart trampe i garen til dem alle i hop: Er de tullut, eller tenker de på og skal bli det? – Juvika, var det ingen ting det da? Hadde ikkje garen ein einaste ein utan henne å lite på?
Ho sa det til Per om kvelden etter dei hadde lagt seg, for ho fekk ikkje blund på auga: Det er det raraste eg har hørt. At ein skal rømme beint ifrå farsgaren sin, og late han ligge [128] for fefot å kalle – er det folk som har gjort det nokon gong da? Springe og kaste og vera like glad.
Per svara ikkje, og ho treiv til det sterkaste ho visste:
«Enn om 'n far dokkes ha levd, ka du mein han ha sagt da, åt slik åtfar? Hi du tenkt på det, Per?»
Ho hadde så vidt teke etter sømnen, der spratt Per opp og sat i senga.
«Svarthammarn!» seier han.
«Å kyss katta!»
Ho snudde seg tvert ifrå han, og han la seg att, låg og lest som han sov.
Ein vaksen kar som låg og ikkje sov, det var det argaste ho visste. No reiste han på seg att, og så mumla han med seg sjøl:
«Det finnst da ikkj hund her i nerheita?»
«Ja, så får det vara ka i søtten det vil da!» Litt etter la ho til, og no var ho linn i måle: «Det e da ein sau oppi markja, høyri du ikkj det da?»
II.
I hundedagane flotnar det opp, det sjøen har teke. Da flotna Morten Aune opp òg. Dei fann han i fjæra sørom Svarthammaren, to gutungar som var ute og rodde etter seien ein natta. Der låg han i tangbeden, ein daumann, eit sjølik; dei kjente han på klæane, for han [129] hadde blå støypkofte og eit raudt ullbinn kring halsen; dei vart ille ved og hadde seg vekk. Dei fortalte det i Juvika, til kvinnfolka, og dei sa det med karane. – Det var no mangt slags tøv òg, sa Jens. Per sa ikkje noko.
Etter kveldsmaten rodde Jens på seisjøen; det hendte seg han gjorde det. Valborg vakta på Per. Jau, ved midnatts-leite stal han seg ut, og vart borte. Lukka på reisa, tenkte ho. – Dei kom att i same tida, på morgoparten. No må det da bli fred å få, sa ho med seg sjøl.
Dagen etter var folk ute og leita, dei fór heile lande sør-ett'med, men dei såg ikkje til noko uvanlig. Gutungane hadde vel tulla og skræmt seg sjøl. Han Morten hadde gått seg ned i flya han.
Den dagen rodde Per over fjorden og til Håberg, vilde snakke med ho Ane.
På Håberg gjekk det sin vante gang, og han var skjeiv. Garen var stor; og drifta lita; det såg ut som det venta på dauen all ting der. Ætta var no òg mest utdød, berre gammalt og barnlaust det litle som att var, så ho Ane fekk sitte i fred.
Per gjekk og såg seg om, før han leita inn. Der stod no husa, han måtte le til dem, så forkomne var dei; og garen imillom dem berre botnlause dya. Der hadde ein jorda: sur, sur; stein og myrsik all stads, krungelbyskje og brakland og allslags sål-dom. Men så uendes med vidd, [130] og skogslått med ein lysta, og skog; og god jord, visst, når sant skulde seiast.
Han gjorde seg enda ein sving; han gjekk med ei grop millom augnebrunene, levna til meir og meir, og fekk den sterkblå blenken i auga, som juvikingane hadde når dei tok seg for med eitkvart.
Å jau, sa han medkvart. Å jau; med guds og godmanns hjelp så. Og skog ja, og hamning – han stod på Stallhaugen og såg bortover – her måtte ein da vel vera bra usørgandes for det. Og ingen lang sjøveg. Og så brenntorv, brenntorv alt med ein såg bortover. Og nyland å ta opp, nøgda for heile live:
«Bevare dæg for ei vidd og for ei megtiheit!»
Ane var det tufsi med. Ein måtte komma i hug eit surt tre på ein sur voll. Det var berre sautr og syt, all ting så var det bågt for henne, gar og folk og kva som for auga kom. Gammal tok ho òg til og vart – gammal men ikkje stygg.
Kvifor gifta ho seg ikkje? sa han. Ho vart raudlett, ho skvatt mest, men det var rart kor det yngde opp henne. – Ja, skulde ho det? Ho, ei gammal enke, å kalle, kor vilde han henn?
Hø! den som sat med gar og grunn, og medel, ho måtte da ikkje snakke synda!
Garen? Nei, ban, den skræmte berre folk, den; skræmte folk frå huse, slik var det med det. For folk var dumme, skulde ho seie han.
Ja-a, dei var langt komne, i den tingen. [131] Men enn ein enkemann da? På eit fint lite rom – det var mange slike.
He! sa ho, – han snakka tull, men det var gildt å høre, ho måtte smile. Ho tok til og sette fram mat.
«Ja, høyr mæg no her og sjå mæg no der, Ane: No kan æg kjøp tå dæg garen, æg?» Han sa det med han sat ved borde.
Det vart ho berre lang i andlete av, og flat i auga.
Jau, verkelig, han skulde fortele det slik det var, at han hadde komme hit eins erend for det. For Juvika var ingen gar for to, ho skulde vel ikkje byttast sund? Kva?
Nei, var det likt, men.
Han snakka henne rundt og rundt, han var så lettliva og så sterk til mote, ho hadde aldri hørt han Per slik, ho hadde ikkje hørt nokon slik, i langsamlig tid; han snakka om ætta og han snakka om seg og sitt, til ho syntes det var ikkje anna til enn det: han skulde ha havt denne garen her. Han snakka beint ut, fortalte om Jens og Dåret, og om Valborg, om pris og pengar og alt han hadde tenkt på, og før ho visste orde av, var han midt inne i hennar ting, ho såg det for seg kor det bar att og ned med garen, og åra tok henne sjøl, ho skulde sele no og få litt peng på kistebotnen, det var ingen småskilling han baud henne, 400 daler radt og rundt! og slegtningane etter mannen hennar dem skulde han snakke med, han skulde gå dikt på dem, sa han, [132] by dem proces og full hyre, var så dei lysta på det.
Dikt på dem! – det var eit ord som tok henne. Han Per fekk dei agte seg eit grand for.
Ja, eller kanskje han skulde godsnakke med dem? Kanskje så flyttar du til Pålsnese du, til han Andrias?
Ho vart både raud og heit, for han Per sat visst her og las i tankane hennar. Han Andrias var enkemann, og ein trivelig mann, og vaksne born, og ein god liten gar og peng attåt; og så var han nærmaste arvingen etter mannen hennar.
Så får han pengane for Håberg, og kva skal dei andre seie da? For dem er det mest ikkje lyd i lenger; – så har dei vunne, og så har du vunne, det bli utgangen og endlyktelsa, sa Per, og takka både for mat og drikk.
Tingen var godt som avgjort da han fór. Det var einast om Ane skulde ha kår, det vart ikkje avsnakka, men det hasta det no heller ikkje med, før ein såg kva ein trong.
Det var ein lyslett og urolig dag, skuggar og sol kappsprang med ein annan innover lande, over bergskoltar og myrar og mjuke grønne lauvskogen, garar med små grå hus steig fram og smilte her og der; Juviklande kom roande imot ein somtid, med gras-strender og furuhaugar frammed sjøen.
Per kom heim til Valborg med lyst andlet, kom ovanfrå som i gamle dagar og snakka til henne, fortake kva han hadde vore i veg og [133] gjort. Ho vart litt tankefattig, kom det for han, ho var ikkje så lett å tine opp.
Nei, sa han, det var vel gjerne litt stridt det her. At han ikkje nemnte det til henne før han fór.
Å det! nei det kom ikkje for henne, tøv og tull! Men ho blunka litt sårøygd ut i vêre, såg han, ho stod der som ei småveikje framfor han. Ho såg seg rundt, på alt som var, det var der ho skulde finne att magta si. No snudde ho seg til han, reint som ho var i nød:
«E Juvikja berre som eit gammelt kle-plag da, Per?» Ho skyndte seg å legge til: «Ja, for mæg, veit du det kan bli slikt slag – men enn visst 'n far dokkes ha levd?»
Ho snudde seg fort, ho var på vegen til bure etter grautmjøl og måtte springe, gryta stod visst i kok, sa ho.
Ja, berre ho ikkje saud over , så var det bra … Per stod og såg etter Valborg og glømte å ta inn auga att. – Men den som har teke Styggmannen på nakken, han lyt bera 'n fram, mumla han. Og no fekk han avstad og sjå etter 'n Jens.
Jens var nedi Skare, ein plass nedmed sjøen, på nordsida, det var berre nokre stig dit. Dei nedi Skare var berre så midt i lage til folk, og Per vilde helst kalle dei ratpakk, late og svoltne, og ureinslige i kjeften; men der var Jens, og der var han ofte.
Per larka nedover sjøvegen. Han tykte han [134] hadde aldri set så fin ein sommarkveld, det dogga blåkvitt innetter dalane og myra, og enge stod i blomster all veg, dagrabben nådde ein mest opp i nevane; no rann kveldskuggen over bakkane her, over syre og soløy og kvite barbroekra, over vondt og godt; det er slikt sellskap i fôre, enten det står på vollen eller ligg i lasse, Per hadde hjarte for det. – Fôr vart her bra med i Juvika, og korne såg heller ikkje kleint ut i år; rettno stod bygge i skottstaen, og da skulde ein gå med ljåen, det var eit visst ord.
Å ja, sa Per, det var så det. Ein var ein fri skapning, ein gjekk dit ein vilde. Han såg aust i himmelen, det var så vakkert der over fjellakslene, store gulkvite skyer låg der og skjein for ein, og måsen han lokka innpå fjorden. Fjella, dei står der dei står, dei veit kor dei hører til. Skya ho gjer ikkje det, ho er på ferdafot støtt, ho reiser dit ho lystar, og forandrar seg etter som hjarte er til.
Men kor vart det tå han Jens! Kom han ikkje heim og åt til kvelds heller, som anna folk?
Endelig kom han, og Per gav seg til å gå borti enge og skjønna på det.
«Ja no, Jens, no hi æg vøri i veig og kjøft mæg går. Kan du gjess-på?»
Det kunde ikkje Jens, men han levna til og vart utålmodig, han vilde vita det straks. Håberg? Javel. Jaså. – Men du veit: det skulde no eg ha gjort da. For eg er no meir som ein vinglar og ein skinglar; og noko overlag i kjerringvegen [135] vart det no ikkje heller, kan eg tru. Så det der det var toskut av deg.
Det var no han som var eldst da, sa Per.
Det likte aldri Jens dei sa. – Ja, eg hører du seier det, sa han. Men det er no ho Valborg som er basen, det er slik ein nakke på henne, ja, du veit, ho er eit guldæble udi din hånd imot ho Dåret; for ho Dåret, stakar, det er no visst berre ei dultr, det, og eit jaakl for Vårherre.
«Nei ti-still med dæg! Du går no vel ikkj og sett ned kånnå di lel, veit æg?» Per var skjeiv i andlete.
«Det gjer æg no vel som æg vil med, for den del.»
«Gjord dem det, mein du, han – ja, han farfar og – anna skikkeli folk?»
«No må du bynn igjen! – Nei dem nei, dem levd no i gammel-ti 'n dem; den tida da menniskene formeredes på jorden , som du veit.» Han snudde seg om til Per og lo stilt og godt: Jaså, han måtte flytte, han, for det at Juvikgaren var for liten? Å nei du, san, det hadde vel vorte ein annan ein som måtte flytte da. «Bi no ur-liti, så ska æg fertæl dæg det æg: Det e Svarthammar-kusinn som skremi dæg herifrå. Visst at æg ha vøri retteli god ti mæg, så skuld æg ha skitskræmt dæg ifrå heile stelle. Men æg – meint no mest vi kund ha gått her bå to og stomla.»
Per gjekk og tagde ei stund, og la over med seg sjøl. Så tykte han, han fekk seie det som det var til:
[136] «Du kan gjern sei det at æg e skræmt. For æg e det. Men det e ikkj berre det, Jens. Æg må vekk. Det e liksom dem vil ha mæg vekk, over fjorden.»
«Kem da?»
«Nei, det veit æg ikkj. Men æg merka dem vil det slik.»
Han hadde slett ikkje fått sagt det. Han hadde det så klårt for seg, men det kom bort imillom fingrane når det skulde fram. Men det gjorde ingen ting, om dei trudde han var forfæld. Han hadde som eit fotfeste, tykte han: Han skulde gjera det ingen juviking hadde gjort føre han. Det hadde vakse seg så stilt opp i han, med han gjekk her og var tynn og nedforkommen. Dei snakka med han.
«Sjøl veit,» flirte Jens, «kanskji så fløtta vi herifrå samma da'n, du og æg, Per.»
III.
Per tok det for skøy, og tenkte ikkje meir på det. Jens meinte vel heller ikkje stort med det, men det skulde snart bli ålvor av det.
For det første vart det høyonna, og ho vart langsam, det fanns ikkje tørk i år heller, berre røyt og trollvêr; og enda fekk ein vera glad, for det spåka for verre tider, det hørtes fortalt om både krig og nødår, himmelen var full av spådom om det som gale var. Juvik-karane bles berre til det, og kjona med høye sitt det beste [137] dei kunde, og endelig hadde dei det i hus, slikt det var.
Du er no vel ikkje så blåferdig til å flytte enno? spurte Jens ein dagen, dei hadde just ete slåttonn-grauten. –Å, det var no visst best å byne så smått, no heretter. Ho Ane vilde det helst. – Det var no denne bryllops-greina. Jens prøvde å flire, men kom ikkje skikkelig ifrå det. Det kunde vera – triveligare, om dei vart her til så lenge. – Ja, men lat det så bli snart da, sa Per. For det var underlig med Jens, når han stod og var opprådd. – Det er eg nøydd til, sjå. «Ei sål te mann, ei bonnåt brur» du kan da vel den?
Per gjekk stilt ifrå han. Det kom for han noko som aldri hadde komme for han før: at slik var han Jens, og ansles kunde han ikkje bli; han var knapt lukkeligare han enn anna folk.
Så vart det bryllopp i Juvika, og dans og liv, og om ein tre fire dagar var det overstått. Lenger kunde ikkje Per dryge med flyttinga; og det vigtigaste for ungdommen var snart ikkje dansen men maten, dei tok til og vart bra uvant med å eta seg mett på skikkelig mat. Det var tynnt om, borti garane.
Så bar det i flyttinga. Det vart no inge langt arbeid, for dei hadde ikkj stort pøre å dragse med seg. Dei skulde gå ifrå det som det stod i Juvika, og gå inn i det slik det stod på Håberg. Garen heime hadde gutane fått som han var, imot at gjentene fekk lausmedelen [138] og kvar si ku av båsen; no løyste Jens broren ut med 200 sølvdaler, og dem var Per aust i Engdalen og lånte halvparten av; han skulde ha dem med seg til Håbergs, og Jens trudde seg ikkje i veg sjøl.
«Æ mein vi vart fattifolk attmed det her,» sa Jens. Han sa det slik at Valborg hørte det, og han hadde den hugnaden at ho tok det åt seg, ho vart hard i andlete, stod og skjelvoks over heile plata, denne høgtida hans Per, slikt gjorde godt for ein å sjå. Men Per voks i vêre og smilte ned til han: Slik er no han Jens, og ikkje ansles; vond som dørtrekken, stakar, og elles ei godmenne all igjenom, det hadde vore mang ein trøysam dag i lag med han, san.
Dei fekk godvêre da dei flytta, svartstilla og solskin. Jens var med og rodde over. Det vart elles ikkje noko rettelig avskil med Juvika og folke der, for dei hadde eitt og anna dei måtte bortover etter, Per etter unghesten ein dagen, for den vart det så han kjøpte med seg, Valborg kom i hug ho hadde glømt både renn-stolane sine og ei atten-passen vevskjei og anna smått.
Men Valborg stal seg til og såg seg attende. Ho burde ikkje gjera det, det skulde ikkje vera noko godt merke just, men ho sat no slik med dei rodde, ho hadde ikkje annan stad å gjera av auga sine.
Juvika snudde seg ifrå henne og let seg att.
«No sjer vi ikkj heimen vår meir,» sa Anders; han òg stirde attende, og han var dygtig langlet.
[139] «Ja, men det e arti å vara med og ro, e det ikkj det?» sa Valborg.
Det var elles fleire merke som ikkje varsla for noko godt. Valborg såg dem og Per såg dem, men slikt brydde ein seg ikkje om lenger, det var slutt med den tida.
«Du får ha takk da, for hjolpa,» sa Per med Jens.
«Legg 'n på stein der, du. Osså kjem du bortover ette hesten føri helgja da?»
«Ja, ka dag e det i dag?»
«I dag e det onsdan , og i morrå bli det torsdan » – Jens skuva ut færingen og stod i båten. «Det e sant: Tvi han voli rett!» det skulde ikkj vera av vegen å seie, hadde han hørt.
Per var bortover eit par vendingar, men berre som snarast, Valborg ikkje, for han utretta det for henne.
Og så var det ikkje stor tida til å tenke meir på den tingen. På Håberg var det tusen ting som venta på dem. Først måtte Per på take, for det rann som sålden, så til å skjera bord og legge inn stallgolv, og i småstundene, med han kvilte kroppen sin, som han sa, var det å bryte ut stein i stallhaugen og fylle på uti garen, så dei ikkje sokk kvik ned. Valborg gav seg til å vaske, og det var eit trøysamt arbeid, for her synte det da etter, der ein fór.
Per vart hengande ved steinen og vatne nedpå jordene, først han retta seg bein, auga var vakne og strie i han: Her måtte det bli gar med tida!
[140] – Valborg sette hendene i sida og la litt på hovude: Når ein fekk inn skikkelig golv, og avdelt til kjøkken derborte; og eit vindauge til, og ein omn – – –
Ho såg etter Per somtid, og da fekk ho smilehol i kinne: Eg meiner kallen er som spilder ny eg!
Han ansa ikkje på henne, elles hadde han vel sagt det same om henne.
Ane gjekk der ut og inn. Ho skulde ha kår, eit forsvarlig eit, og ytterstua dei kalla, skulde istandsettast til henne når tid vart til det. Ho var litt stutt og trau, og såg det ulikt med all ting. Men Per kunde få eit merkelig liv i henne, når han snakka frampå om gifting.
Han gjorde seg verkelig erend aust i Pålsnese, både ein og to gonger. Han måtte låne pengar, lét han, og der var dei å finne. Og ein dagen kom Andrias til Håberg. Det var Per han spurte etter, men Ane han råkte, og Ane han snakka med. Det var ein lettliva kall, han var nær på å ville danse, tykte Ane, og ung, tykte ho. Ane såg heller ikkje kleint ut, når ho berre vilde. Og no vilde ho. – Da Andrias fann Per, kunde han fortele, at no var dei einige, han og ho: dei kom til å ro skiparlag saman, og kven som skulde sitte att-i båten, det fekk dei no bitast om når dei kom for seg sjøl. Berre det ikkje er tredveårs-krigen som bryt laus, sa han.
Det tok si tid, men føre jul flytta Ane austover, og dei heldt eit dugelig bryllopp.
[141] Jens Juvika drakk seg full, men det gjorde ikkje noko, for han gjorde det som verre var: Han gav seg til å synge for folk; den eine visa etter den andre, og det verste var at han hadde gjort dem sjøl! Eg er ikkje glad oftare eg enn anna folk, sa han, men da syng eg! Han hadde godt mål, og dei gjekk med slike fine tonar; same kor hardt dei skjemdest på hans part, så måtte dei lye på. For det verste var, at han var ikkje reint full heller.
I fylla utpå natta kom han vasande bort til Per, midt i folkfjøllden, la handa på aksla hans og sa som så, at dette var siste gongen han gjorde han heit, siste gongen dei to var brør og kammeratar og kunde gi einannan eit skarvord. Og no skulde Per drikke, når han bad om det, for gammalt brorskaps skyld – drikk, hører du, din følunge, kva det er du står og lyar etter? Er du rædd? er du bange, Per bror min?
Per hadde det i seg kva som vilde komma no, og bad han med seg, så skulde dei to drikke eit aug'grand for seg sjøl. – Jens mjukna ved dei orda, og kom, men det skvalpa utor han på vegen: Vi to – vi er ikkje skuggrædd vi. Svarthammaren er svart, men vi er svartare, kjem du i hug her i vår, Per, kor vi sprang, som to kåte kalvar, og han føre, han føre, deven smette meg kor han sula i veg, hæhæhæ!
Per kom seg om nova med han, og inn på bure til friskt øl. Men der skapte han seg uvis, [142] drakk eit par supar og gav seg til å tvistirre på Per; han var bleik og skjeiv i andlete.
«Ka du står og górta ti du? E ikkj mi kjerring lik bra som di? For di om ikkj 'n far tok a ut åt mæg? Liti om vette, sei du – pøh!» Han såg ned, leita ei stund før han fekk tak i det; så mumla han med seg sjøl: Har eg drømt det, eller har eg hørt det: at det som skal stø ein når det knip, det er det vette ein ikkje har; og ikkje saknar. Du har da vist vett nok, he he. Han retta seg opp att: «Ja, det gjør mig lige meget, sa veikja – tvi fan kor motbydeli du e, Per! Ein hædersmann! Bi det leng før ongjin kjem, spør du? Æg står lik bein æg, samma kor æg ligg! Samma når 'n kjem.»
Per gjekk ifrå han.
IV.
Jens var snild både med tenarfolke og med kona. Likevel sa den andre tausa opp da Dåret vart matmor, for henne vilde ho ikkje gå under. Og ingen vart det å få i staden. Åsel måtte ut og skaffe dem tauser. Jens tok seg ikkje til med nokon ting, – her finns ikkje meir å gjera i Juvika, sa han, og så tok han hagla og strauk til skyttarskogen, vart borte til kvelds dag for dag. Utover nættene sat han nedi Skare og spela trekort om peng, eller han fór enda lenger. Vart han full, så song han, den eine visa verre enn den andre; dei kunde dem snart all bygda bortgjenom.
[143] Nett føre jul, det var Thomasmess-dagen, fekk han ei dotter.
«Amen!» sa Jens, da dei fortake han det. – Ei lita vakker veikje, sa dei. – «Amen!» – Om han vilde sjå henne? så kunde han berre komma. – Nei da, nei da, trongs ikkje. Han snudde seg beint til kona som var der og stelte: «Ho e vel så lik far sin som ho vara kan, ikkj sant?»
Kona vart litt ille ved, og snudde seg unna. Det kunde no vera tidlig å sjå det enno, sa ho.
Jens hadde vore inne til dugurd, og no tenkte han seg ut att. Men så er han over kona att: Kva du står og reknar etter, mein du? Januar, februar, mars, seier du. Ja, du har ein stor ein lang ein rett i det. Ungen er litt gammal alt, vel så 11 månar. Men skit, det gjer ingen ting. Han såg oppunder take og kaldflirte, og så gjek han ut. Dåret snakka han ikkje orde med.
Og dei undrast nokon kvar: Enten var barne 11 månar da det kom til, eller så visste ikkje dei. Men da hadde ho narra fleir enn han Jens. Og kvifor var han Jens nedi Skare støtt, i det siste?
Den kvelden som ein annan kveld sat Jens nedi Skare. Best han sit, tek han over neven til Hågen, den eldste av gutane, gjømmer han reint inni den svære handlóven sin, klemmer kanskje til det han vinn, for guten bit i hop tennene, og avletast; Jens ser på han og er skinande blid: Bli med opp i garen, Hågen, så skal vi sjå på veikjungen min. Det er berre ein førkjetrave, [144] men ein velgjort skapning, og 11 månar gammal. Kva? Og så lik meg da! Han hadde halvt reist seg. Så set han seg ned og spelar som før. Dei hadde stelt seg på bå begge, såg han, til å legge på døra eller ta etter kniven, om det bar i einherdinga. – Ja, sa han og såg rundt på dem: det kunde eg ha havt mot på, å fli om dykk litt; men det lønner seg ikkje – trur de eg er ei husmanns-lus for det om eg sit her i lag med dykk?
Dei spela til svarte natta, og Jens stumla heim i mørkre. Han stod ein augblink utom Gammelstu, såg på Sjustjerna og tenkte seg om: Kanskje eg skulde tende opp varme og legge meg her? Så kunde husmanns-lusa ha stua for seg sjøl. Men han aksla seg berre, og gjekk på lofte og fann seg ei seng der.
– – – Juledagane var ikkje folk ute og rak. Dei var einast til kirka, og elles heime kvar hoss seg og heldt helg. Den skikken braut ingen utan han Jens. Han fór frå kirka til Håberg, høgste juledagen, og der gav han seg for. Per og Valborg var litt opprådd, det såg han, men han gjorde seg berre godt av det. Han såg det med, kor det beit Valborg at Dåret hadde narra henne. Han fortalte dem gong for gong at han hadde fått seg ei dotter, og at det var om Thomasmess-dagen. Det vart no ikkje så ho gjorde ålvor av det og kom før, sa han.
Andre dagen bar det aust i Pålsnese med [145] både Per og Jens, og sea var dei fleire stader; dei hadde moro for mange pengar.
Endelig ein morgonen var Jens på heimveg, og Per var med han nedåt sjøen. Dei vart litt ut-tura båe to.
Da Jens står i båten og stikk seg utover grunna, seier han:
«I vinter ska æg på Lofoten. Så du val lava så vel da, Per.»
Dei kom til å stirre på einannan, og Per vart bleik.
«Nei men, du e no vel ikkj gælin, Jens?»
«Å jau. Det e rett slik. Æg vil ut og lea på mæg, skjønna du ikkj det da, din fåni?»
Han sette seg i årane, tversnudde båten, men gjorde ingen ror enno. – Du får leva da, Per, all din dag! Eg er no glad lel, at eg er såpass til kar som eg er. At eg ikkje er same sauskinne som du. Eg ét no grauten min om det så er uty i han, eg. Og er det ikkje merkelig du, kor eg kan stikke nevane i lomma, så dei ikkje fer i veg og gjer det som gale er. Båten hadde reke innåt steinane att, og no måtte han i roinga:
«Takk for lagje da, Per.»
Åretaka gnaura etter han all fjorden bortetter, lenger og lenger unna, det var måle til ein harsk ein.
Per nemnte ingen ting til Valborg om dette. Og Jens fortake ikkje kona si om kor han [146] skulde, før han var på ferda å kalle. Han hadde tinga lag med ein utafollning som var der og kjøpte ved, og gjorde seg ferdig fortaste han kunde, han skulde ikkje vera høgare enn leigekar, for han hadde ikkje Lofot-børnskap. Dåret torde ikkje sjå opp; ho såg ut som ho aldri hadde venta seg anna.
Og så hadde han tinga han Hågen nedi Skare til å vera her og stå for i vinter, kva ho sa om det?
Sål-tinge bøyde seg i golve etter eitkvart, og ho vart verande der og famle og leite. Det går vel an det, sa ho.
Jens stod litt enno, han prøvde stå still midt på golve og vera utanom all ting, slik som Per pla gjera. Pannehuda skaut han opp og ned som ein forarga bjønn. Dåret var på vakt, ferdig til å legge på dør. – Ja ja da, sa han berre. Ho fekk stelle bra med han Hågen, hugs på han var herjen etter mat den karen. Og forresten, vart det gale på noko vis, så måtte ho sende bud etter ho Åsel, ho var den vissaste å ta til, slik.
Gudskjelov, så var det over, og glade var dei båe to. Han var alt ute, så kom han innatt, han skræmte mest vette av henne; ho gjekk attom vogga og stod; men så var det ikkje anna han vilde, enn å seie henne farvel og ta henne i handa. Dåret skjønna ingen ting av det.
V.
Vinteren gjekk, men han gjekk tungt, ein blåsande og vond vinter.
[147] Han var tunghendt nok i Juvika, når landvindsrokke sette til, det var inga søtmjølk for den som skulde vera ute, vart det sagt.
Mykje verre var han på Håberg. Der tok han frå alle kantar, så sugande langvarig, og så innbitande brennsk; han åt folk, som dei sa. Per påstod det bles tvert igjenom han, same kor han gjorde av seg, det var ein fiende som vilde jaga han derifrå.
Det var elles velsigna slik, at han hadde nok å gjera, og Valborg såg etter han og kjente seg lettare enn ho hadde gjort på lang tid: Javisst stod han og glømte seg bort enno gong og annan, bortom veggen einkvar staden; men aldri lenge om gongen, og større mørkrædd var han ikkje heller, det ho kunde merke, ikkje noko som tok på han. Han var den ho hadde halde han for.
Endelig kom våren det åre òg. Han kom enda tidlig på Håberg, det låg slik til. Stallhaugen kom fram først, steingråe andlete vann seg opp og såg ut i vêre, sea kom dei ein etter ein, gamle gråe karar, stod og sola seg, utan tanke og utan trass; og vollen kom etter, flekk for flekk i gulgrå armod; og no vart myra berr, heile skrinne brune andlete var berrt, fuglen tok til og song over det. Gråsteinen skaut seg opp utor molda si, han vilde sjå kor han var. Groteven reiv ein i nasen, reiv ein både i kropp og sjæl. – Lufta var full av vår og blåna. Og vårblått vart alt ein såg å.
[148] Allting skifta ham, som skifte kunde.
Per og Valborg var ute om kvelden stundom, stod og samsnakka om eitt og anna, stod og lya og såg seg i kring. Somtid var Per åleine. Da hørte ein meir. Da kom det sugande ein nattlyd utanfrå sjøen, det gjekk og spurte og spurte frammed lande; det var sjøborden. Og det svara aust frå marka, vårnatta svara med eit einslig mål; det var bekkeduren inni skogen.
Og våren skreid fram, over Håberg og heile grenda. Vårvatne sprang og klukka og lo, vinden sprang i susande elingar. Per pløygde, og han sådde, i solrunna var han på åkeren, og midt på dagen og seint på kvelden, Håbergjorda hadde ikkje vorte uroa slik før; han tykte ho snudde seg og glåmte på han, som ørtande kua, gav eit lite godslig støn ifrå seg imillom. Enno fekk storsteinen kvile eit år, og enno fekk vatne ha si tid; men han tok til og budde seg så smått, og hadde auga etter det.
I Juvika var det kleinare. Jens kom ikkje heim. Skiparlage hans sendte bud, at han hadde stryke enda lenger nord, med ein handelskar, og dei skulde helse så flittig. Det var ei nød og ein tilstand, og Per måtte bortover og greine med både eitt og anna.
Men da hadde alt Åsel komme dit. – Ja, no får du ta garen, sa han til henne. – Ho? – Just nettopp ja. – Men enn han da? – Nei. Slik fór ein ikkje og rak. Og du, han snudde seg til Dåret, du får få eit lite kår, ei ku og [149] litt korn og kva det no kan bli; så vidt du lever. – Kår? – Jaha, kår ja. For det bli ikkje så du får komma dragande hit med han der huskallen din nedant Skare, det klikka det, sa vi. Veikjungen snakkar vi ikkje om – har du forstått meg rett? – Ja ja da, sa Dåret, og no seig ho i hop og vart både blå og bleik; ho torde ikkje møte auga hans.
Per var heller ikkje å møte i dag. Om det så hadde vore kongen, så skulde han ha gått utor vegen for han, kom det for dem.
«Det bli likast du fløtta hit no straks da,» han tok Åsel for seg att. «Han Mikkal e no hælv vori som ein kobbi, men du skal ha gåren lik-vel. Hus-på det va slik han far villa det, han såg det vel for sæg. Prisen og det – snakka vi om sia. Ho der – snakka vi ikkj om.»
Enno ein gong kom han og fekk Åsel for seg. Han hadde komme slik oppi det, ho kjente han mest ikkje att. – Eg? seier du. Nei. Eg er der eg skal vera, eg. For eg måtte vekk! Dei vilde det slik. Og desutan så må ein lea på seg litegrand. Ja, og så var det ho Valborg. Ho gjekk her og harma opp seg og vart både vond og stygg. Ho vilde ikkje herifrå, nei, men ho skulde! Så det er gjort gjerning det. Og no er det du som rår i Juvika. «Du val batta tak, Åsel!»
Og slik vart det. Dåret fekk Gammel-stu til kårstue, og elles alt ho skulde berge seg med, og Mikkal og Åsel tok garen.
[150] Per og Valborg var hoss dem ei sundagshelg. Asel gjekk med djupe smilehol, slik juvikkvinnfolka gjerne hadde når dei lika seg. Mikkal såg nyfiken og ålvorsam frå det eine til det andre, og spurte Per til råds om mange ting. Ungane deira var alle stader, ein heil skroll med avkom som kravla og sprang og gjorde sjau: det var så ubergelig trøysamt her. Og Per nikka, at slik skulde det vera, slik vilde Juvika ha det, hadde så villa all sin dag, – No får vi sjå å komma heim , sa Valborg; det var så mangt som venta på ein der.
«Det kjem an på,» sa Per da dei rodde heimover, «det kjem an på om det ikkj e slik at de gammel tomtin skjøt hamen somtid. Dem ha det for det, gammel-karan.»
«Men frels os fra det onde!»
I.
[151] Det var utpå førejulsvinteren, ein totre år etter.
Per kom over garen frå svala, der gutane heldt på og hadde inn brenntørv. Valborg kom ifrå bure, ho hadde vore etter brød. Ei plasskjerring smatt om nova med posen sin, og Per såg han var tom.
Ja, sa Valborg, – men kva skulde ein gjera? Ho visste ikkje kor det vart tå korn og mjøl, men bort kom det: Det ståst ingen ting. Hyra dei med grautmjøl vinteren over, så fekk ein seie det var storveges; og korles var det med såkorn? Ei tønne bygg, det vart ikkje mykje det til Håberg-jorda. Men som sagt: grautmjøle –
Å – dei fekk ta seg skjei og anna utover vinteren. Det var vel ikkje meininga ein skulde vera mett støtt.
Slik vart det gjernast, når dei snakkast ved. Alvore og meininga kom bort for dem, tykte dei. Den eine stod og undrast på den andre, men dei stod liksom med ryggen til einannan, fekk ingen ting vita.
Valborg gjekk inn. Per gjorde seg ein sving bortom fjøsnova, og der stod kjerringa [152] med posen. – Kva det er som feilar deg? sa han, – er du mjøllaus? Kom med posen din da, fort. Han langa han ut til henne att, som det skulde vera ei mark i han eller så: Her går! Kom deg så heim.
Valborg hadde rett: Dei tok til og vart for fjølgmennte no, og i bure der minka det stygt, ein fekk hålede seie nei ! Men Per lika det ikkje, det var slik ein fattigmann-smak av det. Han lo hjartelig, når smågutane varskudde: «Der kjem det ein påssatråvar igjen!» og han kunde gjerne ha hissa hunden på dem før dei nådde til gars; men det var eit anna mål når dei først var her. Det var no òg ei strid tid for småmannen; ho var strid nok for anna folk.
Første sommaren dei var på Håberg, kom det store froståre. I mai sette det til med sprengvarme, så dei knapt berga beista for ormåte. Utpå sommaren fraus det, gong for gong, og verst var det på Håberg. – Det var no så det, sa Per berre. Ein riv no ikkje ned låven for eitt uår. – Nei, vart det no berre eitt, sa Valborg. Men det var rart det skulde treffe til just i år? Hø! sa Per, og så snudde han seg. Han kunde snu seg slik ifrå ein, at ein var både glømt og bortkommen. Han meinte ikkje det grand vondt med det. For Valborg var ikkje noko sål-kræ til kvinnfolk. Det var det, at det hadde gått gale med henne, to gonger: ho hadde fare av vegen. Første gongen før dei flytta ifrå Juvika – det var no så tungt for henne å flytte derifrå; andre [153] gongen her i sommar, og da heldt ho på og skulde stryke med – det var vel det, at det vart som eit uår da òg: det vart for tørt. Ho tok det som eit varsel, eller korles det no var.
Og matlaust kvinnfolk skal ein aldri vente seg stort av, sa Per med seg sjøl, og dermed så la han ifrå seg den tingen og rauk i arbeide att. For sjøl var han ikkje å rikke: Her var han, og her skulde han vera; dei vilde det slik. Og her var det godt å vera. Her har vi det tilmålt åt oss, stein og vatn å slåst med for hundre år, kunde han seie med Anders ofte. Og ei rik og venlig jord, når ho først vart kjent med ein.
Per dreiv på og gjorde seg ny steinsleda. Men no heldt han opp og lya: Det gjekk seigt med husmennene på låven i dag. Ein dask i dag og ein i morgo, lo han, han hivde verktye og gjekk bort og synte seg for dem. Bygslpengane hadde dei vori fri no i to år, men det hadde just ikkje kvikka opp dem; og arbeide skulde dei, så mykje dei visste kven som var herre i garen.
I det same kjem Valborg og bed han inn. Det hadde komme frammandfolk. Kven? Å, det fekk han vel sjå. Ho såg det på han: det var han Jens han tenkte på. Slik var det ofte. Men det var ikkje han Jens, det var ho Mærit brennar . Ho garfór og brennte for folk, og desutan fortalte ho nytt. No eit par år hadde ho ikkje havt noko å gjera, dei hadde mest ikkje [154] set henne; men i dag kom ho skjeivande, og ho sette seg for liksom ho skulde vera tinga.
Ho drakk snus, og fortalte om vêre og åre og mangt anna. Der hadde det slege seg fang på fjøse, enten det no var finn-gann eller anna illt; der heldt dei på så smått og svalt i hel. Og han hadde fått søtt og var snart klar, ja, og ein annan ein hadde brekt blod ! Men verst var det på andre sida fjorden, bortmed Svarthammarlande: Der gjekk det ein kvit ein og ropa, han vilde i kristna mold; – ho fortalte og naus, til stua rann full av styggedom: det var ei svart tid, det sov ein frammand hund under kvar ei seng mest.
Valborg hørte berre så halvt etter; ho visste det der før. Men ho sat og hadde så ill ein ank i seg, og auga var ute etter Per i einingen. Han var liksom ikkje å finne. Han hadde slik hugnad av det Mærit fortalte. Endelig vann ho ikkje tie lenger: Hadde han tinga på ho Mærit?
Javisst! lét han, men det var berre på glant, og så tok han til og fråga om meir ufreskje.
Valborg gjekk beinast åt bure. Og rett nok: byggromme var tomt! Ei tønne bygg hadde dei havt, og no var ho vel i basstua, skulde brennast til jul. Ho gjekk inn att. Ho nemnte ikkje orde om det.
Og i brenninga bar det; Mærit ho brennte, og Mærit ho klåra, det gjekk stilt for seg som ein trolldom, og så hadde dei brennvine der, den skire brennande dropen. «No hi æg klara, og [155] no e æg klar,» sa ho, og dermed seig ho i kråa og sov som ein stein. Ho var karra full. Mærit smakte aldri dropen av det ho brennte, det var hennar eigne ord; ein kann bli full av eit mindre, sa ho, og det tykte folk var billig.
Det var langt på natt, og dei sov snart stokk og dør i huse. Einast Per var oppe enno.
Ute var det kald og blank natt. Sjustjerna stod over låvetake; månen la blå skuggar på snøen attom husa; nordover og sørover og kor ein såg var det måneskin og skuggar og klår himmel. Slik kunde natta stige fram for ein: eit stort og stilt andlet, to store auga. Når dei stod imot ein, vart det lite å vera menneske. Kva var det dei såg?
Det var ei lita dimm rute han såg utgjenom. Han tok hendene attom nakken og stod slik. Han stod ikkje og tenkte, det gjorde han mest aldri no lenger. For den som sel seg til tankane, han sel seg til ei svart magt. Han stod berre slik. Han undrast enda, om han ikkje hadde hug til å drikke seg litt på mote, og så gå ut og ruske i folk, – var han ein juviking, og det var han, så gjorde han det.
Da merka han at Valborg låg vaken borti senga. Han lea på seg, gjeispa litt og såg bort i omnskråa, der ho Mærit låg – det var om korles han skulde få ho derifrå?
«Og no hi æg klara, og no e æg klar,» sa han. «Ja ha, vi gjord eit heilt smal.»
[156] «Du står som 'n Tore Fortenkt, mein æg?» sa Valborg.
Han snudde seg til henne, han fekk små blide auga, slik ein får det imot barne somtid: Var ho forfæld for han? At han skulde skapa seg styrlaus i jula og til å stordrikke?
Det svara ho ikkje noko på.
«Hell e det konne du ligg vakjin fer? Det sei du helst. Enn om du prøvd å sei skit i konne, du liksom æg? Du skuld kjenn kor lett du vart om hjarte.»
«Men at du la i veig og gjord det der. Det e det æg ikkj kann få-te.»
Han snudde seg halvt til Mærit att. Sjå på henne der, sa han lystig. Ho låg ikkje vaken, ho. Stygg ja! Vårherre hadde vore rettelig knaphendt med henne; men det tykte ho vart ikkje hennar sak, det var verst for dem som skulde sjå på henne, det. Skulde han ta og ha henne på lofte? – Enn det kjem ein svart hund i natt og lugtar på henne, meiner du? Så er ho klar da.
«Æg mein du e – æg mein du e drykkjin du ò?»
«Nå nei.» No kom han over golve bort til senga. Ho såg han var heilt ædru.
«Æg veit det da lel æg, Per. At du e den du hi vøri all tia. Samma ka du gjer.»
Han glåmte på henne. Rettno gjekk stua på hald for han, var han full like vel tru?
«Ka det e som står på no da?»
[157] Valborg låg og arbeidde tungt med det. Før visste ho ingen ting om Per. Da var det slik stor ein ting. No visste ho liksom alt i hop om han, og no var det det som var det største ho hadde.
«Nei, det va ikkj noko serlig just. Men det kjem så fer mæg – at vi hi inkvart imot oss?»
Ho såg forskræmt til han og frå han, ho kunde ikkje tru ho hadde sagt det.
Han tok til og klædde av seg. – Legg deg til å sova no, kjerring, sa han. Ho sa ikkje noko meir, og det vart stilt i stua. Det var ikkje anna å høre enn ho Mærit, ho raut borti kråa ved omnen. Varmen slokna, og lyse stod og toppa og skalv, det slokna snart det òg. Månen la gulgrønne ruter på veggen. – Ja, sa Per, han hadde sete ei stund på senggavlen, og no ansa han på kor stilt det var, – korles det no var og ikkje med det, det visste han ikkje. – Men her skal vi no vera, det veit eg. Same kven som har planta oss ned her. Same kven det er for ein, ja.
No slokna lyse, Per klemte ned skare, og så var han borti vass-stampen og drakk.
Ein hørte søyen av fjorden, når ein la øre til, han gjekk i måneskine og drogst med landvinden og kulden. Det var så det isa inngjenom stua. Per småflirte:
«Men sjå, du e forsnudd du, sia vi fløtta frå Juvikja. Du følla i myra berre for den skyld.»
«Tull! Æg veit du gjord rett i det, Per. Men æg tenkji på ein ting. Og det gjer du ò.»
[158] «He? Ka fer noko?»
«Og sjøl veit – ka slags ondt vi ska ha att for det.»
«Kyss katta! Han Morten Aune? I morråkveld tek æg børsa, osså reisi æg bortett og skjøt 'n.»
Ho låg litt, så kom det, og det kom djupt innanfrå, det hørte han:
«lkkj å sei slikt. Du e ingen juviking lel, Per. Ikkj e det meiningja du skuld vara det hell.»
Han kjente seg skamstukken med det same, men så lo han og kraup under fellen:
«Jøss, jøss rett! Kor du opna hjarte!»
Han mumla det enno ein gong, med seg sjøl, og gjeispa attåt: opna hjarte heilt inn til hoggtennene.
«Presten mått no vel kund gjera åt fer det,» sa ho. «For at vi ska li for det all vår dag, det – det – »
«– det bit mæg på leggjen, sei!»
II.
Utpå vinteren rodde Per over til Valvære to gonger, men han kom tomhendes att. Han nemnte ikkje erende sitt, og ingen spurte heller. På vårparten var han der att, og denne gongen kom han heim med to sekker Bergens-korn.
Han stod berre og såg på Åsel ei stund, ho visste ikkje om han snakka til henne eller berre snakka med seg sjøl, men ho var einig [159] med han likevel: Dei fekk få dei som trengande var. Dei kom smitande med tomsekken rett som det var og vilde råke Valborg, og Per hadde rett i det, dei såg ut så forargelig når dei slong av heim matlause. Det vart ikkje lenge millom at smågutane varskudde: Der kjem det ein posetråvar igjen!
«Ka vi ska så i år, mein du?» stod Valborg og undrast ein dagen med ho auste opp maten. Det var lite om å gjera at ho ikkje kom til å seie det. Karane sat attmed borde.
«Ja det veit da Vårherre!» sa Per best det var, han hadde lese for maten og var på vegen ut.
Valborg vart heit, for så hadde han vel merka kva ho stod og brann med.
«Juvikja der hi dem malli med konn enda, høyri æg.» Ho sa det dagen etter, ho var borti stallporten etter eit kjørel, og Per stod der og rettererte eit hestegrei. Ho venta ikkje på svare, og det kom heller ikkje.
Den dagen kjørte Per aust i Pålsnese og fekk kjøpt seg ei halvtønne såkorn. Ane målte i til han, og ho tok skjeppa full: Håberg-jorda skulde ha dette her, let ho. Ja, ho skal ha det, om det så stod digert her med kjerring og tagg, murra Per, og da han kom heim, tok han såbøtta og la i veg liksom han hadde stole det.
Same dagen kom Åsel roande eina-mann over fjorden. Det var Valborg ho vilde råke.
«Du val vara med nedåt sjøen,» sa ho berre.
hestegrei: selety.
[160] Valborg let av seg forklæe, tok på seg klompane og kom.
Nei, sa Åsel, ho fekk no ta på seg sko den her gongen; – låtten sat og bibra i aug-krikene og ved munnvika. Valborg så gjorde, og no gjekk dei. I båten låg det to sekker korn. – Men her har vore folk ser eg, sa Åsel, og let auga gå opp i plassane. Ja, ja: «Dem ruska og dreg og smått stél,» som 'n far sa.
«Tek du den ein, så tek æg den ander?» ho såg lystig på Valborg.
«Ja skit!» og dermed tok ho sekken på nakken og la i veg; Åsel etter med sin.
Det var halvtønna i kvar, og vegen vart både lang og steinut for dem, Håberg tok til og flytta seg unna dem på sluten, men endelig var dei da oppi bure med dem.
«Der mein æg dyrede det kjem to påssaråvara igjen!» sa Petter, minste gutungen, han nappa borti faren.
Per såg som snarast den vegen, men han gav på med sitt.
«No legg vi såkonne i blautt med det samma,» sa Asel.
«Det var gjern det tryggast det.» Valborg lo litt, med eine helvta av andlete. Dei stod og pusta ut etter take, og såg på einannan: dei var no ikkje reint for katten heller. Valborg blunka:
«No ska 'n bli bra langlett, kallen din, når 'n bli vârs det hi vøri tjyva i konnbingan.»
[161] «Va det likt. Han e så for rundlett. Og for lett. Og forresten så: Han Mikkal han – »
Valborg lo. Ho hadde ein høg og sterk lått når ho vilde fram med han, ein såg for seg blanke vatne når ho lo. Men ho var snart i ålvore att: Det var som ho sa det, at det gjekk ein dag om senn.
«Det va noko æg skuld ha snakka med dæg om,» sa Åsel, da ho stod på heimferda. «Men det får vara.»
Valborg raudna til litt: Kanskje så visste ho kva det var. For det var mangt ein trong å snakke om.
«Men frels os fra det Onde!» det sa ho for sin del. Så gjekk det vel ein dag om senn.
Det same sa ho til Per om kvelden. «Fra det onde ja,» lo han; – ja, det burde ho seie to gonger. Så gjekk det kanskje to dagar om senn.
Jorda fekk det korne ho trong, og dermed var mange ting vel og bra. Det var eit under kor det rann opp av henne. Svart er ho, og vel vil ho meg, sa Per. Og vent no berre til eg får områ meg.
Han hadde ein gammal einstøing som heitte Steffen, på garen, han hadde arva han etter Ane. Steffen Storsko kalla gutstrikane han, for han hadde slike store foteblad, – dei hadde tinga seg horn-skjei-emne utor stortå-neglene hans, fortalte dei. Det var ein tru ein i alt arbeid, og Per hadde komme på snakk med han, så reint av seg sjøl; det var ikkje mange han snakka [162] noko med. – Håberg skal bli gar det, Steffen, sa han med han. – Håberg er gar det, murra den andre. – Når vi får stelt lite grand med storsteinen her, og med vatne. – Nå, det veit eg no ikkje. – Kvifor ikkje? – Ja. Han er no gammal her han da, steinen. Frå føre di tid. – Ja, men rettno bli han ikkje eldre, ovan jorda. Han skal ned – skal han. – «Vør 'n ikkj, ban. Vør 'n ikkj. Det sei æg dæg det!»
Per hadde trøyheit av dette. Des meir ein snakka med folk, des meir grodde ein til og voks ifrå dem.
Han lea innpå denne praten fleire gonger utover sommaren, men Steffen vart meir og meir sta. Steinen, kva gale hadde han gjort? Og vatne? Hadde dei ingen rett no for tida, slike ting? «Det vart vakkert til årveg på Håberg i år . Det gjord så. Men: veit du ka du fe te åri komman', mein du?»
Ovtru og tull, bles Per. – Ja, kva det no var og ikkje om det – – så var ho no gammal ho som temte. Han Iver Brudalen, ein såg no med han. – Kva det var med han da? – Nei, ingen ting. Anna enn det da, at han vart under steinen han. Ja. Steinen saug han under seg – det var ikkje slik ein småstein som låg i vegen for han. Dei grov han opp halvdaud. Han lærte no å late eit og anna ha fred. «Fred på jorda,» står det. Stod så i gammal-presten si tid ja.
[163] Per lo. Han lo sjelden, men han lo godt, ovanfrå og ned på Steffen og steinane; han mota seg heitt på dem. Han hadde tykt han rodde åleine i mørkre ofte, det var ikkje å negte for det, og frå Juvika var han skræmt, liksom han hadde ei heil horg med svartvengd fugl etter seg. Men når han kjente etter, så var det utrulig kor lyshærd og vantruen ein juviking han hadde vorte att. Og hadde så visst Jens vore her – men det kunde vera det same, det var ingen lenger som sakna han . – Det er ei smal sak, Steffen, når ein har fiendsmannen sin berrt framfor seg slik; når ein får sjå han i andlete. Og knip det om, veit du, så kan ein seie som dei gjer, kvinnfolka, – som folk seier her i nærheita med kirka: «Men frels os fra det Onde!» seier dei; det må no vel hjelpe lel, ikkje sant? Men Steffen vart mølen og grå, og Per måtte gjøle lenge med han for å få han god att. Det var berre det, at det gav slik ein frisk smak i munnen å raspe på eit menneske av og til.
Og så hadde han desse gutungane ikring seg. Dem vart det ikkje folk av. Mat og bank støtt og stendig, sukka Valborg, og enda berre kjeften og bakbeina. – Ja, men her er bjørk nok, sa Per, og einkvart må du ha å rive av deg uvêre på. Men han var fortenkt ofte: Kven rådde for dem? kva var dei emna til? Likevel var det hugnad i dem. Han var ikkje åleine lenger.
Han slo neven oppunder takåsen, ein kvelden han var innpå bua og fekk skjenk:
[164] «Hoi, gut! Det ska alvor te før æg be kvinnfolk-bønna!»
III.
Per stod og såg på Steffen Storsko og drengen, dei heldt på og la att veit. Det var eit nytt arbeid der i bygda; det hadde vore berre ope-veiter før. Steffen var sunnant, og det var han som kunde det. Han kjente sig som en konstsmed der kan stod, gav ikkje eingong husbonden nokon anns i dag; drengen baud fram stein for stein, men vardetlikt! det var aldri den rette: dei to på sida og den oppi: «Sån gjær vi det sø-på!»
Per såg på han, i logn velmagt. Hovude hans var lite og rundt, og svarthærd, panna var det ikkje stort om, men eit tungt og knokut andlet nedetter; auga småe og armodslige, men dei var fulle av visdom når dei sorterte stein; ryggen han var skapt til slaverygg. Per såg nøye på føtene hans: dei var stutte og krokute, med lange, flate foteblad, – han der skulde visst ikkje gjera stor farten om han sprang. Per såg på sine, kjente liksom på heile seg. Han kunde hoppe si eiga høgd enno, han kunde kappspringe med hesten; kunde jaga folk på sjøen, stod det om, smilte han med seg sjøl.
No gjekk han sin veg, til sitt. Han heldt på med storsteinen lenger nedpå gjorde. Han løfta på auga da han gjekk, såg seg i kring med [165] slikt høgt eit mot: Det var dette her han hadde stått etter all sin dag; det var derfor han var kommen her. Det kom ikkje for han at han hadde tvila på det nokon gong; det var ho Valborg det, og ho hadde tida til å tru det ho vilde.
Det var hausten alt, og korne stod på staur; det var dei første klåre kveldane. Det var ålvorlig til godt vêr dette her. Lande sørover skapte seg om med han såg på det, det kom haugar og fjell i møte med han, rindar og knausar stod fram med dagslys og skugge, og det som var lenger unna tok og reiste sin veg, langt inn i himmelen og kvelden; lande slitna sundt framfor han. Og månen var alt på himmelen, det blinka kaldt og lystig i vasstjønnene; rettno fraus det på. Lat det fryse, murra han, hufsa litt på seg og likte seg, slik ein gjer det når ein er frisk.
Her var den karen han skulde ta no. Han hadde alt grave opp grefta åt han. Steinen hadde liksom vakna, tok til og vart uroa. Han hadde skjeggroser over heile andlete, og fullt av små auga. No hørte han måle hans, det var Steffen sitt, murra så mosegrått imot han: Det bur mangt slag i ein slik ein som eg. Det vilde Per gjerne tru. Småkallane heldt vel til her, og no skulde han vanlaga huse for dem; han hadde set ein av dem her ifjor, han sprang frå den steinen der borte til steinrauka nedom reina, nøsta og sprang så sliren slong bakpå han. Per støytte jarnstauren midt i andlete på steinen: Huff [166] gut! Så hoppa han ned i hole og til å grava. Det var litt vålig, for grava var djup og trong, og steinen låg visst berre på lur. Per gjorde seg som ei trapp i den andre veggen. Så om tuftkallane fann på å velta han i veg for tidlig, så skulde dei ikkje ha stort for det.
Han skvatt litt, for han merka det var ein attmed han. Det var berre Anders som kom og vilde hjelpe han. Slik kom han mange gonger, med spaden eller greve, enda han var i grunnen morsbarne i huse han. Der kom han Halt-Andrias, varskudde guten. Per såg opp og ikring seg, og der kom han, det var rett nok.
Halt-Andrias var ein halvfinn, og gift med ei finntøykje, ikkje rettare folk visste; han rak i garane og tagg, ofte, ein liten og låghalt trave, hål og blid men farlig nok for det, – det fanns ikkje hår på hans hovud, og aldri såg dei huve på det heller; og han takka og velsigna ein både for ja og nei. Han var berre ungdommen å kalle, og ein lystig kropp. Låghalt det var han så det var ei nød, men det flirte han og var glad for: å, sjå, den eine foten er for stutt, men så er den andre så mykje lenger, det går opp i opp, og det høver så smellgodt når ein spring i ulenda, stuttfoten tippar så fint nedpå tuve og stein, a-i-a-i-a-i-ó !
No kom han kneande beinvegen over gjorde og stana bortmed Per. Per herde mest ikkje sjå han for auga, det gekk han som dei andre og vel så det: han kvakk først han vart vâr han; [167] og kvifor var han så blid støtt denne finnlarven? og kvifor sat det ikkje huve på fleinskallen hans? Kva var det for noko han vilde ein?
Skulde helse så flittig frå Juvika, sa han. Det var fint i Juvika; og fint folk. Han savla og snakka, smurte Per inn med feitt, slik kom det for han, med slie og blidt snakk, om juvikfolke og Håberg og mange ting. – Gå heim og gi lusa mat! murra det nedanfrå Per. Anders stod og såg opp og ned over finnen.
«Kann du gann?» sa han best det var.
«Be gu bevar deig fer slikt snakk, gullbane mitt! Å gann, det e å be te Styggmann' det!»
Per hadde komme opp og skulde ha i jarnstauren. Før han sjøl visste det, hogg han i kragen på finnen og løfta han til sides: Reis til helvete og kom aldri att meir! formana han.
Finnen gnall i: Han skulde helse frå Svart-hammaren, og ifrå' n Morten Aune, og ifrå a Dåret og ungen og – ifrå 'n Jens, bror hans og – og – hi hi hi ho! Han gol som ein devel i dørgåtta, syntes Per, det rørtes så kaldt inni ein, han var over han i same blinken og hivde han.
Andrias halta i veg austetter det fortaste han vann, og ropte ikkje før han mest var borte inni mørkre og skogen. Da lo han hitover: «A–i a–i a–i ó!»
Per humra litt, han òg, og så gav han seg til å løyse steinen. Gamlingen seig ned i senga si med ein lang, grov sukk; han var for gammal til å [168] mæle imot. Røyken stod unna han, og jamenn tok han Per etter seg!
«Nei bi no!» sa Per, tok seg drægt og fór opp att, – «æg ska no ikkj rottn' her! – Dem vart no for støtt denher gongjen", la han til.
Så vilde han ta småstein-dungen og hive ovapå storen i hole. Det blir grunnt å pløye over det, sa Anders. Enn om du tok og lingsa han borti linfåa der? – Du seier noko du, sa Per; og så gjorde dei det. Per tok dei største og bar, Anders kom med dei andre. På sluten tok Per og hivde dem handlaust heilt bort i dike, og Anders slikt slag. Per gav på så sveiten tyta av han, han vart sterkare og sterkare, steinen fauk som trelompar bortetter. Det var jamenn godt å merka det fanns att ein urliten tott av magta enno.
Men da vart han for noko rart, i det same han slengte i veg ein stein: Det var ein som rørte borti han. Det var ein som strauk han midt over magen med ein finger, ein varm og god finger, men det var reint som han datt av, i to stykke, føtene dei veikna bort under han, og han vart ulik all igjenom. Han tok etter ein til, for han vart arg, men det var inga magt i han meir, han måtte bera han nedover.
Forresten var linfåa fyllt no, så dei var kvitt både hole og steinen, og Anders måtte heim og sjå etter sauene, dei stal seg gjerne til fjells til natta.
Per gjekk i måneskine og stussa med småsteinen. [169] Det var ikkje større vondt i magen, når han ikkje tøyde på seg; han vart berre så kald og rar. Skal eg verkelig tru at eg sleit meg sund da? Han kjente vel etter, enda han var mest huga på å late vera. Å jau, det var gale med magen no; – han gjekk og sette seg. Han merka han var kald i andlete, og tom i kjakane som ein tjuvkjent ein. Skal eg no bli gåande ufarug da, reint uverdig, knurra han, kva fanken skal det vera godt for? Enno – har aldri ein juvik-kar slite seg sund lel, saug det seg gjenom han. Og så nett no ? – Å skit, han var snart god kar att; om nokre månar så –, om nokre dagar.
Han reiste seg. Da kjente han tydelig det var ein som slo etter han. He? sa han og snudde seg. Og der! han kjente berrt vinden av ein neve att. Han flirte rasande millom tennene, som Jens når han slos:
«Skitmagt! Såldom utu plassom! Vør mæg ikkj, det varsku æg dokk om!»
Månen skjein støtt og trutt, og det svara spegelblankt i alle vass-dika og hjulfara; det hørtes som måneskine fingra ved korne på stauren, det tuska og snørp i det i stilla. Svarte skuggar for kvar stein, og djupe natta til skugge for kvart fjelle. Folk fanns det ikkje. Kven skjein så månen for?
Per reiste seg brått, han tok spaden og gjekk heim. Han gjekk stiv og ihopbiten, som ein full ein når han skal gå beint; han undrast om nokon kunde ha gått meir rolig enn [170] han gjorde no. Med han var på heimvegen, gjekk det opp for han, kva dei meinte med å ha ein hestsko på våga når dei braut opp stein; han hadde berre skodd henne med anna jarnskrap. Hadde ikkje stål på seg, ikkje så likt som tollkniven i sliren. Han kom gåande til gars; berre litt fort om nova, litt snåp i døra; det skulde ikkje mange gjera han det etter, det visste han.
Det vart ingen mat med han til kvelds, og han bad drengen sjå til hestane.
Dagen etter gjekk han og småpusla heime i garen. Valborg bad han mest aldri om ei hands hjelp; men den dagen bad ho han ta i med seg og flytte ein stamp bortmed brunnen, han var full med klæda og vatn. Per kom og tok i, men han vann ikkje. Eg gjorde så illt med eine handa mi igårkveld, sa han. – Tak i med den andre da, her! sa ho. – Og med ryggen, hører du! han ropa så det rønn i veggene.– Høy san! sa ho lognt. Slik hadde ho ikkje hørt han sea den tida dei flytta hit. Dermed tok ho stampen åleine.
Han friska opp den gamle krossen over fjøsdøra, så ingen såg det; han spikra opp ein hestsko over stalldøra. I senga gjømte han eit knivblad, nedpå tele. Han flirte med han gjorde det, såg innful ut.
Anders hadde set både det eine og det andre, og no vilde han vita: hjelpte det imot runeri og gann, slikt noko? Og da han inge svar fekk: Var det bågt for småkallane det der kanskje?
[171] Asj! sa Per. Men det hørte da til på Håberg. Kvar garen har no sitt, liksom.
Var han dårlig? spurte guten sea, og det same spurte Valborg om. – Å, han hadde litegrand fløkt i kroppen, litt gikt i eine hofta – i ryggen vilde han seie!
Det var visst ikkje så dei lo med dei spurte. Nei, men får eit kvinnfolk nysn i at ein karmann er helselaus, at han er aldri så lite grand ufarug og tukta, så skal du ha takk. Så skal du ha takk ja.
IV.
Det var gravøl i Pålsnese. Han Andrias hadde falle ifrå. Ane hadde funne han liggande utom stubrua, og da var han klar. Slik vart dei liggande, somtid. Det var vandt å seie kva det var .
Det var på seinhausten, og berrfroste. Dei hadde lagt godt med bar på vogna under kista, og dei kjørte så varlig dei kunde, men enda humpa det og skaka det så det var stygge ting; Ane beit seg i leppa så ho vart kvit, når det var på det verste. Ho tok det elles så tålig, ho Ane; ho hadde aldri venta seg anna enn motgangen.
Folk snakka vakkert med henne, for ho var av dei som ein skal snakke med. Og dei snakka seg imillom, etter dei hadde komme frå kirka. Det hadde vore slik stas i Pålsnese sea dei vart gift. Dei var så forlikte. Ho spara, og han hjelpte til. [172] Ho sukka, og han prøvde det same. Ho såg ut som all verda gjekk henne imot, og han studde oppunder så godt han kunde. Ei guds lukka, at han hadde tenkt på henne med det som etter han var: Han hadde snakka med brorsonen sin om det nyst før han døde; han hadde vel fått som eit førevarsel.
Ja varsel, sukka Ane. Ho sette tommelfingeren gjenom brødleiven to dagar på rapp, så det vart eit rundt hol etter! – Ja da visste ein! sukka det frammed alle veggene.
Per Håberg tok til og kremta. Dei snakka om varsel, sa han. Dei snakka om føribu . – Dei hadde alt vore til bords, og Per hadde vorte ein annan kall, for det var eit karavorig øl i den likferda: tønna på tønna! No stod han midt på golve og merka han var modig, ein vill frammand ein for seg sjøl. Han hadde aldri drukke seg drykkjen før, men enten var han det no, eller så – skulde han bli det. Dei sat ikkje og tagde dei andre heller, stua var i eitt surr omkring han, eit stort lag med gasta folk, snakka dei om varsel? Ja, varsel! Tegn skal der skje! Det er så det kryr ikring deg, ban, og ser du deg for, så bli du vâr dem. Ja. Han såg no her i fjor da han gjekk og sådde: han gjekk imot vindkjøla, som ein skal gjera, men enda var det greinlig som einkvan tok korne utor neven på han og slengte det påkern i vald – han skulde med rettan ikkje ha sådd eitt kornauge. Og no her i haust før han sleit seg sund, [173] han såg eit stort verlys på himmelen som slitna tvert av, ja, og eingong var det som lande slitna framfor han, sør i fjella –
Sleit han seg sund?
Per glinra litt framfor seg, for det var slikt skin av alle dei lysa, og der såg han Valborg, ho sat og glåmte på han.
«Ka du fliri åt du,kjerring?» han vart brennraud i kinna. Jau, han gjorde litt vondt med seg, over magen, han tok så bakvendt etter ein stein, men han var god kar no, spilder ny! Han skyndte seg i veg att: Han hørte kirkeklokka heilt heim til Håberg ein dagen, imot vinden. Da var han Andrias feig. Og no her utover hausten, hadde dei lagt merke til det? det stod to stjerner aust i himmelen, den eine midt over den andre, den eine hang der som eit tungt lodd i den andre, å, her var tjukt med tegn, i kring ein, og når ein la merke til dem – – så tok ein ikkje i mist nei, sa Valborg, ho lo høgt og kvast. Varsel om det som har hendt!
Hm, sa Per. Han snudde seg vekk, mumla eitkvart med seg sjøl.
Dei vart slakke i munnen nokon kvar med
det same Per tok til, for det var så uventande at han stod der og sa det, men det levna fort til med prat stua rundt, dei skilde seg i små godmette flokkar som snakka og môl, det var dette som var gjestebode for dem. Per hørte berre, songen, og eitt og anna orde:
Kattugla, sa dei, kva skulde ein tru om henne? [174] Kråka og skjura, det var ein annan forskjel med dem, dei fór kring veggene og stal dei. Kattugla ho vilde ingen ting – kvifor var ho så ute og fór? Det var ein ufugl.
Om det så var han Mikkal frå Juvika, så hadde han fått opp måle no, han snakka seg reint vekk ifrå seg sjøl. Eg har aldri set det ulikt, så nær som ein gong: Eg kom ifrå kvenna med søkklasta båt, stormen var han, og natta var det, og tjukke snøkove, og båten han var lék og auskare det var for lite, og svullfinger hadde eg og vondt i magen; da visste eg mest ikkje –
Per kremta og lea på seg. Han rista av seg ein tung ein som reid på han, slik tykte han det var: Han var ikkje ansles han enn dei andre, og ikkje skulde han vera det heller, han var ein i fjøllden, eit mål i songen, ja! Juviking? Juviking ein staden! Vent no berre til eg får att helsa! – han snudde seg til Åsel –, gi deg tida så skal du få sjå! Juvikingane, dei gjekk den vegen. Eg går den her . For kor vart det tå dem i grunnen? Vart det nokon veg etter dem?
Han stod ei stund og tagde. Snakke og fjøllden saug han til seg. Han trudde det dei trudde; han sokk så lognt ned imillom dem. – Eitt og anna skulde ein vel ha å tru på, for fanken? He? Men no fekk dei jamisel komma og brynne han, han var tørst!
Men dei hørte ikkje på han, det hadde komme inn einkvan som folk glåmte på. Ein storkar, i pels og finnsko. No såg han talskiva [175] på karen. Per slakna i andlete, vart tom i kjakane, og gråbleik, men auga dei stod som dei var nagla fast; no tok han eit steg fram:
«De e ikkj sannt! Det e ikkj du det der, det e forbanna det!»
Men det var han lel, det var han Jens, han kom fram og handhelsa på han, og sea gjekk han rundt og handtokst med ein og kvar. Per kom til å sjå på Valborg. Ho vart ikkje bleik, det var ingenting å sjå på henne, ho var berre litt trau på det da ho skulde gi han handa.
Jens snakka høgt og beint fram: Han hadde komme nordanfra ja, heilt ifrå Finnmarka, det var ein bra segl-skjøt, og segla hadde dei gjort på karavis. Det var det at det var legenheit , og så vilde han nytte på og sjå sørover, på gamle tomter å kalle, hæ hæ hæ! og jamenn kom han i ei høvelig stund, såg det ut for. Javel, ein støyt med øl – og godt år alle i hop!
Han hadde liksom børen med seg heilt inn, og det var lite om å gjera han ikkje bles dem over ende. Slik kjem ein ikkje bråkande inn til folk frå langferd, men ein fekk komma i hug han hadde vore langt ute i verda; better hålade! sa han i einingen, og frammand var han i eitt og i alt; han skulde vera velkommen heim!
Da han hadde helsa ifrå seg og fått seg litt i live, vart det ikkje stort meir med han. Ja vel, handelskar hadde han vore ja, og det var han; og nordover att, det skulde han; men det var inga dregt i han meir, han vart sittande med ein [176] halv flir og såg rundt på folk; stundom klødde han seg litt i skjegge.
Andlete var overgrodd med raudt krulla skjegg, elles var han den han hadde vore, det såg Per straks. Likevel kunde han ikkje få til at det var han. Just slik var han før òg, men han hadde ikkje set det. Hadde ikkje set at auga var så lause i han; ikkje at kjakane var så store og ville, og ikkje at haka var så for lita. – Gammalt folk i han, mumla han best han stod. Og brør det er vi. Han gjekk ut.
Det var stormen ute, som det pla vera i Pålsnese, for verre landvindshol fanns det ikkje. Ungane spurte mor si: Kva gjer han, vinden, når han ikkje bles? Og mora svara støtt: Da er han i Pålsnese og riv hus. Men husa står, tenkte Per. Dett eit hus her i Pålsnese, så er det for det at det ikkje har vinden å stø seg til. – Landvinden sneide om nova, tura som sjøborden nedunder reina, rennte seg på veggen gong for gong og tverrista. Driv på! sa Per. – Stjerner blakra det over all himmelen, store og urolige, det måtte vera glør som vinden bles på; berre han no ikkje bles dem ned, – for da bli her heitt på jorda, lo han. Per stod berrhua i vinden. Slik stod han far òg, kom han i hug. Og no hadde han Jens komme heim, det var så det. Stod eg ikkje utom døra ein kvelden og såg han kom, så truverdig, ein stor kvit okse beinast fram utor skogen? Men kva det var eg vilde seie eg –
[177] Han tok hendene opp i nakken. Han kjente i denne stunda, at Håberg-garen hadde vore ei meiningslaus bør på nakken. Liksom det å vera ein juviking. Nei, han vilde gå inn att til dei andre. Han vilde gå til dem ofte, det var gasta folk. Det var vel ikkje så avrakka stort, å gå åleine og vera vantruen all sin dag? – Eit mærrahjarte, det var bra nok, men han for sin part vilde heller vera den karen han var. Og kom ikkje i vegen for meg, det varsku eg deg om!
Per kom stigande kvast inn. Han såg ikkje til den leia der Jens var. Jens såg heller ikkje etter han. Drakk gjorde dei båe, og det gjorde alle saman. Da Jens tok til og kjente det i hovude, kom det liv i han att, og han slutta ikkje før han hadde sett liv i heile stua: Dei skulde danse. Dei hadde tenkt på det, mange av dem, og det vara ikkje lenge før dei dansa så stua rista.
Per dansa ikkje. Han stod i døra og såg på. Han hadde aldri set eit menneske så villt og glad, som Jens når han dansa, det var ikkje ein vetug manns andlet det der: juvikingen fauk av skafte no! Juvikingen, det var berre hamen att av han, og den var stygg. – Og vi er hunden ikkje brør! sa han.
Håberg-folke fór ikkje heim før dagen etter, og da kom Jens og vart med.
«Kor det står te borti Juvikja?» spurte Valborg.
Jens såg på henne. Han tenkte seg om litt, og så gav han seg i snakk med Per att. Beit ikkje på han.
[178] Valborg sette hendene i sida framfor Per, da dei vart tosaman. Slik hadde ho ikkje stått framfor han før, ho var så brei og så freknut i andlete, og så sterk og vakker; ho såg beint på han. Ein vakker dag så legg ho vel på meg òg, både med klør og klauver, tenkte han. Når ho merkar eg er nedfor nok. Og i same stunda han ansa på tanken, kjente han kor det vilde gå, han såg så sørgelig langt fram.
Korles skulde dei no fara åt? spurte ho. – Fara åt? – Ja. Så dei fekk han til å ta med seg kjerringa og ungen og reise sin veg.
Ho hadde rett i det, tenkte Per. Det fanns ikkje mann i bygda som hadde skjemt seg slik ut som Jens. Gifta seg med tausa. Og løypte ifrå garen. Det var svart; og Per hadde mest ikkje komme i hug det. Men når han tenkte etter, så reiste han ragg imot både henne og bygda og heile skamma.
Han skulde vel snakka med han, mumla han. – Det skulde ho våge på han gjorde! kaldflirte ho. – Nei, det kunde hende han let det vera òg!
V.
Han let det vera. Fjortan-dagane hadde gått, og enno var Jens på Håberg. Eitt og anna take hjelpte han til i garen med, men elles fór han og slong for det meste, var ute og fór med pelsen på, såg innom einkvan kjendingen, dei [179] kunde sjå det alle i hop at det hadde vorte storkar tå han. Dei snakka frampå om det til Per, at javisst hadde det vorte storkar tå han Jens ja, der trefte dei ein som hamla opp med dem, både prest og lensmann, – han strauk vel nordover snart att? –
– Ja, rettno så fór han. Han venta berre på legenheit . – Jaså, på legenheit . Det var ikkje smått folk som venta på slikt. Dei sa det ikkje for spit, det merka Per godt. Dei hadde glømt både Dåret og Juvika. Så den same pelsen han var no ikkje for katten, skjønna han.
Per dreiv på med å kjøre stein. Det var lite om føre, men han kjørte på tåmeien og jaga på gampane. Hestar var gilde skapningar å jaga på. Sjøl måtte han fara rådlig fram, han måtte gå med magen inn, og stelle seg vel før han tok etter steinen. Maten var det enda verre med. Han åt som elles, det var det inga bøn for, men han naut han ikkje i seg.
Valborg gjekk og hadde auga med han. Ho laga til den lettaste maten ho visste, og ho tenkte att og fram, kva ho skulde gjera. Sistpå snakka ho til Jens. Ho gjorde det, enda det baud henne imot som skjemt mat. – Eg veit ikkje, eg, sa ho, – han er visst ikkje så frak han Per. – Han? – Ja, han har skamgjort seg med ein stein, trur eg. Han har slite seg sund.
Jens kvikna til når Valborg snakka til han, for det gjekk så sjelden på. – He! var han ikkje sterkare karen? Slite seg sund? det har da visst [180] aldri ein juviking gjort før. Det bli berre skrap med heile greina da – løkk på reisa!
Valborg beit seg hardt i leppa. – Det var 'n Halt-Andrias han kom i vanhogg for; kom til å fara urlite hardhendt med han; dagen etter fekk han det. Men om ein berre kunde hefte han fra verste tungarbeide?
Jens la ifrå seg børsa han stod og fikla med. Så fann han på seg ei gammal trøye, og la i veg ned på åkeren.
«Nei, kar, no val du let mæg få kjør ei stund!» song han ut. «Æg bli så gór-lei tå å ligji havandslaus – gå heim og haugg sund kveldsveden åt kjærringja du.»
Per såg på Jens; auga leita og undra seg. Jens såg hit og dit; så gav han seg over og lo, for Per hadde set tvert igjenom han.
Han kunde no få hjelpe til med å lesse på, sa Per.
Javel. Og så bar det til å kapp-arbeide med dem. Dei tok den eine steinen større enn den andre og lempa han handfritt på sleden, det gjekk som i gamle dagar. Endelig ansa Jens på kor dette bar av. Per var avleta som ein dauing; han beit i hop tennene så det gnaura i dem.
«Huff nei,» sa Jens, «det her orka æg ikkj lenger. Får heller sjå i morgå.»
«Som du sjøl tykkji med di,» sa Per.
Jens sluntra av heimover, og Per fór i veg med lasse. Enno gjekk han, det var ikkje verre.
Straks etter kom Anders bortom, han hadde [181] vore nedpå vatne og rennt på skjeisene. Per bad han ha seg heim og bera inn kveldsveden. Straks! kvesste han i, og guten drog seg unna, langlet og undren. Men det var for seint. Per halda seg framover steinen og kasta opp. Anders stod og såg på. – Blod! kviskra han, han tok åt seg anda inn millom tennene liksom han datt i kaldvatne. Så la han på sprange heimover.
Kva det var som feila han ? vilde mora vita. Nei, ingen ting. – Var det han far kan hende? Ja. «Han brekkji blod!» guten tversnudde, la på døra att. Valborg sette seg. Ho sette seg stilt ned, med hendene i fange. Ho var åleine i stua. Der sat ho og såg inn i varmen heilt til det kom nokon inn.
Det var Jens som kom. Valborg reiste seg hastig, ho herde knapt sjå han no. Han kom rølande verre enn verst: Veit du det, Valborg, no har vi svensken over oss, eg snakka med sjølvaste lensmannen her i sta; det forstår seg: Han Kal-Johan er konge over Fredriksteinen og heile Norig, he? Tvi han vøre, seier eg!
Valborg snudde seg til han. Ho hadde tenkt seg om. – Var det ikkje det reattaste han såg bort i Juvika snart, til kone og barn? – Ja, du seier noko du. – For det kan vel aldri bli anna enn ulukka og motgangen her i slegta, så lenge det står slik til. Og han får svi hardast for det, som minst er skyld i det.
Jens gjekk fram og rota i varmen. Han småflirte: Dei har seld vekk garen for meg, [182] forteler dei. Valborg lest ikkje som ho hørte det: Og så ein ting til, Jens. Korles var det med'n Morten Aune? og med Svarthammaren og det der? No skal du svara meg på det. For no er det på høgan tid – han Per – Vårherre han vet korles det er med han – han styp visst snart! Stå ikkje der og glis åt meg, det er ålvors snakk det her! Skal vi ha svarte hemna hengande over oss vi da, berre for deg og di skyld – du måtte da skjemmast! For kva nyttar det så att ein gjer seg om det og er skikkelig, kva det nyttar at ein bed til ein høgare ein?
Jens kleip att eine auge. – Du timer no å fortele meg det, hører eg. Men du har rett i det: Det går att og ned med oss. Og – det kan vera gale om han Per, eg seier ikkje om det. Han lo med seg sjøl: Og så han da, ser du, som skal ha greie på all ting. Går med skinnhuva nedover auga og ser ikkje eit ord berre for tankar – det her må han ha botn i!
Valborg kom eit stig nærmare. – Ja, så visste han vel kva han skulde gjera da. Ta kone og barn med seg som eit skikkelig menneske. Han flytta auga hit og dit, som tjuven, tykte ho, men ho hadde overmagta enno, og denne gongen måtte ho vinne. – Eg kjente det på meg da han far dykkar døde, at det beste var gjort. Det vart så rart . Men eg trur det vart ein vending, når berre du gjorde ditt. Så kunde han Per – gjera sitt. Han fekk gå til presten og fortele om'n Morten og det; så var vel ikkje Vårherre [183] den, at han sette seg på bakbeina imot oss; eg kjenner det på meg, at styggmagta måtte gi seg da.
Ja ja, sa Jens, og det var reint som eit godt menneske som sa det. Han gjekk ut att.
Dagen etter måtte Per ligge, og enda ein dag. Valborg heldt han nede med blid magt, det hadde vorte litebarn av han, og han føyde seg utan eit ord. Så kom det ei tid han var oppe og rak. Sjukdommen sin nemnte han ikkje.
Jens og han sat i omnkråa kveldane utover, og somtid snakka dei litt med einannan, helst når dei ikkje var toeina inne. Jens fortalte ifrå Finnmarka, tok fram ein og annan stubben som sveiv for han; det var gælenskap og villmannsliv, og meir enn halvparten kunde knapt vera sant. Det kvesste seg til verre og verre, des oftare han fortalte; han var borti garane og fortalte òg; men Per tykte det var mat i slik løgn, det var helsebot å vera med. Han kunde sitte og drømme det oppatt om dagane, tak for tak: han og han Jens, og kniven og flaska, og eit villt frammande land! Dei var ute og herska !
Men så var han på Håberg att. Ein kvelden dei satt tosaman, sa han: – At eg skulde bli hefta slik ifrå arbeide mitt da. Har du set flotta nedfor husa her, Jens? Og allting elles? Håberg–han ligg og snur seg etter meg same kor eg går, liksom kua. Han ventar tusen ting av meg. Ja, og husa: Eg hadde slikt mot på å rive dem straks, gjera i stand kjøken, og få inn skikkelige [184] vindauga; eg sit som eg sit på glør. – Ja, sa Jens. Det var trøysamt å sitte slik og tenke seg ut eitkvart. – Ja, og så å gjera det, det var no humlen da. – Nå, det var så av og til med det, tykte Jens. Han for sin part – han gjeispa, og lea på seg, såg på Per og smått flirte: Her sitt vi, du og eg. Ikkje sant? Og like langt er vi komne, båe to Og serlig du, la han til.
Det var mørkt inne. Elden låga til med kvart og skjein på dem: på Per, som sat med kjakane i hendene; han var kvit på let, og når han blunka, var det som sjukdommen saug ned augelokka; på Jens, han sat der skjeggut og hardhuda, men andlete tina opp, kvar gong eldskimmere fall på det. Best det var mumla han med seg sjøl, han såg på snei bort på Per.
«Nei, der villa æg ikkj ha vøri, kor-som e. I Juvikja. Men det e sannt,» la han til: «at samma kor ein fløtta og farka, så e ein like heimlaus. Det hi sæg vel slik.»
«Det va da enda noko, at du va såpass te kar; at du stunda heim igjen. Det e vel som dem sei: at vi sjer berre attlengjes. Men æg va så forheksanes hoga på å prøv . Om æg så fekk Styggin sjøl imot mæg!»
Per vart frosten og nåmen av seg, da han hadde sagt det. Mørkre tok til og saug ikring han. Han kjente han hadde sagt eit ord for mykje.
Ei stund etter, da han måtte ut ein vending, [185] fekk han sanne det. Han gjekk seg beint på han. Det var borti fjøsporten, han kom famlande i mørkre, og så tok han i han. Det var som han tok i ein diger lodden stokk. Rædd vart han, og rasande vart han, og så hogg han i og vilde blåhalde han. Men da var han borte, han hørte berre kor han tuska og steig borti mørkre, der hosta han litegrand; Per såg eit urande lite gloraudt griseauge som stirde på han. Han gjekk inn etter lygta: Fanns ikkje den ting i fjøsporten han kunde gå seg på, snaue veggene stod der og gliste imot han.
Først om natta kom rædsla over Per. Valborg sov, og alle dei andre sov. Han tok borti henne og fekk henne vaki. – Er det du? sa ho. Ja, det er eg. Og med seg sjøl bad han, det heitaste han kunde: «Men frels os fra det Onde!» Og skam å seie, så logna det utrulig omkring han. Mannen var vel berre som eit kraum imot Svartmagta, skjønna han. Å seie, når ein var skraput med helsa ja; da trong ein eitkvart å stø seg til.
VI.
Jens gjekk og kjente på seg eit par dagar: han var så mjuk og godhjarta. Han fekk ta og gjera eitkvart. Så kom han og sa det, både med Per og Valborg: Han vilde over fjorden, til Juvika. For han vilde ikkje henge hemna og ulukka over nokon. Og da Valborg hadde gått [186] ut, sa han det beint fram: Eg får vel ta med meg denne kjerringsåla mi, slik ho er, og ungen, når eg stryk. Eg har gjort dykk skam og skade nok som eg har. Ein slik ein, som vågar å reise ifrå farsgaren sin, det kan vel vera nok det, for mangmannen. Og med det same eg er der, kan eg no sjå bortom Svarthammaren. Om eg ikkje skulde få han Morten til å ligge still. Når eg lova han meg sjøl, eller ein annan godbit. Vil du vera med, Per?
Per fekk blode opp i andlete. Han vart brennhuga på det, liksom i gamle dagar når Jens kom på noko. Men det seig fort av han, og han sat og var bleik og svimren, ein nedforkommen ein. Eg gi meg ikkje om slikt tull, sa han.
Nei, og så skulde han no vel ligge , med den steinen han fekk kring foten? meinte Jens.
I det same vart dei vâr at Anders stod i døra. – Eg skal bli med, eg! sa han, og han sa det det slik at han tok magta i frå faren. – Det var rett! sa Jens. Just nettopp det eg venta på ja. Våga du guten, Per?
Per svara ikkje, og Anders vart med. Jens snudde seg i døra, såg på Per og flirte hålt:
«Kjem vi att heila-beina ifrå denher fara, så e det vunni spell. Og da kjem vi i natt.»
Det var ein lang dag, og ei lang natt. Alt tidlig pa kvelden vart det bekande mørkt, og stillt så ein kjente ikkje vêr. Inni stua var det ikkje verande, og ute var det ikkje likare. Så kom snøkaven. Land og hav [187] kom bort i snø, og no kunde ein merke kor stormen hang ute i stilla og venta, som ein vond ein bakom ei ulæst dør.
Utpå seinkvelden kom han inn, med full tyngd. Han vart hardhendt med gamle Håbergstua, og det var eit hustre mål i han. Det var ikkje det gode han var ute og fór for.
Per var ikkje likare karen, han måtte av og legge seg. Han tilstod det berrt for seg sjøl; at slik var no det. Men til Valborg sa han, at dette sat han ikkje oppe for. – Han Anders, vera urædd for han du. Vi har tråssa finngann og anna fansmagt før vi, – berre vent, skal du sjå!
Valborg hørte ikkje på han, og sa ikkje eit ord. Bleik var ho som krita muren.
Endelig kom ho og la seg. Dei låg lenge, lenge.
«Det e greit nok å kjenn, at guten e på sjøn no,» seier Per. «Men det ska du ikkj vør å gruv for.»
Han steig opp, var ute i døra og stod, halvklædd i snøfoke, kom inn att; så gjorde han opp varme på gruva. Valborg låg still i senga.
«Trur du – – at vi alder får sjå' n meir da?» sa han, best det var. «Kan du ikkj svara mæg, Valbor?»
«Den som berre visst – – ka' n skuld svara!»
Per sette seg attmed varmen. Valborg sat i senga. Dei merka at tida gjekk ikkje, og dei venta ikkje ho skulde gå heller. Anders hørte [188] dei, rett som det var, måle hans var kring alle veggene og i alle dører; han var så berrmælt og frisk. «Kjem æg att, så kjem æg i natt,» sa han. Per krøktes framover, han anka seg høgt ned i hendene sine: «Å ja ja! Du kjem vel, du gjer ikkj anna.»
Så kom dei, både han og Jens. Det stomlar utom ytterdøra, og døra bli rive opp i ein fart, no er dei i gangen, og Jens er full. Det var ikkje første gongen han kom heim slik. Han bannar høgt og grovt, og så snåvar han imot veggen, ligg der ei stund og har for seg eitkvart; så set han i: «He? Spy du åt godt drikk, din hundtarm! Opp med dæg, Jens!» Dermed kravlar han seg på føtene, og Anders hjelper han opp gjenom troppa; – no syng dei, båe to – da er Anders full han òg.
Dagen etter sov dei til høgt på dag, og kom ned frå lofte samstundes. – De hørte vel vi kom ? sa Jens. For kom gjorde vi, better devel, enn eg gjekk både på hand og fot alt ifrå sjøen og hit! Dei hadde brennt megtig borti Juvika, eg glømte, forlate meg, erende mitt. Ja, Svarthammar-kusinn han tugta vi da lel. Vi låg der og trua' n ei lang øve, at han skulde syne seg. Nei. Så spurte vi om han vilde i vigd mold, om han «tøsta etter kjerkgår?» Ikkje orde – han finns pinede ikkje! Vi bydde han til å bytte rom med han; å nei san. Ja, han vart da stormen, men det kom liksom frå ein annan kant det. Og heim det kom vi, som sagt; han vart for stutt!
[189] Jens skulde just til å svinge seg rundt og gå ut. Da var det eitkvart som stogga han. Det var Valborg. Ho hadde lagt ifrå seg arbeide sitt, og ho var blod-spritande raud.
«No mein æg du reisi herifrå .» Ho sa det lognt, farlig lognt. Men det beit ikkje på han. «Konnå di kan du gjern løyp ifrå, og skjem ut oss all i hop; men det e så mykje du veit det: her blir du ikkj ei natt meir!» Ho snudde seg og såg på Per: «For vi hi no bånn, om ikkj anna. »
«Du sei noko du,» sa Jens; han var tør som slipesteinen. «Når dem berre kom sæg hit med jægta, og det vart forderli vind. Æg val ta pøre mitt å gang aust i Pålsnese da, i natt – det e så livt å ha tak over hue om natta.»
Valborg hadde gått ut, ho hadde late att døra stilt attom seg. Per sa ingen ting, og Jens gjorde ikkje den synda at han såg på han. Han tok på seg finnsko-støvlane og pelsen, fann i kofferten sin, og så kom han med handa:
«Du må lava så vel da, Per, og takk for mæg – e – og takk for mæg ja, og farvel!»
Han gjekk rundt og sa farvel, Valborg fann han utom døra, og tok henne traust i hand; han likte seg ikkje kleint.
Per var ikkje med han ut, han vart sittande der han sat.
Drengene gjekk på låven att, og tausene ut på kvar sin kant. Det vart berre sjølsegfolke inne.
[190] No reiste Per seg. Han stod og såg tvert ned i golve ei stund. Han støytte og bles kvast gjenom nasen, akslene skaut seg meir og meir i vêre. – Før i tida, da gjorde dei eitt med slikt, sa han med seg sjøl. Han rennte auga i Valborg, – ho stod der liksom ho venta det.
«Ka det e for slags myndiheit du tek dæg?»
«Myndiheit?»
«Æg spord rett om det ja.»
«Ein får ta sæg myndiheita ette som det trøngs.»
«Trøngs?» Han kom vålig nær henne no.
Ho lo midt imot han: «Ka det e du bli-for, stakall?»
Da kvitna han over alt andlete, liksom han hadde slite opp eit ulivssår i seg. Men straks etter var han mørkraud, han vart ukjennelig og stygg i åsyna. Han treiv i hårtenna på henne, så hovude slong hit og dit. Ho gav etter alt med seg, med det same, men straks etter stivna ho til, kroppen vilde ikkje finne seg i det, halsen vart som ein stolpe. Ho sa det lågt så ingen skulde høre det:
«Du må da skjemmast, Per!»
«Skjemmast?» Han slepte henne. Flager av raudt og kvitt fór over andlete på han.
«Ja. – – Og hellest da så – skuld du no agt dæg uliti.»
«Agt mæg – he! Agt mæg? Trur du dem agta sæg før i ti 'n? Ein e no vel herre i sitt eige hus lel – du må agt dæg du!»
[191] «Ja, kem som e herre og ikkj – ein får bruk vette som hi det, og magta med!» ho ropte det imot han, og no saud det over for henne, gråten flødde gjenom henne, men det var det ho mindst vilde, og dertil såg ho Anders utom vindauge, han hadde stått og set inn. «Fysj skamme dæg Per!» hiksta ho.
Da hogg han i henne og kjørte henne til veggs så det sokk i stua og gav seg til å banke henne. Han visste godt kva han gjorde; det murra kaldt gjenom all hans kropp:
«Det må te. Det må te!»
Da han var ferdig, var det så vidt han vann seg bort i benken. Han visste ikkje om ha hadde gjort motstand, men han var utsliten av det, hadde forderva seg så det svortna for auga. Valborg gjekk ut. No først vart han vâr Anders, og no først hørte han det han sa. «Far!» hadde han ropa, og no kom han og stod framfor han, han slo i borde til han, var raud som ein rasande juviking:
«Fysj skamme dæg far!» Måle slo klikk for han, men han tok seg på tak att: «Du kan berre rikk dæg ein-te gong, å rør a mor, så dæven besætti mæg!»
Per smilte. Han vann ikkje reise seg og gi gutskiten dengt, og så smilte andlete av seg sjøl, gjorde det klokaste det kunde gjera. – Gå ut og hogg sund litt ved, du, sa han. Ei stund etter sa han, men det var med seg sjøl:
[192] «Det skuld ha vøri ein tå gammel-karan. Han ha næsten lærd kjerringja å baka mjukt han!»
«lkkj a mor ikkj – det henda ikkj! Og forresten så ha æg flygji beint på 'om!» Anders var skjelven alt med seg, og no la han på dør.
Per vart åleine inne. Men utom døra hørte han Anders, han var i hop med mora no:
«Det e så mykji du veit det mor: at du lystra 'n far!»
«Ikkj herette, ban. Gang utu vein for mæg.»
Da Valborg kom inn, lest ho ikkje som Per fanns i stua. Per kjente han hadde tapt.
Men det var underlig nok med denne gutstriken. Det var utrulig til merg i han alt. Og det Onde, det kan ingen frelse oss ifrå; det kjem, det som er tilmåta åt oss.
Ein båredal i ætta.
I.
[193] Det kom over Per som ei sveitting ein kvelden, at no gjekk han til Halt-Andrias. Det var rart han ikkje hadde gått før; og like rart var det at no var han på vegen; han hadde ikkje vore ute og gått på to år.
Han lya ikring seg etter vinden: han var da her nyst? Nei, det kjøla ikkje ein gust lenger, det var drypstilt i vêre; einast skyene rørte seg, dei rodde austover, skulde inn i fjella til natta. Per var ikkje skikkelig påklædd, hadde berre tenkt seg ut på Stallbakken og sitte ei stund, men no var han som sagt på vegen, og langt i veg. Han glytta opp etter ei stjerne som rapa sørpå himmelen: Der fór det ei sjæl til Himmeriks. Den vegen skulde no ho, san. Han skulde aust i marka og banke opp 'n Halt-Andrias.
Banke opp han? Ja heller korles det no kom til å gå. Det bli no som det bli, det, sa han. Han hadde alt finn-farken framfor seg. Vâr deg urlite, sa han, lat meg ikkje take etter deg ein gong til! Å, han fór hardt med han, stygt – men kor skulde han av. For han Andrias stod [194] berre og lo. Stod berre og sveitta leiheit, og gjorde seg tjukk. – Per vart litt ustø på vegen. For kva skulde han no trive til, når kalldevelen ikkje vilde gjera han god att? Han gjekk makji, og leita med tanken, tok etter både stav og stein; han syntes mest som han sat framfor skarven og tagg. Nei, du val no veta hut! Og no var han far sin, gamle Per Anders reint og beint – kor du fer åt no, Per Anders? Kan du leva utan helsa, meiner du?
«Dæven anami!» sa Per heitt, og dermed snudde han og gjekk heim. «Trur du æg be fattilusa om nåde da?» Og han viste med hovude austover dit finnen budde: Han kan fan ikkje ganne! Og ikkje gjera det godt att heller – han kan stå der og halte! Han gjekk heim. Han vart vâr at han hadde gått halve mila mest, han var her verkelig – det var huskji kor fort tida hadde gått.
Frisk, det trong han ikkje bli; det tagg han ingen om. For det var slutt med han no. I to år hadde det vore slutt og til endes. Så når han ikkje hadde mykt seg før, så gjorde han det ikkje no hell. Verda var grå som kvelden, og full av skrømt og svartmakt, skulde ein komme seg vel og vakkert fram der, så fekk ein fara rådlig. Han hadde sete i to år no og vorte viss på det. Og like urædd var han – det er det ein kan kalle å vera uforfæld. Juvikingane, det hadde vore slik med dei alle; ein trudde det ein trong å tru, men enda tagg ein ikkje for seg.
[195] Per vart stillvoren i seg. Det var dette med helsa. Ho var så tung å umbera. Kunde ein lure henne til seg att, så var ho det vel verd. Men han gav seg ikkje om det; dei kunde ha henne, dei som hadde teke henne. Ja visst, folk gjekk og såg på han for dette: Han hadde vorte nedtukta. Dumme folk er folk det òg, men herre gud kor lite vett dei har. Han anka seg like vel, når han tenkte på dem.
Det er ikkje stilt i skogen haustnattes tid. Det er i ei tassing og tussing alle trea bortunder; det famlar seg fram blindt og ræddhuga, går og går og ingen staden kjem, små vegville fattigmanns-steg; det er ei gudnådslig vandring å høre på. Det er lauve som fell. Det er vinteren som kjem leitande.
Per stana og hørte på det, så gjekk han att. Varsamt og smått, – ein kleinhelsug ein. Slik hadde han gått i to år no; – og det er inga søtmjølk å drikke for ein tå oss, sa han. No fekk han krøkle seg heim og vera sjuk att. Ei råd hadde han i bakhanda enno, og det var kirkegaren. Kirkegaren midt på svartaste natta, eit daumanns-bein eller kva det no kunde bli, der var det kraft å finne! Og det var no inga skam da; for det er kur for vaksefolk det. Men Per visste ikkje: han kom vel kapt til å bruke den råda. Dei hadde vore bra lange, desse to åra, det hadde vore mang ein dag, men han hadde aldri vorte mota på det lel. Det vart vel [196] da som no. At han vilde ikkje gjera seg til hund for så lite!
Best det er, går han seg på Halt-Andrias, han kjem Lauvsetvegen gytande i halvmørkre. Han helsar høgt og frimodig, stana opp og gir seg tida: «Du e ut og går, mein eig?»
Per hadde tenkt seg framom, men så går han tett inn på Andrias:
«Ka i påkern e det du fer og løip ette, he?»
Per tykte finnen stod og stakk med auga gjenom mørkre, dei var svarte og blanke, slik du aldri ser dem i folk .
«Du må vâr dæg!» åtvara han, så lågt og djupt han var godtil. Men så slo han om, det kom enda meir uventande for Per enn for finnen: «No ska du fortel mæg, om det va du som gjord mæg helslaus!»
«Du må be Gu bevar munn din, Per, og ikkj snakk så ogudeli!»
Per skalv i kjakane, skalv alt med seg: han var veik og vanhelsug, han stod mest ikkje.
«Ja ja,» sa han. «Du gjer som du vil. Men du skuld ikkj angr på det. Om du gjord mæg fresk igjen. Du skuld ikkj gjera det fer inkj.»
Han gjekk, straks han hadde sagt dei orda, han herde ikkje stå der lenger, tvi for lukt! Men Andrias kom etter. Han kvinka og snakka det finaste han vann, at det måtte ikkje Per tru, at han var nokon gann-finn, han kunde ikkje eit ord av det slage, og ikkje turde han bruke det heller, for det var eit hustre arbeid, det var [197] sjæla i helvete, det, å Gud nåde oss, nei her fanns ikkje gann i lande lenger. Nei, men skrømt og goveitr, og småkallane, fekk ein det imot seg, da skulde ein vâre seg – å, ein er eit kraum og eit kryp berreste –
«Ha dæg heim med dæg, dit finnhelvet!» brasa det ut or Per. Han gjekk som ei kjempe. Sjuk var han, men farlig å bitast med – «gang utu løsi for mæg!» Han vilde heim og vera sjuk all sin dag.
Det var mest som han vakna. Han var sveitt.
Skogen og liane hadde sove så djup ein sømn. No levna dei opp att, det vakna og mumla omkring ein, mumla og kviskra og smått song, der hørte ein den lia, og der den og den. Medkvart kviskra det tett inn i øyra på ein, medkvart så tuta det og lo langt unna. Vinden var inni alt som fanns, og han spurte og svara seg sjøl alt mørkre utgjenom. Nei! sa Per og slepte det radt innpå seg: det er ikkje berre vinden. Det er mange ting. Her er meir levandes enn vêr og vind. Lat det leva det som vil, han som er sjuk skal ikkje legge seg borti det. Men der er mange ting, og hadde eg vore frisk –
Håberg låg høgt og stilt framfor han, med svarte hustak imot gulblå himmel, det var så sugande audt når ein kom austanfrå. Og allting så sov det, liksom Per aldri fanns. Fjellaksla på nordsida hadde teke på seg natt-andlete sitt, det var så kaldt og einslig det kunde jaga ein i hus; og bakom det tyktest himmelen som dauen [198] og evigheita, – ein hadde det visst best så lenge ein ikkje hadde komme dit.
Men ute på Stallbakken stod Anders. Har stått og venta på meg, tenkte Per.
«Hi du vøri ut og gått?»
«Ut og gått ein vending ja.»
Per stod og tørka sveitten. Anders stod og såg ein annan veg.
«Æg kan godt tak og smør opp 'n Halt-Andrias, treffi æg 'n.» Anders sa det utan å snu seg, det var berre som han spytta eller gjeispa. Så luta han seg og skjemdest lel, skulde ha rømt sin veg.
«Han? Han hi æg no snakka med sjøl, ban. Forresten så – han kan ikkj fadervåre hell, han, snakk tull og tosk åt mæg!»
Han hadde komme inn i ei anna verd, med det same Anders var der; han ansa knapt på det, men det var som ingen ting å gå inn og legge seg. Han kom berre til å undre seg over kor lite han hadde komme i hug Anders sea han vart klein; han hadde tenkt mykje meir på Valborg, og ho lest ikkje som ho såg han.
II.
Per sat utpå Stallbakken, det var dagen etter. Det var skinande haustvêr, og allting hadde komme vakkert i hus. Han sat gjerne her om dagane, i godvêre, slik som i dag. Håberg-gjorde låg og lata seg, med byskje og storstein og [199] mosegrodde vollar enno, men der var breie ekrer og hågrønne reinar i millom, det møtte haustsola med slik ein saftig glans, det kunde gjera ein god i magen. Når han tok det for seg slik, stykke for stykke, så kunde han glømme reint bort seg: han var i steinbrytinga att før han vardest, fór og skapte om heile garen. Eg er tenkt til det, sa han med seg sjøl: Han Jens til å vanlaga, og eg til å snu opp ned på det som er, skapa det til. I dag var det ei mose-ekre som arga han, – der dansa visst småkallane kvar einaste natt. – Men rettno fekk ho snu på seg, og steinen fekk ta til å flytte seg, unna vegen, Svartmeisk, her kjem vi! Han hørte alt plogen, han kom fossande som båra innover sandstranda, å det var gut som gjorde åt for utye det.
Men Per kom snart i hug korles det stod til. Det var slut. Hit hadde han komme, men her var det tvert nei. Korles det hadde seg, var han like sæl med. Og no var det snart to år sea kjerringa tok taumane. Det gjekk, det òg; utrulig. Valborg ho var ikkje å snøse åt. Og ikkje såg ho han, og ikkje såg han henne, dei gjekk om-einannan som dei skulde ha vore smurt. Men det var no ein ting å ha, det òg, ei kjerring som ikkje tok tukt!
Det var verst når han råkte folk. Det var ei skamm: Ein ungdom i beste åra, og det ein juviking enda, som gjekk her og drog seg og hadde sott! Han var utpeka for heile bygda – han hadde vorte for stutt. Derfor heldt han seg [200] utor folkeauga. Derfor var det han la i veg austover òg, i gårkveld, han mintes det no.
Best han sat, hivde han ein mosedott ifrå seg, magen var ikkje til å kjenne paa lenger, han stirde ut i vêre med stivt andlet: Som ein tyrk har eg fare åt, og som ein tyrk har Vårherre fare åt, ansles kan ikkje eg få det til!
Etterpå vart han sittande still og rugge på hovude. – Visst det enda var så beint, sa han. Men det er tusen ting, verda er full av mangt slag: det går rundt for meg. Tusen ting imot ein, og ikkje ein å få tak i. Og tak det må eg ha. Fekk eg tak på develsdommen, så skulde eg vel berge meg sjøl!
Per var tungsam å sjå til, der han sat. Han sokk i hop, det var berre skuggen att av han, og gulbleik og skrinn så ingen skulde ha sagt det var han, leppene var blåe som på ein dauing. Men auga var verst, dei var innsokne, og rødlige i leten, men dei stod som eit brennande trugsmål ut i lufta mot både eitt og alt i hop.
Men kva var no dette for slag? Var det storoksen som var laus? Ja det forstår seg, dei har slept han på gnage i lag-med dei andre krøtera, dei gjekk nedi reinane heile buskapen. Og no kjem han settande oppover til vegen med beljing og stygglåt så det kan sette blode i ein; da er det vel kvinnfolk han ser. Dem var han forpikka på, he, – ja det kan ein bli, he he, no renner han i veg så jorda skjelv, no kan dei ta skjørta sine og pakke seg. Per krak seg [201] lenger fram på bakken: Ja ha, der kom det to kvinnfolk, ei vaksi ei og ein veikjunge, og den eldste bar opp kjolen og synte han underskjørte, og det var raudt! Verre kunde dei ikkje gjera han Gustiborg, dei var han forargelige nok utan det, kvinnfolka. Det der gjekk no elles tå fliran, det, for ho var halt, den eine, og smågjenta sleit og drog i henne mest ho vann og kom ingen veg, og oksen var snart innpå dem, – no såg han enda kven det var, ho Ane-Marget Lines og ho Massi. Per tok sprange, han var sterk og lettføtt som med han var gutungen, fann seg ein stein og vilde ta renne nedover bakken. Tyner meg gjer han no vel, sa han, men det får gnu, det; for så stor og olm ein okse hadde ikkje vore i bygda før. Men så vann han ikkje meir, han krøktes i hop og skingla hit og dit, føtene bar han ikkje lenger. Kor i Jesu-namn fór han no åt?
Da ropar det bortanfrå sommarfjøse, eit høgt og berrt mål, eit krigsrop: «Gustiborg!» ropar det, og oksen stoggar ein blink, tok så til og grov i jorda og frøste, – det var Anders som kom springande, han tok seg stein for stein bortover ekra, men rennte like fort for det, aldri hadde Per set ein toføting fara fortare. Kvinnfolka stod som dei var påla fast, og Per med. No tok oksen dem, Per saup åt seg anda som han hadde set eit stygt sår; men i same stunda var Anders der òg. Første steinen råkte i kjaken på oksen, den andre i øyrstolen, endelig [202] small det i horne, men fleire hadde han ikkje, og no sette údyre mulen i bakken og horna beint i Ane-Marget. Anders legg beint på han, er attom han og får tak i rompa; det blir ein dans som ein såg vindkvervelen i snøen. Per skjønna at no var det live om å gjera for Anders, og sjøl kom han ingen veg. Han ropar til kvinnfolka, at dei skal ha seg unna, og endelig tek dei til vettes, Ane-Marget hinkar seg opp bakken og inn; men Massi ho snur seg, bli ståande og vil sjå kor det går. «Spring og hjolp 'n da!» ropar ho til Per, ho er snøkvit i andlete og hakkar tennene, – «han drep 'n!»
Anders har slept take sitt og kutar ned på reina, oksen etter som ei raud rand, der når Anders i steinrauka og er berga, – denne hekkels steinrauka som Per aldri hadde fått dem til å kjøre vekk. Steinen haglar støtt og stridt, oksen blir ståande og legge på hovude, han får ikkje opp auga, endelig syng det i horne att, Per kunde høre det heilt opp, og oksen snur seg unna ein blink, får ein stein til, der det verre var, og kiler i veg på snei bortetter som ei hydd hundbikkje. Anders set etter, finn seg ei sveig, og så ber det vestover gjorde, han stryk han så det er ein lyst, ja, Per kjenner det gjenom heile sin kropp, at no vil Anders tukte illska utor han, han sit og får den same skjelven i seg, at no er han herre og no vil han vera det; – oksen leg opp gong for gong, men først Anders hyttar, skvett han i veg.
[203] No kjem Anders oppover. Per sit og småristar som ein utbløytt hund. Gjentungen står der og snufsar enno, ho veit visst ikkje om det. Da Anders ser på henne, snur ho seg og leitar inn. Ho hadde kvitt hår, og lysblå auga som glømte å blinke; ein fin blå kjole, og raude sokkar.
Anders sette seg attmed faren. Han var i fjortenårsalderen no, og stor som mang ein vaksen kar. Han smilte og smått lo, med han tørka sveitten av panna: Eg trur mest eg gjorde etter han, for det første. Men auga i han var stride, det var slikt kvast eit blått i dem, dei leita ut over jordene, hadde liksom ikkje funne det dei vilde i kast med for ålvor enno. Per såg lenge på dem, og på andlete og heile guten.
Just slik såg han òg ut eingong, det kjente han på seg, slik lang og mjuk var han, og akselbrei, og slike små føter, å det var arti når ein kunde hoppe si eiga høgd jamføttes, – når ein aldri gjekk unna for nokon ein! Men slike frimodige auga hadde han visst ikkje; det vart ikkje slik.
Og no var det så mykje som han Anders som var herre her i garen. Per merka kor det øla og vermte han all igjenom, så nytt og uventa, dei tok og bar han i vêre no. Han Anders. Anders-guten. For det var han sjøl det, ein gong til, kor ein så snudde og vridde det – kom åt meg når eg ikkje er heime! No bar det til snart for ålvor, på ny karvastokk. No kunde dei komme innom; når det var ferdig og i stand her [204] på Håberg. «No kan dokk sjå opp unna tørva, juvikinga, sjå om dokk kjenni att dokk!» sa han. «Her ska dokk få ein spikar å bit ti.» Det var berre så vidt han ikkje slo guten i hovude med kjeppen, så han fekk høre kor traust det skrall i det.
Etterpå vart han mjo og kløkt. No kunde han gå inn og legge seg. Det maura i han, – det lak utor han no, live dei kalla, ja ja, men det var godt å sitte her ei stund enno. Og kom han seg ikkje inn sjølhjelpandes, så stod det ikkje på; enda skulde ikkje kvinnfolka få bry med han.
Fjella dei blåna det finaste dei kunde for han, som eit farvel fekk ein kalle det. Og haustvêre blenka og lokka kor ein såg, sola forgylte lauvlia og håvollen for ein, og skyene dei stod og spegla seg i fjorden dagen til endes; dei var så kvite i andlete, det var Guds fred i dem. Håberg var ein god heim.
«Ikkj sannt, Anders?»
«Jau da. Ka for noko, sa du?»
«Håberg. At det går an her?»
Anders såg på faren, tok han lognt og fast med auga; så såg han ut i vêre og vekk:
«Det skuld æg tru.»
Det var magt i dei orda. Dei kunde flytte eit berg. «Det skuld æg tru!» Per tok dei oppatt og oppatt, inni seg.
Per reiste seg, vilde inn no. Men det vann han ikkje, han seig i hop att, vart liggande og [205] og skjelve, og så bar det i brekkinga med han. Han kom opp med svarte mageblode.
«Gjer aldri det slag, Anders. Det e på tia snart – at ein kjem sæg pund tørva, åt de ander.»
«lkkj å sei det, far!»
«Ska æg gang her som eit anna vanspark æg da? Nei. For no står det ikkj på.»
Anders hjelpte han inn. Han bar han mest.
Per kraup i seng straks. – Det er godt å få legge seg attover, sa han. Senga stod inni stua, og der var frammandkona, ho Ane-Marget, og gjentungen og ho Valborg. Per låg og såg på dem. Han hørte ikkje stort av det dei sa, han hadde så inderlig vondt over seg. – Anders hadde sett seg midt imot han ved andre veggen, og der sat han og var herre i huse. Ørande lite grand blygjen var han, han fekk liksom ikkje auga den vegen han vilde. Å nei, oksar og slikt, Anders, det kan ein klare, men slik ein liten kvinnfolk-unge med kvitt hår, det er noko anna. Ho let auga gå som dei vilde, glømte å blunke med dem, opp over han og ned over han; no trefte dei til å sjå på einannan, men da var dei snare som dei hadde brennt seg. Javisst, Anders tenkte sterkt på å gå ut no, bortom husa ein stad og vera for seg sjøl, – berre gå du far, du kjem ikkje så langt. Var det likt, du sit der du sit, og ser på nevane dine ja, og på golve. Jau da, du kjem til å legge inn nytt golv her, og ho der, ho skurar det og skurar det av alt sitt hjarte, til det er oppflisa og utslite og ventar [206] på eit nytt eit. Dei to ja. Dei kjem ikkje roande heim til han med henne, nå nei, san, – det er dei to ein haustkveld, attom kornstauren i måneskine og finvêre, ho kjem ingen veg, og han stig til og tek henne over armen, he? – og ho bli magtlaus for heile live. Ja. Ho reiser ikkje ragg imot han, så mykje er det. Så bli det stua full med kvitluggar på Håberg, – Per set i eit lite lukkelig støn der han ligg. – Og han Petter, no ser han det òg: Berre ho Valborg sett litegrand gjøt i han, så bli det folk tå han, det feila ikkje det. For den skyld kunde ein gjerne late att auga straks. Ho Valborg, ho slepper ikkje take sitt. Han vart meir og meir glad når han kom i hug henne, her han låg; for ho hadde så godt eit andlet, ho kunde vera mor både for han og dem; – det var det i grunnen ho hadde komme hit for.
Per låg med ein smil nedunder auga; men munnen drog i hop seg tak for tak, og i panna båra det seg rukke for rukke, slik ein ser leira på fjæra sjø. Når det reiv for grovt innvendig, spennte han foten i senggavlen, kleip i åklæe så det knaka i finger-leane. Da fekk Anders det same drage, dei same rukkene vilde fram i panna på han òg.
III.
[207] Per stod ikkje opp meir, og ingen venta det heller. Han låg og hadde det tålig, tykte han.
Valborg gjekk ut og inn som elles. Ho stellte med han så godt ho kunde, men ho såg ikkje på han. Per heldt auga med henne, og undrast: Det var dæken til kvinnfolk som ikkje tok tukt. For-gi han, det kunde ho visst ha gjort, bars det for han; til-gi han, det kunde ho ikkje.
Og det same kunde det vera. For det var så rart når ein låg slik som han. Allting såg ut ansles da. Serlig no, sea han hadde opendaga 'n Anders. Ho trur ho styrer oss, ho, sa han med seg sjøl, og så er det vi som styrer både henne og heile greina. Vi to! sa han og slo handa i sengestokken, – ho var tunn og veik no, berre som ei barnehand å slå med. Men vent no, berre, til han Anders fann på å slå!
Det var ein merkelig givnad han fekk no: Han såg tingane for seg i lyse lufta, det som hadde hendt og det som hende skulde, slik gjekk no det, og slik gjekk det; og støtt var det han Anders han hadde for seg, han var Anders heilt igjenom, levde med han år for år framgjenom tida.
Ja dei hekkels ungane! Dei var som skire sølve å ha. Alt dei fann på no om dagen, så visste han det og var med i det; det kunde grø eit sår.
[208] Kor vel han mintes ein gong med dei var små. Presten var ute og fór ein dagen, skulde sjå til ein klein ein sør i plassane. Da han kom att og hadde vore innom på Håberg, stod gutane ute i garen og var trutne av lått og skøy. Presten spurte kva dei heitte. Per, sa Petter. Pål, sa Anders. Jaså, jaså, Per og Pål, tenk det! sa presten. Petter gjorde store auga nedover mod sjøen: – Eg skal forbanne meg på det er sild fuglen har for seg nedpå vågen. «Hvad siger du!» «Æg ska ferbann mæg på det, sei æg!» Presten kom inn att til Per og var hjartans forfæld, men Per sette i og lo. Han tok dem elles for seg. Det var han Anders som narra meg til det, laug Petter, han såg frimodig på faren. Anders såg tvert ned. Så fekk han juling, han fekk hy-bak så han både hoppa og hinka. Dei gjømte seg attom stallveggen, og Per hørte kor dei lo. Du får ta støyten meir hell ein gong, du Anders, sa han, når han låg her og kom i hug det.
Og slik gjekk det rett som det var. Her ein natta hørte dei eit rammel og eit hjartans rop oppå lofte. Kva det var? Det var han Steffen Storsko. Han fór og såg etter ei taus dei hadde; ho låg på lofte, og der låg gutpåkane òg, – Steffen han låg i framstallen. No stod han der i mørkre innpå lofte og hadde gått seg opp i ein vev med klungerkvist og torskeline og allslags skrammel, ei gammal bøtte hadde han fått i hovude, og no trudde han huse datt ned, han [209] sette i og ropte på gjenta alt han vann, for dette her var trollverk og stygge ting:
«Ele-o – Ele-o-nora, kom og tak imot mæg!»
Ein kvelden i jula kom det ein tiggarfinn slengande; han bad om mat. Tausene var vekk og Valborg var i fjøse. Gutane lova han graut, vilde han vente. Per dorma som snarast, og da han såg opp att, sat finnkallen og åt gryngraut. Da Valborg kom utor fjøse, låg han i golve og rulla seg. Han hadde sett i seg eit fat med rå gryn. Valborg tok hardt til ords, men kallen bad så mjukt for gutane: Dei vilde meg berre vel! – Han kom elles ifrå det med live.
Per gledde seg over alt slikt. Det var liv, dette, og live var ein forunderlig ting.
Ane kom dit ifrå Pålsnese somtid, og Åsel ifrå Juvika. Åsel sa ikkje stort, for det var så ille dette med han Per. Ane ho snakka om sitt, ifrå ho kom og til ho fór. Det er berre nasedropen att av ho Ane, sa Per. – Ja, men han er blank, sa Anders. – Og varig, sa Petter.
Det siste Per gjorde, var at han forlikte henne med arvingane etter mannen hennar. Han bad dem til seg, og tala med dem. «Æg kjem, visst dokk ikkj held fred, æg kjem åt dokk ifrå kjerkgåren!» sa han, og han såg på dem så dei gav seg: slik og slik fekk det bli.
Så hadde han husmennene hoss seg ein kvelden, og sa dem at no vart det han Anders dei fekk ta i hop med. Og han Anders var slik han, at var dei vislige, så var han det òg.
[210] Han såg på Anders, da han hadde sagt det. Det hadde vorte til det litt medkvart, at Anders måtte vera i nærmunom; men da var han òg så open og trygg som han aldri hadde vore. Sistpå måtte Anders vaka over han natt som dag. Slik vilde dei det båe to.
Nættene vart så lange for Per, for han mista sømnen. Ein rar ting – slik hadde ingen ligge før. Lange tider låg han og lya. Natta vart så levande. Allting fekk tone ute i mørkre, og allting så hørte han det og skilde det. Det var vinden først og fremst, gamle vinden som fór her og gjekk frammed veggene og vilde inn. Per sakna han når han vart borte. Der stod husa og snakka med kvarandre. Og der var fjella, og der sjøen. Jorda låg på ryggen og song. Og bortglømte fossen han tala så trutt, tala med natta og med seg sjøl. – Somtid hadde han stjernene. Der hang dei to; den eine beint nedunder den andre. Og slik all himmelen utover; dei skreiv og dei pekte, hit og dit. Å, Anders, det er ein konst og ei bør å leva – kor det vart tå deg, Anders? Så var det berre mørkre att. Det stod der tålmodig og bia – kom han ikkje snart? Å jau; rettno så.
IV.
Endelig bar det i veg. Det var ei måneskins-natt, slik som den gongen faren døde. Åsel hadde komme hitover tidlig på kvelden, det var liksom ho hadde det på seg korles det stod til.
[211] Per tok til å kvinke og bera seg i kveldinga, slik han hadde gjort det ofte i det siste: Kan du ikkje sette meiar under vogga mi, Anders? Du ser da vel eg ligg her som eit litebarn. Kan du ikkje bera meg ut på bakken i sola da, eg ligg her i svarte kjellaren. Men så manna han seg oppatt og var fullt med seg sjøl. – Trur du det, Anders, at dei har ligge slik nokon av dei andre og visst det skulde berast i veg med dem? – Nei, Anders visste ikkje å seie av det. Nei, smilte Per. Ingen av juvikingane har prøvd det her. Og no, Anders, no ligg eg og tenker. He? Når kroppen sluttar, ser du, da byner tanken. Og han er sterk. Går gjenom digre fjelle. Eg ser alt i hop. Eg ser deg som eit stort tre framfor meg, Anders. Ingen ting å vera urolig for. Du og eg, ser du!
Men straks Anders var utor syne, seig angsten på han: Det ropar så kaldt ute, kva det er? Kor det vart tå deg, Anders? Eg ligg her blett mo åleine; på ryggen; kan ikkje snu meg. Alle i hop – har gått sin veg.
Anders bøyde seg over han og snakka han til rettes:
«Slik. Så bli det likar ska du kjenn.»
Og Per kvinka med lyst barnemål:
«Jahaha! No vart det godt å vara mæg! Men korles trur du det går med 'om Jens?»
Åsel sette seg på senggavlen hoss han. Ho var bleik som fådd lin, og Per kjente henne ikkje straks. – Enn om vi henta presten, Per?
[212] «Presten? Ja ja, det gjord no vel alder nokon umon.»
Ja, for så kunde han tilstå det som det var, med han Morten Aune og alt som tyngde på han.
Tyngde på han? Han såg etter Anders, fekk tak i auga hans: Det er ingen ting som tynger pa meg – var det likt! Han samla det som fanns att av magt, og reiste seg på ålbogen: Nei, Asel, eg skal fortele deg ein ting. Det var Herrens hånd , ban, som eg kom ut for. Herrens vældige hånd . Den kunde eg vel ikkje stå imot, kunde eg det, Anders? Eg ser det i stjernene og i alt som er – han Anders og eg. Dermed snudde han seg ifrå henne. – Nei, Anders, eg ligg her med æra. Småkallane og finn-ganne og alt det der, det har si magt. Og vi har vår. Men kjem vi ut for han , da bli vi for veike. Og no skal eg ta staven og gå. For no ser eg ingen annan ting enn deg framfor meg. Du likna ein stor hegg, Anders, både med blomster og med ber – no tek vi til på nytt, Anders!
Men Asel kunde ikkje sleppe han. Ho runda ryggen, ho var nærpå å gråte: – Men enn om du prøvde å be aldri så lite granne til Vårherre, Per? At han skulde tilgi deg alt i hop?
Han såg på henne, og frå henne til Anders att, vart meir og meir urolig, til Anders møtte han og vermte opp han med auga. – Ja, det var no inga skam, sa han. Åsel vart glad, ho tok i handa hans. Men han drog henne til seg att. Ein kunde sjå det gjekk for seg noko i han.
[213] «Nei. Æg vil ikkj. Æg vil heller – – li straffa mi. Vi e ikkj tå di folkslagji. Ikkj sannt, Anders – æg trivst best i lag-med dem. Og rett ska vara rett. Æg vil døy med æra, Anders! Dem vil det slik.»
Det vart stilt i stua. Åsel reiste seg, og gjekk og sette seg på ein krakk. Valborg sat bortmed omnen. Ho darra og skalv, men det var ikkje av rædsla; ho var hatig på Åsel, at ho kom og tok på han Per slik, og no smilte ho kaldbleikt til henne: Der kunde ho høre, han var ingen småmann! Ho hadde set kor liten han var, og det var hennar lukke; dei nådde ikkje oppunder akslene på han dei andre lel.
Åsel gjekk på lofte og la seg. Dei skulde vekke henne om noko kom på. Valborg la seg bortpå senga si. Det gjekk time etter time. – Er du der, Anders? spurte det frå Per gong og annan.
Og så kviskrar han fort og rædd:
«No må du hald-ti mæg, Anders, det ber i veig no! Nedover bakkan, utover fjelle – kan du ikkj hald-ti mæg urliti!»
Han vart liggande og harkle og pipe, ein time og to timar; det var ei æva det stod på. Best det var, lo han litt:
«Han Morten står utom veggjen. Agt dæg du, at ikkj 'n Anders kjem ut åt dæg! – – Der kakka det i veggjen åt mæg, hord du det, Anders?»
«Det va du sjøl, berreste; slik gjord du.»
[214] «Ja sei du det?»
Han levna til, så forunderlig at Anders visste knapt kor han skulde ta att seg.
«Men ka det e, far, vil du sug på handa mi?»
«Hm, nei, det va – – no ikkj slik hell.»
Anders stod som han var brennt. Faren hadde kyst han på handbaken.
«Men hald ti mæg no – – trur du vi kjem over, Anders? Æg hi vøri ne-i bårdalen all min dag – no ber det oppover – kor det vart tå dæg? Det va slegta som fløtta mæg hit, Anders! »
Det var det siste han sa. Anders heldt lyse framfor han, og venta til det ikkje blykta lenger. Da klemte han i hop munnen på han, og sette fingeren på augelokka.
Valborg sov borti andre senga; ho hadde ikkje fått sove skikkelig på mange nætter. No vakna ho, og sette seg over ende. Ho såg berre på Anders, og han mumla som eit ja.
Ho sat i senga. Han borti benken. – Nei, det var stilt ute. Ei still og lys natt. Eit lite vinddrag pusla i skogen og sveiv bort. Det tuta ikkje hund. Det tassa ikkje klodyr frammed veggen. Det var Herrens hånd . Og ho gjer det stilt i lufta. Valborg glømte at Anders var inne.
«Slik vart no det,» sa ho. «Det æg undra mæg så på, den gongjen æg fløtta heimant. – – Men Vårherre han veit kofor han skuld høggast ned.»
V.
[215] Lines'n var vert i det gravøle òg. Han stod breiare i døra og tok imot gjestene enn han hadde gjort nokon gong før, og aldri hadde han humra så godhjarta over kvar drammen, og aldri drukke så trufast med kvar og ein. Han tok i så han vart heit av det, men enda fekk han ikkje mote opp i folk. Dei visste ikkje korles dei skulde ta det. – «Nei, kara,» sa han, «no får vi bort på bure og sjå om 'n Per; dokk val bli med som vil; det e ingen tvang: den som ikkj vil han ska.» Dei kom sigande stilt etter han, og like stilt seig dei til bake att. Og dei åt og dei drakk, og like vart utsonge, og klokka ringte over det, dei kom att og var ved borde på nytt, gjorde sine ting som dei skulde, slik, stua vart i eitt surr med snakk sistpå. Men det var ingen tone i folk, sa Lines'n, der var bjølle men ingen kolv. Det var vel så si sak, når dei ikkje kunde tru han var død, han dei heldt gravøl over. Det var ikkje det at dei stussa på kor han Per var, for det om han døde føre tida si; han var vel der han skulde vera; men kva skulde dei seie?
Andre dagen lettna det, da dei var til bords siste gongen. Da sette Anders seg ved øvste bordenden, tok romme sitt, som skikken var den tida. Han var herre i huse no.
«Dokk val vara velkommin åt bordi da, folk!» [216] sa han. «Og takk, all i hop, som va med 'om far sist fara. Han skuld ha havt eit likar gravøl; men vi formådd det ikkj ansles.»
Han sa det som ein fullvaksen ein. Først såg dei litt langlet på han, og mora vart ille ved. Men etter kvart som dei møttest med auga hans, seig dei til ro. Han smilte ikkje, han vart ikkje raud eingong, han sat med knivskafte mot bordplata, og blunka med sterke auga borde rundt: dei skulde vel ikkje sitte her og skjemmast? Dermed tok han til med maten, og det same gjorde dei. Det var som ei ny stue dei sat i.
Han stod utom døra og tok dei i hand, alle saman, etter kvart som dei fór.
Det vart til eit lite sagn i bygda om han Anders på Håberg: Det var vaksen kar til gut ja. Han tok romme sitt, og han fyllte i det. Det og det sa han ved borde etter faren; det vart til ei lang lekse med gode ord, etter som det gjekk frå mann til mann. Per var det snart ingen som kom i hug meir.
- Rechtsinhaber*in
- ELTeC conversion
- Zitationsvorschlag für dieses Objekt
- TextGrid Repository (2023). Norwegian ELTeC Novel Corpus (ELTeC-nor). Juvikingar ELTeC-utgaven. Juvikingar ELTeC-utgaven. European Literary Text Collection (ELTeC). ELTeC conversion. https://hdl.handle.net/21.11113/0000-000F-F60D-E